Kristian fortel 7

Radio i huset 

Det var meir vanleg med batteridriven radio enn telefon på Sønstabøgardane før straumen kom. I vårt hus var det ikkje radio. Far kjøpte ny radio av merket Høvding før han kom heim frå vintersildfisket våren i 1951. Apparatet stod på vent mest eit år før det kunne koplast til vekselstraumen som då kom i huset. Radioen hadde trollauga som lyste når han hadde vorte varm, og som synte når søkepila sto rett innstilt på sendarstasjonen. 

Far har fortalt at det første han høyrde då han fekk stilt inn på Stavangersendaren på mellombølgje, var songen «Ingrid Sletten av Sillejord» Han meinte det var litt av eit tilfelle at det skulle vera ein song om ei med same namn som kona hans, sjølv om teksten i songen ikkje passa med mors skjebne. 

Det er ikkje råd å overvurdera den rolla radioen hadde som kulturspreiar på femtitalet. Radioen vart vegvisaren frå den lokale kulturen og ut i den nasjonale og internasjonale. Så snart straumen kom, vart det radio i alle hus på Sønstabø. Det var berre ein norsk rikskanal. Var lyttarforholda gode, kunne me også få inn Bergen lokal med barnetime om Kallemann og Amandus, tante Amalie og Tobias. Sverre Erichsen var mannen bak alle stemmene. Barnetime vart også send på riksnettet, om morgonen for dei minste og laurdags ettermiddag for dei større. 

Mange av programpostane i NRK på kvardagane var like frå dag til dag i fleire år. Her frå januar 1954: 

8.00: Dagsnytt og aktuelt
8.15: Andakt
8.35: Melding til husmødre
(Fem minutt for husmødre)
8.40: Barnetimen for de minste
9.00: Pause
11.20: Valutakurser
11.25: Været til sjøs
11.35: Hus og heim
13.00 Vær, dagsnytt og melding om fiske
16.30 Minemelding og kulingvarsel 

Innimellom og om kvelden var det andre program, mellom anna klassisk musikk og kåseri. Skulekringkastinga kom på femtitalet med sending om føremiddagen, rekna for skuleklassar på ulike trinn med biletseriar i eit hefte som vart laga for kvart semester og delt ut som klassesett. 

For meg var Barnetimen for dei minste det store dei to første åra me hadde radio heime: Torbjørn Egner, Alf Prøysen, Anne Cath Vestly, Marie Takvam, Kirsten Langbo, Else Wildhagen, Helge Sverre Nesheim, Alfred Hauge og Berit Brenne. Berre eg ser og høyrer namna, høyrer eg ennå dei karakteristiske stemmene til kvar av dei. Egner, Prøysen og Vestly fengde mest. Wildhagen var alltid så lite engasjerande at det mest ikkje var verdt å høyra etter, og Nesheim var heller ikkje så spennande å høyra på. Snart flytta interessa seg over på Lørdagsbarnetimen. Her var det høyrespela og laurdagsbarnetimeboka eg brydde meg om, og dette programmet høyrde me på til langt opp i storskulen. 

Minemeldingane kom dagleg dersom det var funne miner i sjøen: «Drivande mine observert i sjøen vest for Stolmen, 80 grader, 2 minutt nordleg lengde og 5 grader, 13 minutt vestleg bredde. Mina flyt tungt i sjøen og kan vera farleg for skipsfarten.» Meldingane kom til langt ut på femtitalet. 

Dei mest populære programma gjekk ein gong i veka. Programmet både ungar og vaksne i alle aldrar høyrde på, var Ønskekonserten som vart send på måndags- kveldane ein time frå kl.19.35. 

Då me gjekk i første klasse, og hadde Jofrid Austrheim som lærarinne, hadde me basar til inntekt for Radiogavefondet som gjennom Ønskekonserten samla inn pengar til radioapparat til verdig trengjande. Det vart bestemt dato for basaren, men Karl Johan hadde teke feil med ei veke. Difor kom han for tidleg berande på den flotte fyrstekaka som mor hans, Kari, hadde baka. Lærarinna og me elevar var samde om at ho kunne stå på toppen av materialskapet i klasserommet til basaren skulle haldast om ei veke. Det kom inn 101 kroner på loddsalet, og klassen hadde som ønskeplate Ole Lukkøye. Klokka halv åtte påfølgande måndagskveldar benka dei som hadde radio seg framfor apparatet, men klassen vart aldri nemnd i ønskekonserten, sjølv om plata vart spela med helsing frå andre enn oss.  

