Kristian fortel 4

Kilenotfiske etter laks 

Havfiske etter laks var også etter krigen ei pårekneleg inntektskjelde for bruka på sønstabøgardane i form av landslut. Då eg var liten, var fangstrettane leigde ut til fiskarar frå Herdla. Dei budde i ei lita skøyte som låg fortøygd i nordre del av Komlesundet, på øysida. Dei kom om våren og festa ilesteinane til nøtene i land med solid galvanisert ståltråd, som vart kalla laksestreng på våre kantar og var same sort streng som vart brukt øvst og nedst på vanlege nettinggjerde. 

Grunnen til at laksefiske kunne gi inntekt utan innsats, var at grunneigaren hadde rett på 3 % av fangsten sin bruttoverdi dersom reiskapen var landfast. Landsluten vart delt likt mellom bruka med justeringar som kom av kjøp og sal av delar av einskilde bruk etter ei bestemt utskifting. Sønstabølandsluten skulle først delast i 18 like partar. Dei fleste bruk fekk ein part, mens andre skulle ha 3⁄4 delar og nokre 1 1⁄4 del. 

Laksenøtene sto på fast plass år etter år om ikkje dei som leigde landet bestemte å ikkje setja nøtene på ein av dei aktuelle plassane. Nøtene på sønstabølandet var plassert slik, frå nord til sør: Gulå, Søra Svartøynå, Høgableikjå og Nyvingane. 

Fisket var freda frå fredag kl. 18:00 til måndag ettermiddag. Både fly og oppsynsbåt kontrollerte at fredinga vart halden. Medan kilenøtene på sønstabølandet fiska best i sønnavind, ønskte dei som hadde nøter på neselandet, nordavind. 

 434 total views,  1 views today