Kristian fortel 12

Hytteliv og -lyst 

Sjølv kor flotte hus med leikerom ein unge har, kjenner alle ungar fryden ved å komma inn i ei sjølvbygd hytte. Sønstabøungane var ikkje noko unntak. Me bygde hytter av alle slags materiale: stein, tre, netting, papir, bladverk, strie og ikkje minst, snø. I starten var det lite samsvar mellom korleis eg såg for meg at den ferdige hytta skulle sjå ut og korleis resultatet vart. Første gong eg bygde, hadde eg fått nokre stutte fjøler til disposisjon, og såg for meg ei hytte med saltak og dør. Resultatet vart fjøler ståande på bakken med skrå vinkel mot ein loddrett bergnabb, utan vegger i endane, men stor nok til at eg kunne krypa inn og skjula meg for omverda.  

Seinare innsåg eg at hyttebygging er samarbeid. Det gav best resultat både ved innsamling av materiale, konstruksjon og oppføring. Det beste var å komma på lag med nokon som var litt eldre enn meg. Slikt gav prestisje om prosjektet lukkast, og mindre tap av autoritet om det skulle enda gale. Tvillingane på Dalen var mine mentorar, men dei kravde underkasting og venta full innsats i logistikken, dvs. at eg måtte henta og bringa det som skulle brukast under bygginga. 

Steinhyttene var det sjølvsagt å byggja i utmarka. For det første var det om å gjera å finna materiale og høveleg tomt, og at prosjektet låg skjerma for innsyn for dei vaksne slik at me kunne rota så mykje me ville og måtte. Best resultat og minst arbeid vart det dersom ei bergkløft danna to av sidene. Steinane i utmarka var for det meste flate og kantete, ikkje runde, og difor lette å mura med. Dersom det var råd å festa to solide dørkarmar i jorda eller kilt med steinar, vart det god støtte for muren. Ambisjonane for ei steinhytte var ikkje større enn at me var nøgde med takhøgda dersom me kunne stå bøygd inne. Takkonstruksjonen varierte etter kva for materiale me kunne skaffa. Regelen var flatt eller skrånande tak. Det var vanskeleg å byggja for tørt opphald innandørs når det regna. Dette var før plasten si tid, men gamle bølgjeblekkplater sikra tett tak. Alternativet var kassert nettinggjerde eller hønsenetting dekka med papirsekker under mose og gras for godvêrsleik. 

Sjølv om me fyrte opp grua med visna lyng og brukte tørr ved, var det uråd å gjera opp bål innandørs utan at røyken svei i augo før flammen hadde tørka opp jorda under og varma steinane rundt. Då kunne det verta triveleg inne, særleg dersom det var mørkt og kaldt ute. Røyking av pipe eller sigarettar høyrde med til hyttelivet. Eg har aldri røykt ein sigarett med vanleg tobakk, men tørka mose, gras og einstape, eller hummel som me kalla planta når den var tørka, stappa me den tid i pipa eller rulla inn i papir, helst papir frå dei midtre laga i ein kraftfôrsekk. Pipene laga me sjølv. Mest vanleg var det om våren då me kunne få barken av ei litt tjukk raunegrein og kappa ei skive av den same blanke greina til bruk som botn i pipa. Pipeskaftet laga me av barken frå ei tynn grein som gjekk inn i pipehovudet like over botnen. Det svei på tunga når me tok eit drag, men når alle hadde fått fyr og sat rundt bålet, oppstod det eit eige fellesskap. 

Eg har inga god forklaring på kvifor det gav så stort velvære å ta seg inn i den ferdige hytta. Ein grunn var forventninga om å gjera opp bål på steingrua og setja over ein tom hermetikkboks og koka opp vatn. Av og til kunne me ha eit egg eller to å koka. Litt kaffi i vatnet gav god lukt, og me kunne drikka litt frå ein kassert kopp utan hank, og som hadde fått heidersplass i hytta. Heime drakk ungane sjeldan kaffi, og hende det, vart kaffien blanda med like delar mjølk. Det var drikken for dei som ikkje likte mjølk. 

