Kristian fortel 10

Splintane kjem

Kvart år i oppveksten kom det splintar inn Sønstabøvågen. Dei kom i fylgje, to og tre båtar, gjerne med ein større motorbåt som slepte båtar utan motor. Det var råd å overnatta i båtane, men regelen var at dei om sommaren la til ved eit naust og tok tølene inn der. Dei kunne også gjera opp eld i naustet. Nokre jaga splintane bort frå naustet, andre let dei vera. Dette kom ikkje an på kven av nausteigarane som var snille eller ikkje, men av ei vurdering av risiko. Fekk dei bli, kunne naustet ta fyr, eller brennbar reiskap gå på bålet. Vart dei jaga, var det sannsynleg at dei tok att ved å stela eitkvart frå naustet nattetid. 

Folk sa splintane snakka sitt eige språk innbyrdes, eg høyrde aldri slikt snakk. Derimot var me kjende med splintamål. For oss høyrdest det ut som sørlandsk med ein ekstra sytande og syngjande tone. Eg har fått fortalt at dei båtane som reiste på våre kantar hadde vinteropphald i Sandnes kommune, men dei tala ikkje sandnesdialekt. 

Det var som regel både menn, kvinner og born med i følgjet. Dagen etter at dei hadde lenda, kunne me venta at kvinnene, berande på ein liten unge, gjekk frå hus til hus og tigga etter klede, men også mat. Splintane, både vaksne og born var dårleg kledde, og det kunne passa greitt for mange å gje bort avlagde klede etter minstemann, eller ein kjole som likevel hadde vorte hengjande. Mennene selde handlaga reiskap som vispar og små blekkspann. Dei kunne også ha med seg ein koffert med knappar, nåler, bendelband og strikk. Slikt var det alltid bruk for i eit hus, og utvalet i krambua var ikkje velassortert. 

Onkel Tomas fortalte at mens han pakta bentsagarden, kom ein splint fleire gonger og bad om å få kjøpa mjølk. Dei to første gongene hadde han med seg ein hundrelapp, og Tomas kunne sjølvsagt ikkje gje att vekslepengar, men han var ein luring. Tredje gongen hadde han skrapa saman 99 kroner og ti øre, det som skulle til for å gje att for tre liter til 30 øre literen. 

Ein av splintane heitte Sander, og Sanderen hadde reist så lenge mor kunne hugsa. Sjølv om det i splintefølgjet kunne vera ungar på vår alder, var det aldri aktuelt å verta nærare kjende med dei. Eg hugsar berre småungar. Kanskje dei store gjekk på folkeskule utanom sommarferien? 

Loading