Det vert fortald ei vandrehistorie om at då Anders Helle, som på den tid var bussjåfør i HSD, vart forlova, måtte bussruta på måndagskvelden utsetjast ein time fordi han skulle høyra Ønskekonserten i lag med kjærasten. 

Frå 1955 dukka Rolf Kirkvaag opp som programleiar for «Det spørs». Det var ein spørjekonkurranse som engasjerte også på Sønstabø, og som vart diskutert når folk møttest. Mormor sa at han av og til kunne vera litt for flørten med damene som stilte opp («for all del, bare kom nærmere!»), men ho likte programmet. 

Dei vaksne følgde også med på dei faste laurdagsprogramma. Særleg var dei begeistra for «Rundtomkring», som først vart sendt i 1951 med den blide sørlendingen Leif Rustad som programleiar. Eg kan ennå hugsa strofa frå songnummeret som innleia programmet: Midt oppå toppen voks der ingen ting, bare rundt omkring, bare rundt omkring. 

Det var i dette programmet Halfdan Hegtun lanserte Even Brattbakken. Hegtun var ein glimrande sportskommentator på denne tida, før han slo seg på politikken og vart stortingsrepresentant for Venstre. 

Sportssendingane samla og folk rundt radioen. Det var særleg vintersport som interesserte. Eg var for ung til å følgja med då Hjallis i 1951 vart blenda av blitslampen til dagbladfotograf Bruun på 10000-meter og øydela skeiseeggen og Hjallis fekk gå opp att, men eg hugsar godt at dei vaksne diskuterte om det var rettferdig. 

Vinterolympiaden i 1952 hugsar eg heller ikkje mykje frå, men frå og med VM på ski i Falun i 1954 var eg fast lyttar på sportssendingane i radio. I 1955 skulle Bergen arrangera NM på skeiser. Vêret var flott først i veka, men laurdagen kom det sludd som gjekk over til regn. Då radiooverføringa var slutt og alle dei beste para var i mål, leia Knut Johannesen. I eit av dei siste para på 5000-meteren vart vêret betre, og Per Ødegaard, ein løpar få hadde høyrt om før, gjekk inn til beste tid – 9.15.2. Tidleg neste morgon reiste løparane med tog til Voss. Meisterskapet vart avslutta der under gode forhold, og Knut Johannesen tok sitt første meisterskap. 

Eg skal stoppa med radiosporten her. Ennå hugsar eg namn på arrangørarenaer og vinnarane frå dei fleste skeisemeisterskapa på femtitalet. Det same gjer dei fleste av mine jamgamle. Mange av oss har vel den dag i dag eit hefte med rundetider liggjande på loftet. Spør du meg kven som vann i fjor, hugsar eg det ikkje. Dersom seinare generasjonar skulle vera interesserte i namn og resultat, er alt dokumentert på nettet. 

Med tida var det radioteater, frå først av krim, som var det kjekkaste med radioen. Godaften, mitt namn er Cox, med Arne Lie som Paul Cox og Bjarne Andersen som den mystiske drosjesjåføren Richardson, var fantastisk. Stykket gjekk laurdagskveldane i 1955. Eg var elleve år, og ein gong utsette eg reisa til basaren på Meling bedehus til episoden var over. Der hadde eg ein lang samtale med Jon i klassen. Dette var om hausten, mot slutten av serien, og Jon meinte Mr. Peacook var mordaren, og fekk rett. 

Etter kvart kom interessa for klassiske og nyskrivne seriøse stykke. Dette var grunnlaget for ein livslang kjærleik til teateret, men så fantastiske scener som dei eg høyrde i radioteateret dei åra, har det seinare vore vanskeleg å oppleva i eit teaterbygg. 

Frå 1958 var ikkje NRK einaste kanalen me lytta på. Om sommaren kunne me på Sønstabø få inn gode radiosignal frå Færøyane dersom vêret var fint. Tidleg søndag ettermiddag sende dei ønskekonsert. Der vart det spela meir av den nye popmusikken enn i den norske kanalen, og me kunne skjøna ein god del av det som vart sagt. BBC1 på langbølgje var trufast å ta inn, også på dagtid. Radio Lux var meir lunefull. 

Loading