Kristian fortel 11

Fotefara me trakka i

Første del av femtitalet var det så mange gutungar på sønstabøgardane at det danna seg grupper eller gjengar der alder var inndelingskriteriet. Den tilfeldige biologiske fordelinga gjorde at jenter var i stort mindretal. Skulle me sjå etter tilsvarande grupper som kunne definerast som motstandarar, måtte me gå til jamgamle på nabogardane Hallaråker, Meling, Nese og Økland, og som høyrde til same skulekrins som oss. Det var ikkje snakk om fiendskap, men me var skarpe konkurrentar både når jonsokbåla skulle målast i storleik og brennetid, og når me møttest som motstandarar på fotballbanen.

Kullet før oss var årsklassane 1936 til og med 1940. Det var Georg, Bjarne, tvillingane Jonas og Olav, Leif Artur, Sigmund, Ole Mikal, Finn og Arne etter fallande alder. Dette første etterkrigskullet (– dei to eldste vart skulegutar under krigen,) hadde med ein viss rett eit litt frynsete ry. Dei tok tidleg, i 7 – 8-årsalderen, til å røykja tobakk. Tobakken fekk dei delvis tak i på uærleg vis. Ein av gutane i flokken kunne rappa huva av kameraten og kasta ho over butikkdisken og opp i hylla der tobakksøskjene låg. Ferdigrulla sigarettar var ikkje handelsvare i krambua på den tida. Den huvelause gjekk naturleg nok bak disken for å henta huva, og nytta høvet til å ta med ein tobakkspakke og to gøymt i henne.

Dei tok også til å utføra små sprengingar med dynamitt og fenghetter. Dynamitten tok dei dels frå kjellaren til foreldra, eller dei kom over han på lageret til butikken i Vinsen (Melingsvågen). Då morfar fylte 70 år, salutterte dei med å sprengja nokre små leikenaust i segletjørna på Seglehaugen på Dalen. Då naboen Mikal fylte 70 seinare same året, vart det også markert med salutt. Det resulterte i at to av svigersønene til Mikal, Lars Hallaråker og Hans Meling vart samde om å melda frå til lensmannen. Då vart det slutt på dynamittleiken, og alle skikka seg seinare vel, men dei to som kontakta lensmannen vart for alltid heitande Meldaren 1 og Meldaren 2 av gutane på Sønstabø.

Tvillingane på Dalen (Jostein og Fridtjov) og Alf som alle var fødde i 1941 var aldri ein fast del av denne eller kommande gjeng.

Alle i flokken, utanom Finn, som gjekk eit år på framhaldskule, gjekk direkte frå folkeskulen til brislingfisket hausten same året dei vart konfirmerte. Det var diskusjon om Finn kunne få vitnemål frå framhaldskulen fordi han måtte mønstra på eit brislingfartøy før skuleåret var heilt slutt. Seinare fekk dei seg ulike yrke, som bønder, fiskarar, sjømenn i utanriksfart og to vart industriarbeidar. Fire av dei vart buande på sønstabøgardane.

Var du konfirmert, vart du rekna som vaksen på femtitalet. Du hadde fått dress, frakk, hatt og sko, to nummer for store som du aldri vaks i, og deretter vart det venta at du skulle greia deg sjølv, også økonomisk.

 330 total views,  1 views today