Kristian fortel 1

Vintersildfisket utanfor stovedøra 

Eg har aldri vore mannskap på ein fiskebåt. Difor har eg valt å fortelja korleis eg opplevde fisket sett frå utsida.

Dei fleste av oss hadde ein far som reiste på vintersildfisket. Det var ingen snurpe- eller garnbåtar heimehøyrande i Sønstabøvågen, difor måtte dei som budde her, ta hyre på fartøy utrusta frå andre vågar på øya eller på Espevær. Det hende også at det enkelte år var einkvan om bord på båtar registrert i Austevoll eller Haugesund. Vintersildfisket var stort både i oppfiska volum og som samfunnsfenomen frå den første tida eg kunne følgja med og fram til det minka av, samstundes som eg forlét øya i 1962. 

Før jul merka me det på at dei som fekk ta med eigne drivgarn eller botngarn om bord, bøtte, barka og på anna måte klargjorde utstyret. Tjøreblåser og tauverk høyrde også med i utrustinga. Var det kaldt i vêret, fekk dei ta garna inn på kjøkenet eller stova, framfor omnen. Dei som hadde eigne garn fekk utbetalt garnlut. Konene strikka dei karakteristiske store ullvottane som vart kalla vavottar, og fann fram ullundertøyet mennene skulle ha med. 

Ei av dei to første vekene etter jul gjekk dei om bord. Då hadde dei pakka kleda i den kvite sjømannssekken og vart borte minst ein månad eller to. Det hende dei ringde heim frå Måløy, Florø, Blomvåg eller ein annan plass der dei låg i hamn. Det kom òg brev og kort. Eg har teke vare på eit slikt brev. Haugesundsavisene gav kvar dag detaljert oversikt over snurpebåtane som hadde fått fangst siste døgeret. Fangstmengda vart målt i hektoliter og låg som regel mellom 300 og 3 500. 

Fangsten til drivgarnskøytene kom ikkje i avisene. Dei fekk ikkje så store mengder i døgeret som ein snurpar, men hadde som regel fangst kvart dag. Skøytene hadde også eit mindre mannskap å dela luten på. På ein snurpar var det om lag 20 mann, skøyta kunne klara seg med under halvparten.  

Når storsilda litt etter litt trekte sørover for å gyta, vart det fastsett ein dato for når fisket tok til. I denne overgangen kom som regel fiskarane heimom. Eg merka det på lukta i gangen om morgonen dersom far hadde komme heim etter at eg var sovna. Dei brune høgstøvlane dekka av silderisp var også eit sikkert teikn. 

Til vårsildfisket måtte garnskøytene skifta frå drivgarn til botnagarn. Det kom av at medan storsilda stog høgt i sjøen, søkte vårsilda mot botnen under gytinga. Eg vart fortalt at sjøen då kunne vera blakka av rogn og mjølke. Drivgarna hadde korkeflær på garnet slik at det kunne driva i sjøen. Botngarna hadde glaskuler store som ein liten handball langs heile flæsida og tunge blylodd i botnen. Frå tid til anna kunne me komma over glaskuler halvfulle av vatn på grunn av det auka trykket ned mot botnen. Stundom kunne trykket knusa kulene slik at glasskåra låg att inne i nettet som var knytt rundt kula. 

Vårsildfisket var vårt fiske på den måten at me kunne gå opp på nærmaste haug og sjå fiskebåtane på havet i vest og sørvest. Det var snurparar og garnskøyter om ein annan, og på avstand såg det ut som dei skulle renna på kvarandre. På det meste kunne det vera så mange båtar at det var uråd å telja dei. Om kvelden fekk alle lanternene det til å sjå ut som om stjernehimmelen hadde lagt seg ned på havflata. 

Medan avisene var informanten under storsildfisket, gav fiskeribølgja på radioen både informasjon og underhaldning. I februar/mars sto radioen innstilt på F utan om når NRK sende Dagsnytt og vêrmelding:

–  Hallo Duen, hallo Duen da e Vita. Over! 
–  Hallo Vita, Duen her!. Over! 
–  Ka posisjon ligge du i no? Over! 
–  Eg ligge vest av Oddøygrudnene, men her e så møkje båt at da meste ikkje e rå å få ut gadnå. Over! 
–  Me kjeme bortom. Over og ut! 

Denne type samtalar kunne sviva og gå heile føremiddagen. Nokre sendarar var sterkare og klårare enn andre, nokre skipperar var røffare i språket enn andre, nokre var kortfatta, andre langdryge.

Loading