Kristian fortel 15

Jonsokbål 

Ein årleg aktivitet i Falken var innsamling av brenne til jonsokbål. Bålet skulle vera stort, og det skulle brenna etter at nabobåla var slokna. Det første kravet var lett å oppfylla med å riva lyng og hogga brake/einer. I marka var det både røsslyng og krekling, og ein del krypande brake. Då me vart større, og kunne handtera og disponera robåt, utvida me sankeområda til å omfatta Strussøynå. Først drog me til fots utstyrt med øks og tau og hogg ned og frakta braken til ein høveleg landingsplass for båten. Så gjekk me heim for å eta middag eller mellemat. Ein gong etter måltidet gjekk eg til Nordtun for å venta på Olav og Harald. Trygve var ein snill og godsleg mann til vanleg, men denne gongen sa han med sint stemme: «Sjølv om sola og månen går saman og set seg på bordet som ein gul ost, får de ikkje lov å reisa med båt for å henta brake i Strussøynå». Trygve var av dei som hadde ord på seg for å «anka», dvs. vera redd for at det skulle henda noko med ungane. Her vurderte han risikoen for båtvelt, eller at einkvan skulle ramla i sjøen frå brakalasset, som stor. Mor var også ein «storankar», saman med onkel Tomas. 

Jonsokbålet skulle alltid brennast frå Slettheihaug. Beste måten å frakta brenselet dit var å køyra med traller innkjøpte for å frakta mjølkespann til rampen. Siste stubben opp til bålet måtte me bera brenselet. Utfordringa vår var å få bålet til å brenna lenge nok. Lyngen og braken fata lett, men brann fort ned. 

Hovudkonkurrenten var bålet i Kvednasmåghaugen på Meling. Melingarane klarte som regel å skaffa ei tjøretønne og to frå Vinsen. Dei loga lenge. I nausta i Sønstabøvågen var det mykje reiskap og båtar som var tjørebreidde. Særleg var store tjøreblåser – laga av tjukk lerret, tilsett litt flytande tjøra så dei vart tjørebreidde på innsida – gagnleg vare. Blåsene kunne vera opp til 50 cm i diameter og var ofte måla med blå- og gulfarge på utsida og registreringsnummeret til eigarfartøyet. Dei vart brukte til vak på garna under sildefisket. Ein utrangert færing var heller ikkje å forakta, og ein god del kystkultur har nok gått opp i flammar for å få lang brennetid på bålet. 

Skulle bålet vårt vera det siste som slokna, var det hjelp i å tenna det etter dei andre. Difor vart det laga narrebål ved sida av det store. Når det flamma opp, var det ikkje lett for melingarane å sjå at elden ikkje kom frå det ekte bålet. Dermed hende det at dei sette fyr på sitt. Offeret kunne like gjerne vera sønstabøarane, men kvar generasjon let seg berre lura ein gong. 

Loading