Kristian fortel 21

Du laurdagskveld… 

I uminnelege tider, før ordet ungdom hadde festa seg som namn på ein fase i livet, har unge samlast når dei hadde fri. For dei fleste var fritida avgrensa til laurdagskvelden og søndagen. Debutalderen for ungdomstida varierte, men dei som skulle konfirmerast eller nett hadde vorte konfirmerte, var hovudgruppa blant debutantane. Kor lenge tida varte vart avgjort av om dei enten vart forlova og gifte, eller etter mange år som einslege følte seg utbrende og utstøytte. 

Far har fortalt om ein mann på Nese. Knut i Veien vart han kalla heile sitt liv fordi han budde i Veien og ikkje på Haugen eller i Dalen som var andre plassar på Nese. Det vart sagt at då han kom litt opp i åra, låste faren døra då han gjekk ut laurdagskvelden, og han slapp ikkje inn før midnatt. Det var eit ekstra press han fekk på seg i strevet med å finna ei jente han kunne dela resten av livet med. Eg hugsar kona hans, og har dermed bevis på at han lukkast til slutt. Om faren skal ha noko av æra, er heller tvilsamt. 

Som unge høyrde eg dei vaksne snakka om Hessvollen og Olakjosen som møteplass laurdagskvelden. Olakjosen kjenner alle til også i dag som krysset der vegane frå Meling, Urangsvåg og Svortland møttest på nordvestsida av Olatjørna. Hessvollen er der Meling skule no ligg, på høgre sida av vegen ned til Bjødledalen sørfrå. 

Slik eg har fått fortalt, var det ikkje noko redigert opplegg for kva som skulle skje i Olakjosen laurdagskveldane. Det var prat, latter, drikking frå flaska, litt knuffing og slåssing, trekkspelmusikk og av og til dans. Dersom det amorøse og meteorologiske trykket var samstemt, kunne det også liggja til rette for engelsk. 

Det som gjorde mest inntrykk som unge, var å høyra forteljingar om galne gutar som kunne ta for seg syklane som stod i vegkanten og kasta dei frå berghammaren som stakk ut og luks ned i Olatjørna. Då var det ikkje anna å gjera enn å venta til det vart lyst og prøva å sokna etter sykkelen i vatnet og få han på land. 

Då eg vart konfirmert i 1958, var Svortland samlingsplassen for ungdom frå heile Bremnes kommune. For dei som budde lengst vekke, som i Hiskjo og på Goddo var det vêret som avgjorde om dei kunne møta fram. Dei måtte i båt til Urangsvågen eller Mælandsvågen og i tillegg gå eit stykke. Gåsetrekket var vesentleg kortare enn den vegen mange av oss andre måtte gå eller sykla. 

Alternativet om sommaren var danseplattingen på Våge der Bømlo Folkehøgskule no ligg. Her samlast også ungdommar frå Bømlo og Moster. For å komma dit, måtte me kjenna nokon med sertifikat som disponerte bil eller motorsykkel. Då er me over på sekstitalet. Nokre gonger reiste me dit med ei tresnekke. 

Dansen i ungdomshuset på Moster hadde eit litt tvilsamt rykte. For å komma til Moster måtte eg og kjenna nokon som kunne køyra. Det vart nokre få turar bakpå motorsykkel til mostradansen for meg, men eg dansa aldri fordi eg ikkje hadde lært kunsten. Det heiter at graset er grønast på andre sida av gjerdet. Me bremnesgutar syntest jentene på Moster var finare enn våre. Dei eldre fortalte historier om farane som dukka opp på laurdagskveldsekspedisjonar til Moster. Generasjonen før oss måtte passa seg for «Vågskjempa», og i mi tid var «Erik Blodøks» på slutten av sine velmaktsdagar som slåsskjempe. Begge var myteomspunne, men eg opplevde på ein av mine få turar til ungdomshuset å sjå Eirik Blodøks springa etter ein stakkar, men ramma var meir skrål, skrik og knyttneve enn blod og øks. 