Oftast vart det bygd ei hytte om gongen, men var me ein større flokk, kunne me dela oss i lag på to eller tre og byggja fleire hytter samstundes. Dette var særleg tilfelle når me, inspirerte av Hjortefot-bøkene og Den siste mohikanar, bygde indianarleir. Her utvikla me etter litt prøving og feiling ein byggjeteknikk som var funksjonell. Sjølv om Sønstabø på den tid var skoglaus, var det rikeleg hassel i urane der beitedyr ikkje kom til. Tresorten var så dominerande at me kalla desse vegetasjonsområda for Hatlane. Hasselen vaks fort, med lange tynne greiner med små sideskot. Busken kunne difor brukast både som spiler/reisverk i telta og som boge og piler. 

Byggemetoden var enkel, men kravde eit visst areal slett mark, noko me kunne finna fleire plassar i utmarka. Me starta med å teikna ein sirkel med ca. 1,5 meter diameter i bakken. I omrisset stakk me ned om lag ti rette, to meter lange hasselgreiner som me bøygde inn mot sentrum i toppen og surra kraftig tau eller ståltråd rundt. Spilene vart dekka med oppspretta kraftfôrsekker. Sekkene var laga av fleire lag tjukt, brunt papir, og me fjerna det ytre laget med logo og innhaldsdeklarasjon. Papirlaga festa me med tynn ståltråd (hesjestreng) til spilene. Utanpå papiret la me store einstapeblad tett i tett. Dei måtte festast med tau øvst oppe, men dei festa seg bra i einannan nedover. Sikrast var det å surra tynn tråd i spiralform rundt teltet for å hindra vinden å få tak. 

Om sommaren var blada grøne når me la dei på, men dei fekk snart den same brune fargen som blada hadde når me la dei på om hausten eller vinteren. Var det vått i bakken, dekka med golvet med jute og papir slik at det var tryggast med leirbål ute framfor innegrue. Slike telt tok seg godt ut og var komfortable inni, men me var for rastlause til å sitja i ro. Difor var det nærliggjande å leika cowboy og indianar ei tid etter at leiren var reist. Her måtte det organiserast to lag, og begge laga var utstyrte med våpen etter lærebøkene. Tomahawk og pil og boge for indianarane, og revolver og gevær for cowboyane, alt laga av tre. 

Eg hugsar ein slik leir aust for kolerakyrkjegarden i Mehusmarka. Eg var stolt over det me hadde bygt, og vona det skulle få stå lenge og vera i flittig bruk, men tvillingane på Dalen, som hadde vore sjefsingeniørar og føregangsmenn under bygginga, insisterte på at me som eit ledd i leiken skulle setja fyr på alle telta. Dei brann ned fort og med store flammar slik bygningsmaterialet tilsa. For tvillingane var vegen målet, og dei såg seg sjeldan attende. 

På femtitalet var det nokre snøvintrar der vinden bles snøen i store fonner og endra karakteren på landskapet. Snøfonnene var så djupe at det var råd å grava seg inn og få ståhøgde, og endå var det nok snø over til å gje eit sikkert tak. Her kunne me forma til sitjebenker og utvida rommet og skjera til blokker i ytterveggen slik at me fekk ei smal døropning der me først hadde grave ut eitt breitt hòl. Om kvelden kunne me lysa opp hola med talglys i flaskelampar. Dei vart laga ved å knyta hyssing nedst på ei blank glasflaske, slå på parafin, tenna på og håpa at botnen fall ut der hyssingen var festa. Så var det å finna fram eit korkstykke (– som det var god tilgang til i fjøra eller i nausta), laga hòl til lyset og skjera ut lufting på sidene slik at lyset ikkje skulle kvelast. Alle som har vore med på dette, hugsar stemninga når stearinlyset vart tent etter at det hadde mørkna ute. 

Loading