Kristian fortel 16

Barneleikar på femtitalet

Fri leik, ute eller innandørs, var ein viktig og omfattande del av heile oppveksten. Mange av leikane var dei same som foreldra våre hadde leika, og vart førte vidare ved at dei yngste lærte av dei eldre ungane. Det vart ikkje venta at dei vaksne skulle instruera oss, men det hende me fekk kommentarar og litt rettleiing når nokon tilfeldigvis kom framom. Unntaket var jentenes handarbeid, der mødrer og bestemødrer lærte opp døtrene og barnebarna. Mange av leikane var ein kopi av vaksenverda både for jentene og gutane, og ein viktig del av førebuinga til vaksenlivet. Nokre leikar var berre for jenter, andre var reine guteleikar, men det skjedde «crosse-over» også på den tid. Felles leik skjedde i dei første leveåra. Så kom ein periode der slikt var utenkjeleg, før det i gryande pubertet vart pirrande med blanda leik. 

Gut + jente = sant
Etter kvart som me vaks oss oppover i skulealder og fekk lyst til å vera saman med jentene på garden, vart leikar der me delte oss i to lag noko som drog. Eg skal omtala eit lite utval av dei leikane som gjekk føre seg utandørs, og der begge kjønn kunne vera i lag. Innandørs leik for store ungar var stort sett knytt opp mot selskap, særleg ved juletider og til leik i høystålet. 

Ja og nei.
Leiken vart brukt i heile oppveksten min, og mor var vel kjend med han frå sin barndom. Skulle me leika, måtte det vera mørkt, minst mogeleg månelys var ein fordel, men månelyset verka positivt på romantikken og ein gryande erotikk som låg underforstått i opplegget. Dersom det var både gutar og jenter med, var det sjølvsagt at jentene vart delt på dei to laga. Leiken kunne også leikast av berre gutar, men det var utenkjeleg med berre jenter. Gutane vart først valde etter kriterium som alder og å vera rask på foten. Når gutane var valde, vart jentene fordelte på laga. Etter loddtrekning skulle laga delast i eit ja-lag og eit nei-lag. Ja-laget skulle alltid først ut i terrenget for å gøyma seg. Leiken kravde nokolunde tørr bakke, og sesongen var like før og etter skulestart om hausten. 

Ettersom det ikkje var sommartid på klokka i dei dagar, vart det ein time tidlegare mørkt. Ungar i småskulen var som regel ikkje kvalifiserte for å vera med i leiken. Gøymestaden skulle vera utandørs, bak og under buskar, i ei bergsprekk eller, aller helst, i ei helling med mjuk mose. Lagsleiaren, alltid ein gut, skulle ropa «ja», høgt og tydeleg når laget hadde gøymt seg, som signal til det andre laget om at no kunne dei starta leitinga. Det andre laget skulle svara med eit like tydeleg «nei» som kvittering på at ja-signalet var oppfatta. For ikkje å verta funnen for fort, kunne lagsleiaren flytta seg så langt råd var bort frå gøymestaden og ropa «ja» og koma seg usett av motparten tilbake til flokken som hadde samla seg som selar på land. Dersom me ser på avstanden mellom ja- og nei-laget som ei rett linje, var vanleg taktikk at lagsleiaren sprang til side ca. 90 grader på denne linja med utgangspunkt i bolet. Det låg også ein liten kime til små erotiske forsøk i lufta. Ein og annan prøvde å manøvrera seg i posisjon til å få nærkontakt med ho han ville nå i. Her fekk han sin første erfaring med enten å verta bestemt avvist eller oppleva «sødmen» i å kjenna at kontakten var der. 

Slå ball
var ein vårleik. Sein påske med stilt opphaldsvêr, gjerne med sol, var ideelt. Speletida var som regel etter middag på sundagar. Utstyret var enkelt: Balltre/selte og ein liten, kompakt gummiball. Utfordringa var å finna ei flat slette å spela på. Me måtte som regel ta til takke med hovudvegen som gjekk gjennom sønstabøgardane. Best eigna var vegen nord for nordtunsgarden, sjølv om vegskuldra var vel bratt, var strekninga lang nok for dei lengste slaga. Det var også greitt å spela på ei stor seke/jorde, men det måtte vera før graset grodde og det ikkje vart store far i bakken. 

