Kristian fortel 13

Leik som trening til vaksenlivet 

Leiken spegla at me høyrde til eit fiskarbondemiljø, og at mødrene var heimeverande og tok seg av hus og stell av husdyra. Jentene var nok meir inne med leikinga si enn gutane. Alle jenter fekk med tida nål og tråd og eit tøystykke til å brodera på. Dei var ikkje gamle før dei klarte å sy krossting og falda opp sidene på tøyet. Neste steg var røynsle med heklenål og tjukk tråd for å laga små teppe. Strikking var då ikkje langt unna, og etter kvart vart dei så flinke at det dei laga kunne brukast som dokkeklede eller duk i dokkehuset. 

Jentene si koke- og bakeleiking skjedde som regel i uthus eller i friluft. Kjørela var ofte kasserte koppar og knust glasservise (glasspel), og råvarene gras, blad og bær. Til bakverk var jord og leire veleigna. På den tida var det på kvar gard ein skraphaug der kasserte metall- og glasgjenstandar vart kasta. Det var ei kriblande fryd å koma over ein slik plass. Særleg syntest eg dei støypte relieffa på gamle omnar og glasfat med fargerike blomar og gullornament var ein augnefryd. 

Butikkleiken kunne gå føre seg enten ute eller inne, og der kunne gutar og jenter vera i lag. Her var krambua i Sønstabøvågen, som var i drift heilt til 1979, modell. Min leikebutikkperiode var på slutten av matrasjoneringstida. Det var ikkje lenger bruk for rasjoneringskort i vaksenbutikken for å kjøpa mjøl, kaffi, sukker og andre viktige varer det var rasjonering på under og etter krigen. Me fekk difor overta kort med slike merke, og det trongst saks for å klyppa merket frå kortet. 

Varebehaldninga bestod for det meste av tomemballasje etterfylt med sand, jord og singel eller anna som kunne illudera ekte varer. Emballasjen var av papp, glas eller  blikk og hadde hyst tobakk, kaffierstatning (Rika og Karoma), bakepulver eller fiskehermetikk med originaletikett. Ein gong fekk me overta lageret av B-såpe frå krambua. Det var ei krisesåpe produsert under krigen i mangel av godt råstoff. Såpa skumma dårleg. 

Storparten av leiken gutane imellom gjekk for seg utandørs. Unntaket var hopping i høyet og andre påfunn i høystålet. Dette måtte naturleg nok skje på låven, helst i sommarsesongen då me var lettkledde. Det hende at noko kunne «fylgja med» som rein bonus, men det var ikkje regelen. 

Sjølv om leiken var utandørs, vart leikane laga inne i kjellarar, loft og låvar. Den overbygde delen av låvebrua til Trygve på Nordtun var ein samlingsstad for både ungdom og ungar heile året, med og utan lukka låvedør. Nokre gonger berre ungar, andre tider ungdommane åleine, av og til i blanding, og ein sjeldan gong ei eller fleire jenter. Ein gong kom Alma Mehus innom, og ho tok utfordringa med å spela på ei litt rusten sag. Melodien «sagde» seg sjølv: Kjære Jesus du som sagde

Det sto ein høvelbenk på låven. Her laga nordtunsungane leikebåtar, dragar, vind- og vasskallar og rennebilar. Det hende me andre ungane også hengde oss på. Det gjaldt først og fremst felles prosjekt. Det var her me laga det første høgdehoppstativet på garden. 

Det store teltet til Falken 2020, sydd av jutesekker, vart også produsert på låven til Trygve. Det var ikkje få jutesekker som gjekk med. Dei fleste var tomemballasje etter kunstgjødsel som me fann i uthusa, andre stamma frå krambua og hadde hatt anna innhald. Fleire av sekkene hadde svart trykk med logo og skrift. Me laga eit hustelt med ståhøgd under mønet, normal saltakvinkel og ca. ein meter knevegghøgd. Det var lett å finna store nåler med rommeleg auge på nåla. I dei fleste heimar slang det krumma nåler brukt til å sy seglduk eller lær. Det var segl til færingen som skulle reparerast eller hesteselar og anna lærreiskap som trong reparasjon. Då vart det ofte nytta beksaum. Me brukte hampetau som også var lett tilgjengeleg. Det vart eit monumentalt bygg til å vera eit telt. Ulempa var at det var tungt å bera dersom me tok det ned vått. Då trongst det fleire mann til oppgåva. 

Segletjørna var viktigaste leikearenaen målt i tidsbruk. Det var to permanente segle- tjørner på garden. Den største, og med mest stabil vasstand låg på grensa mot utmarka til Trygve, berre 50 meter frå heimehuset og kloss ved hovudvegen. Det var Finn, Olav og Harald som representerte grunneigar her, og dei hadde sine privilegium når for eksempel kaiplass skulle veljast. Det spesielle ved denne tjørna var at det om sommaren var mange igler, fem til åtte centimeter lange, som kunne suga seg fast på føtene og leggene når me vassa rundt barbeint på den faste moldbotnen. 