Svortlandstreff laurdags- og sundagskvelden var ein heilårsaktivitet. Dei som kom frå Mælands- og Melingsgardane brukte sykkel første del av vegen. Eg parkerte sykkelen min i Olakjosen av strategiske grunnar. Dersom eg skulle fylgja ei jente heim til for eksempel Urangsvåg eller gardane der omkring, var det upraktisk å ha sykkelen ståande på Svortland. Eit år hadde eg «fast følgje» med ei jente frå Fylkesnes. Då passa det godt å ha sykkelen ståande i Bankbrekka. 

Jentene bruka sjeldan sykkel. Dei måtte difor starta tidlegare heimanfrå for å rekka fram samstundes med gutane. Jentene gjekk alltid to eller fleire i lag, medan gutane godt kunne leggja i veg åleine. Dei som hadde tent pengar på fiske, kunne sjå seg råd til å investera i motorsykkel. Mellom 16 og 18 år var lett motorsykkel – opp til 125 kubikk, tingen. Når ein fylte 18, kunne sykkelen bytast i eit tyngre kjøterøy, ofte 175 kubikk. Dei vanlegaste merka var Tempo og Java. Eg fekk aldri min eigen motorsykkel, men eg fekk sitja på dersom sykkeleigaren ikkje hadde ei eksosrype å by fram setet til. 

Føraren hadde som regel hjelm, skinnjakke, støvlar og nyrebelte, men om ein var tilfeldig passasjer, fekk ein klara seg utan slikt ekstrautstyr. På slutten av femtitalet kledde me oss opp på laurdagskvelden, dvs. dress med kvit skjorte og slips, og frakke utanpå. Hatten hadde gått av mote fem år før. 

Om vinteren skifta temperaturen på kort varsel. Me kunne starta heimanfrå med regnbyer, men så kunne det klårna raskt opp og gå over til frost. Dersom du sette deg på motorsykkelen med vått hår i slikt vêr, kunne du stiga av med stivfrose hår, og det var ikkje mykje følelse i leggene i skiljet mellom sokkane og buksa der vinden bles rett inn på naken hud. 

Den beste karakteristikken av kva som skjedde ein laurdagskveld på Svortland på slutten av femtitalet, var at det skjedde fint lite. Det var fullt av folk som enten sto i små grupper eller gjekk sakte fram og tilbake mellom pensjonatet til Hurtig – seinare Sunnhordland Hotell – og nordover så langt som der vegen gjekk ned til kyrkja. To små grupper kunne støyta på kvarandre og stoppa opp. Gjerne to gutar og to jenter. Stoppet kunne vera stutt, berre eit «Hei, de e ute å svive» og så eit «Ha det» før gruppa løyste seg opp. Andre gonger kunne gruppa gå vidare i same retning, tause eller med snakk og latter. Neste steg kunne vera at ein gut og ei jente gjekk ut av flokken og tok ein tur på eiga hand. Neste helg kunne ein møta på dei same to, denne gongen leiande på kvarandre, meir eller mindre sjenerte i møte med resten av flokken. 

Det som skjedde på Svortland ein laurdagskveld, kunne også karakteriserast som ein strengt regissert sakte ballett der regien vart utforma av usagde og uskrivne sansingar og forflytningar, av noko som låg i lufta. Ikkje alle aktørane var like dyktige til å ta regi. Var ein for ivrig, kunne avvisinga kjennast smerteleg. På den andre sida: Mang ein gut eller jente har nok i ettertid fått høyra at den du var så inderleg forelska i, men verka uoppnåeleg, hadde gått rundt og vore interessert i deg, utan at du tok signalet. 

Typisk for dei som i denne «pardansen» vart eit par, var at dei som regel kom frå kvar sin gard eller bygd. Gutane frå melingkrinsen syntest jentene der var så alminnelege at dei ikkje vekte særleg interesse. Dei hadde hatt omgang gjennom heile folkeskulen og vorte ein del av kvardagen. Laurdagskvelden var noko anna. 

