Kristian fortel 17

Brytningstid 

Me var den første generasjonen i bygda som fekk vera ungdommar i tydinga av at det ikkje var venta av oss at me skulle rett ut i arbeidslivet etter konfirmasjonen. Ein del av oss kunne til og med identifisera seg med det å vera tenåring. Denne identiteten bygde seg opp ved å lesa ungdoms- og musikkblad og gjennom kjennskap til utanlandsk film. Vekebladet Det nye som starta opp våren 1957 var den gong eit blad for film og musikk og ikkje eit moteblad for jenter som i dag. Bladet var normgjevande for ein del av oss. Ei kort tid var bladet Vi unge med same målgruppe og innhald å få kjøpa. 

Den største påverknaden kom frå popmusikken. Ikkje minst vart Radio Luxemburg, the station of the stars ein viktig identitetsmarkør. Stasjonen opna i 1945 etter å ha vore stengd under krigen, og var ein konkurrent til, og protest mot monopolet til BBC. Programma vart delvis laga i London, og sende på lydband til Luxemburg. Seinare kom det piratsendarar frå skip som konkurrerte med Radio Lux, for eksempel Radio Carolina. Kvaliteten på mellombølgje var elendig på dagtid, men kunne vera ypparleg om kvelden dersom det meteorologisk låg til rette. 

Det var også råd å få tak i reine musikkblad. Musikkjournalen starta i 1953 og var til sals for ei krone eksemplaret og Platenytt var eit gratis blad som vart distribuert gjennom platebutikkar. Slike var det ikkje mange av i bygda, men i Urangsvåg var det på den tid ein plate- og radiobutikk driven av ein av Østensen-brørne. Der var det også råd å kjøpa dei gule og grøne små singelplatene av plast som avløyste dei store og tunge 78-platene. Platespelar låg diverre langt utanfor mi budsjettramme, men dei nemnde musikkblada kunne me få gratis på butikken i Urangsvåg. VG hadde ei heil side med listepop kvar onsdag. Malvin Meling, mors søskenbarn, abonnerte på VG, og son hans, Magne, som gjekk i mi klasse, reiv av og til ut sida og gav ho til meg. 

Sjølve popmusikken var så viktig for meg i siste del av femtitalet at eg har tenkt å skriva meir om det i eit eige kapittel. Det er eit merkeleg fenomen at me kunne sitja i  agnebua i Vinsen ein kald vinterkveld og identifisera oss heilt med nett same musikken som ungdommen i San Francisco, som på den tid cruisa rundt i store amerikanske bilar med «venger» på bakskjermane. Her var det frigjeringshormona som styrde smaken meir enn staden me kom frå og tradisjonen me stod i. 

Loading