Den andre segletjørna låg på Dalen, oppå haugen som grensa mot Plassahola i Emil si utmark. Tjørna var ei grunn grop i fjell, og kunne turka opp ved langvarig tørrvêr. Dette skjedde i ekstra turre somrar. Fordelen med dalatjørna var at det var fast fjell også på land. Det gjorde det enklare å byggja steinkaiar som ikkje grodde til med gras, og berget var betre eigna til å anleggja små bygningar enn grassletta, der proporsjonane mellom byggverk og vegetasjon lett vart feil. 

Som i storhavet på vestsida, var det fiskerisesongar i segletjørnene òg. Storsild- og vårsildfiske om vinteren, og brislingfiske, størjesnurping og makrellsteng om sommaren. Miniatyrbåtane var utrusta etter føremålet. Her var lettbåtar og snurpenøter, spel til å løfta last eller fangst med bom som kunne førast frå side til side, og anker til bruk for oppankring. Desse ankera var i litt større målestokk enn båten. Det kom av produksjonsteknikken. Først vart forma skoren ut i overflata på ei stor, halv potet. Blyet, enten plattlodd eller eit garnsøkke, vart skava opp i ei gryte, smelta over ein primus og helt i forma. Når blyet var størkna og kjølt, vart det laga hol til ankerkjettingen, og den bua, nedre del av ankeret vart vridd nitti grader på den øvre, rette ankerstonga. Denne aktiviteten gjekk oftast føre seg i kjellaren til onkel Johannes der tvillingane rådde grunnen. Trass i store hender og fingrar var dei særs handnæme. Mine båtar var som regel laga av ei flat fjøl, spiss i baugen, rund i hekken, og med eit hol til feste for masta. Bommen vart fest til masta med to bøygde små spikrar, og vanta stramma frå mastetoppen til skutesida med tråd. Tvillingane kunne meir. Dei modellerte små miniatyrar med rette proporsjonar, hola ut lasterom eller heile skroget, draup smelta bek oppå kjølen som ballast og spikra på eit dekk med spring i. Maling vart også brukt, og lukka var å arva ein slik båt når han vart utrangert av første reiar. 

Fisken vart snurpa, hova om bord og ført til land for vidare foredling, og det vart bygd hengjer på land for å tørka nøtene. Me yngste lærde terminologien av dei eldre og førde det vidare til dei yngre etter oss. Bom, vant, reling, esing, hekk, davit, mesan, dory, kompass, bysse, lugar, leider, dørk, dekk, drivar, snurpar, eva, kasta, skimla, kava og ei rekke andre ord frå fiskeriet var inne i tidleg skulealder, og for dei fleste av oss kom dei til bruk og nytte i yrkeslivet. Eg vart ikkje ein av dei. 

Hummarfiskeleiken likte eg best å leika åleine. Hummarteina var laga av inste leddet på krabbekloa med ein hyssing opp til duvlet. Det me kalla hummar var ei larve som hadde bygt seg inn i ei blanding av sand og andre småpartiklar som forma eit mørkt, to cm langt røyr med to mm diameter. Larva kunne krypa ved å setja hovudet og eit par bein ut av røyret, og dei kraup villig inn i teinene mine om hausten for å eta restane av krabbematen. Bekken som rann gjennom Krekamyrå (krek = creek=bekk) var ein sikker fangstplass. 

På ein fiskarbondegard leika me sjølvsagt også bonde. Driftsbygningen hadde utgangspunkt i ein eplekasse. Kassen hadde høveleg storleik for dyr og reiskap som skulle i hus. Det var fint å få hjelp av ein vaksen til å saga ut låvedør og vindauge til fjøsen og laga mønetak. Ved lukketreff kunne det henda at dei vaksne hadde litt betongarbeid på gang. Då let det seg ordna å få sement til byggverket og hjelp til å setja opp forskaling til ein grunnmur med møkakjellar. Det var lett å finna areal til gardsdrifta nær husa. Det var ein fordel at det skråna litt der låven stod. Då vart ikkje låvebrua for bratt. 

Det fanst ein sønstabøstandard for kva vyrke dei ulike husdyra skulle lagast av. Me hadde høyrt om dei som laga husdyr av gran- og furukongle med fire fyrstikkbein, men det gjaldt ikkje for oss. Kua skulle vera eit O-skjell, helst med brunt skal. Dei største gjorde nytte som «hopastut». Kalvane og kvigene var blåskjel i varierande storleik. Vanleg strandsnigel (Litorina littorea), som me kall «kuong», var den mest vanlege sauerasen, men spiss strandsnigel og purpursnigel var også brukande. Væren var ein kongesnigel. Han var den største. Hesten gjekk ikkje inn i dette systemet. På den tid fekk fedrane våre lett fat i små, måla trehestar. Det vart sagt at det var fangar som laga dei. Far laga ein gong ein slede i heiltre med hjul passande til ein slik hest. Det auka standarden på leikebruket mitt. Dette var før det kom tohjulstraktorar på mest kvart bruk på Sønstabø. 

 291 total views,  4 views today