Kristian fortel 3

Auren i Storaveitå

Storaveitå starta oppe i Sevjedalen, passerte Kjeldedalen, rann i holveit i delar av Krekamyrå, var open og steinsett på kantane gjennom nordre dalen før ho gjekk inn i den store holveita farfar hadde laga på Storedalen hos oss. Vidare rann ho open gjennom Magnusdalen og bakkane til onkel Johannes og Emil på Dalen, og munna til slutt ut i Sekk. Før veita rann ut i sjøen, vart ho utvida med to små laguner med nokre centimeters høgdeforskjell. Dei vart kalla Storahavet og Litlahavet. Storahavet var den øvste laguna. Ved springflo gjekk sjøen opp i begge. Dei var under ein halv meter djupe ved normal vasstand. 

Far drenerte Krekamyrå på nytt. Under arbeidet fann han to store ryggkvervlar frå ein kval. Dei var om lag 30 cm i diameter og hadde restar av ribbeina på. Ettersom resten av kvalen ikkje låg der, kan det tenkjast at kvervlane var brukte til å stå på for han som først dyrka myra. Det var lenge før folk gjekk med gummistøvlar. 

Ein gong hadde eg fått eit alelam av farfar. Eg gav det mjølk av flaske den første tida, men om sommaren gjekk det på beite i Strussøynå. Etter håslåtten vart sauene henta heim og gjekk på innmarka. Etter ei tid var lammet borte. Me leita både på innmarka og i utmarka og på nabobruka utan resultat. Forklaringa fekk me etter første haustflaumen. Då kom lammet rekande ut i veita på Magnusdalen. Det hadde beita på graset i skråninga ned mot den steinsette veita på nordre dalen, falle uti utan sjanse til å komma opp, og vorte ført med vatnet gjennom den ca. to hundre meter lange holveita på den store dalen. Eg skreiv stil om hendinga den gongen oppgåva var «Mi første sorg». 

Det gjekk aurekyte og små sandflyndrer heilt opp til brua over veita på Magnusdalen. Brua var på vegen opp til åkerstykket som låg opp den bratt bakken mot utmarka i aust. Me kalla den tidlegare åkerlappen for Olestykket, ettersom me hadde høyrt at Ole hadde planar om å byggja hus der. 

Den tid det var råd å bøya knappenåler til fiskekrokar utan at dei brotna, fiska eg frå denne brua med makk på kroken og fleire små flyndrer beit på. Nokre vart kattemat, men eg var tidleg ute med det som no vert kalla «catch and release.» 

Om hausten i flaumperiodar gjekk det stor sjøaure opp i Storaveitå for å gyta. Opp til brua på vegen bort til onkel Johannes var det sandbotn med restar av skjelsand, og dermed gode gyteforhold. Dette var før freding av gytande aure vart teke på alvor, og særleg tvillingane drev intensivt aurefiske i Storaveitå. Eg hugsar at dei ein kveld fanga sju store sjøaurar i Storahavet. Fisket føregjekk helst om kvelden med ei sterk lommelykt som viktigaste reiskap. Auren vart fanga med lystring, dvs. ved hjelp av ein lystregaffel med skarpe tindar med mothake. Dersom auren var kommen lenger opp i veita og hadde starta gytinga, vart han fanga med «kitling». Då og var lommelykta viktig for å paralysera fisken. Han som skulle fanga auren, la forsiktig eine handa bak ved sporden og strauk/kitla forsiktig framover mot hovudet. Då var det tid for å ta eit hardt nakketak og få fangsten på land. 

Det vart slutt på gyteoppgangen i Storaveitå då det vart sleppt ut silosaft frå bruka på Nordtun og Sønstabø. I dag er heile veita lagd i røyr. Storahavet og Litlahavet er dekte av Hiskavegen. 

Loading