Kristian fortel 22

Solformørking 

Avisene hadde i god tid fortalt at 30. juni 1954 ville det vera total solformørking over heile landet. Det ville gå 172 år til det skjedde igjen. Forventninga som bygde seg opp, var stor hos dei vaksne, men ikkje mindre blant oss ungar. Eg skulle verta ti år to månader etter. Synet kunne ta skade av å sjå direkte mot sola før ho vart skjult bak månen. Bruk sota glas, var eitt av råda som kom. Me knuste blanke flasker og fekk passe store skår som me sota og prøvde å sjå gjennom. Me såg meir sota glas enn sol. Det kom også av at det var eit lett skylag framom sola. Me var nokre ungar som etter avtale samlast i Steinshaugen. Eg kan ikkje hugsa så mykje av kva som skjedde, bortsett frå at det vart gradvis mørkare, mykje raskare enn naturleg mørkning, og at det til slutt var mørkt som om natta. På same måte vart det gradvis lysare etterpå. Dei fleste av oss var nok litt skuffa ut frå kva me hadde venta oss. Me hadde vel venta meir kontrastar og dramatikk, og det hadde me vel fått hadde det ikkje vore for skylaget som etter kvart vart tettare. 

Far har seinare fortalt at han var på brislingfiske i Hardanger den dagen, og at dei låg ved kai. Det han hugsa best var at fuglesongen stoppa opp, og at det var så stilt. 

Loading