Det burde ikkje gå for lang tid frå to tok til å leiast, til guten måtte følgja jenta heim. Regelen var første kvelden. Som oftast gjekk vegen i motsett retning av gutens heimveg. Frå Svortland til Gilje, Urang eller Innvær er det drygt å gå, særleg om det regna og bles. Kva vart så løna for han når dei var framme? Det varierte sjølvsagt frå par til par, men også frå gong til gong. Dersom paret gav seg tidleg på heimveg, og veret ikkje freista til mange ekstra stopp, kom dei fram før foreldra hennar hadde sløkt lyset og gått til sengs. Då var det praktisk å ha eit uthus å søkja ly i til det vart mørkt inne. Så kunne dei unge erobra huset, og foreldra kunne med lette høyra på knesten i dørene at dottera var vel heime. På kjøkenet var det ennå att mykje av kaka eller bollane som var bakte til helga. Kaffien vart sett på, og det vart dekka til to på salongbordet. Radioen vart skrudd ned frå Stavanger til Radio Luxemburg, begge mellombølgjestasjonar, på lågaste styrke, og verda var god og livet godt. Kva som etterpå vart sagt og gjort i sofaen, høyrer ikkje med i denne soga. 

Enten kvelden hadde vore sånn eller slik, guten måtte før eller seinare gje seg på heimveg. Det betydde at han bokstaveleg måtte ta beina fatt. Nokre gonger hadde det gjennom natta klårna opp slik at fullmånen kom fram. Då kunne ein syngja dei «poppaste» melodiane frå Radio Lux av full hals, for vegen hadde ein åleine heilt til ein møtte einkvan som var ute i same ærend, men som kom motsett veg. Tommy Steel og Ricky Nelson måtte finna seg i å bli radbrekt på bømlaengelsk utan komp. 

Andre gonger hadde veret snudd frå regn til sludd. Då var det å bita tennene saman og vona ein nådde sykkelen i Olakjosen før væta hadde trengt gjennom frakken. Antiklimaks ein slik gong var å møta far på sykkel i Mila. Han hadde vorte oppskremd og utskremd av mor som hadde lege vaken og anka på sonen som var så sein. Det fine var at det vart eit fint møte. Han var ikkje sur, men sa han forstod meg og hadde ikkje vore uroleg, men han var tvinga ut. 

Ein meir komfortabel variant av seinpubertetmøte mellom kjønna vart meg til del konfirmasjonsåret. Nokre av dei mest fremmelege jentene inviterte i tur og orden til heimeåleineselskap på kveldar då foreldre og søsken frivillig eller ved overtaling hadde forlate huset. Måltidet var enkelt og snart unnagjort. Hovudposten var å leika kyss, klapp og klem. Eg hugsar ikkje heilt spelereglane, men det var ein variant av stolleiken. Lyset vart sløkt i stova og gutane plasserte i det som fanst av lenestolar og sofaer med ei jente på fanget. Det må ha vorte invitert ei jente meir enn det var gutar. «Tiloversjenta» skubba ei av dei plasserte jentene bort frå gutefanget, og oppfordra guten til å gje kyss, klapp eller klem. Nokre av gutane fekk hyppigare vitjing av nye jenter enn andre. Kven som var mest nøgd veit eg ikkje. Kan henda var det den guten som ikkje var mest i vinden og som difor vart sitjande med same jenta på fanget storparten av leiken utan å verta forstyrra. Ein variant, eller kanskje var det hovudregelen, var at det var like mange jenter som gutar i rommet, og at jentene fritt kunne velja gut ved å reisa seg og visa bort jenta frå fanget ho sjølv helst ville sitja på. Korleis det enn var, eg oppfatta det slik at det var jenta som var den dominerande parten, tiår før me hadde høyrt om kvinnefrigjering og feminisme. 

 331 total views,  1 views today