Spelereglane var enkle. Ein rett strek tvers over vegen markerte kvar personen som skulle kasta opp ballen og han/ho som skulle treffa med balltreet skulle stå. Ca. 60 meter framme vart det teikna ein tilsvarande strek som markerte vendepunkt og fristad for den/dei som skulle springa når ballen var slegen. Ein frå utelaget skulle kasta opp ballen og ivareta utelaget sine interesser mot innelaget. For eksempel kunne utelaget kasta ballen til han slik at han kunne treffa ein på veg inn. 

Tre-fire meter framom startstreken var det ein parallell strek på vegskuldra. Streken vart plassert slik for at dei som sto på streken ikkje skulle stenga for ballen eller «springinga». Denne streken vart kalla håtå og var staden der ein skulle stå på vent dersom slaget ikkje var godt nok til å nå fram til vendepunktet/frisona. Den som skulle slå hadde tre forsøk dersom han bomma på dei føregåande. Var slaget så dårleg at utelaget kunne plukka opp ballen og treffa den/dei som sprang, skifta laga posisjon (ute/inne). Vart det mange dårlege slag etter kvarandre, kunne mest heile innelaget stå på vent på håtå i von om at ankermannen skulle få fulltreff. Alt etter kor risikovillig eller rask ein var, måtte kvar velja om eit slag var godt nok til å koma til vendepunktet utan å verta treft av ballen som utelaget kasta. Var slaget langt nok, eller den som sprang rask nok, kunne han komma seg fram og tilbake på same slaget. Dersom ein på utelaget klarte å ta ballen med hendene i lufta (ta hys), bytte også laga posisjon. 

Dei antatt to beste gutane skulle velja lag. Som regel hadde balltreet/selta ein funksjon her. Den eine kasta selta i vertikal posisjon mot den andre som tok imot med ei hand. Deretter la dei to kvar sin gong ei knytt hand rundt selta til det var igjen ei lengd stuttare enn ei handsbreidd øvst. Den som då sto for tur, og som var i stand til å rotera selta tre gonger rundt hovudet, fekk velja først dersom han framleis haldt selta i handa etter at den andre hadde sparka til selta

Alle som ville, fekk vera med, men dei yngste (relativt) var med på kjøt & flesk. Dvs. dei fekk slå ballen, stilla på håtå og springa til og frå vendepunktet, men det var ingen vits i å kasta ballen på dei, ettersom dei hadde immunitet. Slå ball var ein aktivitet som også dei vaksne kunne vera med på. Dei viste ofte stor iver, og me ungane var ofte imponerte av slaglengda og treffsikkerheita til dei vaksne.

Vippa pinne (jeppa)
Dette var også eit spel for to lag. Laga vart valde på same måte som for slå ball og Abc-tet som eg skal forklara etterpå. Utstyret var to steinar, helst murstein, plassert med ca. 20 cm avstand på bakken og to pinnar med ca. to cm diameter. Rundt steinane teikna me ein sirkel i bakken med ein diameter på vel ein meter. Den korte pinnen, ca. 30 cm skulle leggjast oppå steinane, den andre på ca. ein meter, skulle brukast til å vippa den korte pinnen. Poenget var å få vippa den korte pinnen lengst råd og få den til å landa utan at utelaget tok han i hys. Dersom det skjedde, bytte laga posisjon. 

Dei gongene den korte pinnen landa på bakken, skulle utelaget kasta han med mål om at han skulle hamna inne i sirkelen. Ved treff bytte laga posisjon. Hamna pinnen utanfor sirkelen, kunne innelaget samla poeng ettersom kvar pinnelengdes avstand frå sirkellinja tilsvara eitt poeng. Poenga tok laga med seg over i ny innerunde. Den vann som sanka flest poeng. 

Slå Abc-tet
Abc-teten var ein trekloss, vel ti cm lang med kvadratiske endestykke på ca. 3-4 cm. Kvar side hadde teikna/skore inn ein fast verdi: X=10, XX=20, L=50 og D=100. Dersom klossen vart ståande på høgkant, hadde endestykka verdien M=1000. Klossen vart plassert på ein katapult, ei fjøl som ikkje skrådde meir enn at klossen kunne liggja i ro. Spelar og utstyr var plassert inne i ein sirkel. Etter tur skulle alle på innelaget slå Abc-teten så langt av garde som råd var. Utelaget skulle kasta Abc-teten inn i sirkelen, og ved treff bytte laga posisjon. Dersom han hamna utføre sirkelen, fekk innelaget poeng rekna ut frå kor mange lengder det var inn til sirkelen multiplisert med verdien på den sida av Abc-teten som vende opp. Tok ein på utelaget Abc-teten i hys, bytte laga posisjon. 

Hoppa paradis
eller hinka, høvde for to til fem personar, og kunne drivast av ungar i alle aldrar. I vår barndom kunne me nytta reine, jamne betongflater og teikna ruter med raud teglstein eller streka opp på ei flattrampa og jamn gras- eller grusflate, gjerne eit vegtrakk, med ein pinne. Dette var lenge før asfalten kom til Sønstabø. 

To rutekonstruksjonar vart nytta. Den eine var eit rektangel inndelt i like store kvadratiske ruter som måtte vera så romslege at den med størst sko kunne hoppa inni utan å måtta trø på den flate steinen som skulle førast med foten frå rute til rute. Vanleg inndeling av rektangelet kunne vera tre gonger fire ruter. Jo fleire og mindre ruter som var teikna, jo verre vart det å hinka seg frå rute til rute. Trakka ein på streken, eller steinen vart liggjande på strek etter forsøket på å få han over til neste rute, var ein ute og måtte starta på ny når turen kom. 

Den andre figuren vart kalla fykaren, gjerne fordi han kunne minna om ein stilisert dobbeldekkar sett ovanfrå. Me teikna først ein sirkel vel ein meter i diameter, deretter tre kvadratiske ruter etter kvarandre, så to rektangel 90 grader på dei tre første rutene. Deretter kom eit nytt kvadrat midtstilt framom dei to rektangla før det kom to nye rektangel lik dei første. Figuren vart avslutta med ein halvsirkel der diameteren var lengda av dei to rektangla. Også her skulle steinen førast frå rute til rute med faste reglar for korleis ein skulle hoppa og hinka tilbake etter å ha ført steinen til halvsirkelen og kasta han tilbake til sirkelen der me starta. 

Veggball
var eit jentespel, men der gutane kunne få vera med etter kvart – dersom me ville. Som det går fram av namnet, kravde leiken ein glatt vegg (– vegg med utanpåliggjande kledning var ubrukeleg). Ballen av gummi med luft, måtte vera passe hard og på storleik med dagens seniorhandballar. Spelet kravde godt lag med ballen og mykje trening for å gjennomføra dei ti postane i spelet: 

Ti skolt, dvs. slå ballen med panna (skolten) ti gonger fram og tilbake på veggen;
ni bryst, dvs. med brystet flytta ballen ni gonger fram og tilbake mellom veggen og bringa; åtte hands, dvs. med innsida av ei flat hand dabba ballen åtte gonger i veggen; sju slag med oversida av handa med hendene i kross; seks kne, dvs. dunka ballen seks gonger i veggen med kneet; fem fot, dvs. slå ballen mot veggen med ein av føtene; fire kast i veggen med ballen ført bak og rundt ryggen ….osv. Eg har gløymt resten og treng hjelp.

Det finst mange variantar, men på Sønstabø vart det utført likt av alle så lenge eg følgde med. Alle jentene lærte seg denne leiken, medan det var få gutar som fekk det til. Særleg var posten ni bryst vond å læra. 

Kasta på stikka
Var veggball eit jentespel, var det å kasta på stikka ei sak for gutane, men det var kjekt om jentene såg på. Spelereglane var enkle. Som namnet seier, vart ei stikke sett ned i bakken. Deretter kasta kvar av spelarane ein femøring av den gamle, store sorten mot stikka, og den som kom nærast fekk rista heile potten og vann dei myntane som landa med «krone» opp. Deretter gjekk restpotten til nestemann. Det hende eg sto att utan myntar til slutt. 

Loading