Krigsseglaren

HALVOR SVENDSEN – TIDA SOM KRIGSSEGLAR

Forteljinga nedanfor er basert på samtalar med Halvor Svendsen i september-oktober 2014. Halvor var då 91 år gammal, og ein av få attlevande krigsseglarar på Bømlo.

– Anne Marie Meling (barnebarn)

Foto: Sveinung Habbestad

Halvor hugsar godt då krigen kom til Noreg. Han sov oppe på skråkammerset på loftet i Sønstabøvågen, og vakna morgonen tysdag 9. april 1940 av at han høyrte flydur over huset. Duren var så nærme at han trudde flyet skulle gå ned gjennom taket. Han treiv på seg kleda og sprang ut på haugen utanfor huset. Der såg han flyet styrte ved Svartøyno. Han heiv i seg litt mat og sprang bort til Vågen. Der var det alt samla seg litt folk, og Johan Mehus fekk med seg sønene Olav og Hartmann og fyrte i gang motorbåten og fór ut for å sjå etter vrakdelar. Dei fann ein redningsflåte, og såg deretter ein mann som flaut opp og ned i sjøen. Dei fekk baska karen opp i den høge båten, og tok han med inn i Vågen, til det nordre sjøhuset. Der fekk dei den frosne karen på land, men dei hadde vanskar med å få den store redningsvesten og dei våte kleda av han. Gamle-Ørjansen (Endre Ørjansen) spurte om det var nokon som hadde kniv på seg. Det var det ikkje, så han fant ein ljå ved eine naustet. Då Ørjansen kom med ljåen vart tyskaren, som ikkje hadde skjønna noko av den føregåande diskusjonen, vill i blikket. Han roa seg då han skjønna at Endre berre ville nytte ljåen til å skjere av han redningsvesten.

Det hadde vore snakk dagen før om tyske båtar som var rapportert langs kysten, slik at dei viste noko var i emning. Dei hadde også fått radio i Sønstabøvågen på denne tida, og medan folket på kaien diskutert kva dei skulle gjere med framandkaren, hadde Arne i Vågen (Arne Meling) høyrt i radioen kva som føregjekk og kunne difor bekrefta at det var ein tysk soldat dei hadde fiska opp av sjøen. Arne sa at dersom det var nokon som hadde ein revolver skulle han skyta tyskaren på flekken. Men det blei med det og dei frakta tyskaren opp i Vågahuset og fekk tinga etter lege. Dr. Hus kom og gav han noko medisin, som tyskaren spytta rett i fjeset på legen. Han trudde kanskje det var gift han vart servert. Soldaten blei deretter frakta til Leirvik, kor det framleis var fengsel i drift. Han kom seg etter det kalde badet, men det vart fortalt seinare at han ikkje overlevde krigen. Veka etter vart to lik frå same flyet funne i fjøresteinane på Geitung. Dei vart frakta til Sønstabøvågen og gravlagde på den gamle kolerakyrkjegarden på Sønstabø.

Halvor minnest elles at livet stort sett gjekk som vanleg på Bømlo det første året av okkupasjonen. Det var forholdsvis gode moglegheiter for å skaffe seg arbeid, ein kunne blant anna reisa til Sola og andre stader der det var store byggeprosjekt på gang. Men det var ikkje alle som tykte vel om dei som reiste til Sola, Stavanger og andre stadar for å jobba for tyskarane. Men Halvor høyrte aldri at det vart snakka negativt om dei som reiste til Åkrafjorden på vegarbeid der. Det var kanskje slik at folk tenkte at dei trengte vegane langsmed fjorden. Elles gjekk fisket sin vante gang, og fiskarane gjorde det forholdsvis godt. Halvor var med faren, Severin, og Johan Mehus på laksefiske og han var også med faren i skøyta og sjakra. Dei kjøpte og selde forskjellige varer, det gjekk mykje i kol. Men det vart etter kvart vanskelegare og vanskelegare å få tak i varer.

Halvor hadde frå han var ganske ung hatt ei trong til havet. Når folk spurte han kva han ville gjera med livet svara han alltid at han ville reisa til sjøs. Då det vart trongare tider og mindre varer for han og faren å sjakra med skøyta, var valet om å reisa i handelsflåten derfor ikkje så vanskeleg. Han hadde fått nyss i at det skulle gå ein båt til Shetland helga 27.-28. september 1941. Halvor og Harald Nordtun hadde snakka om å reisa ut og bestemte seg for å gå til Urangsvågen til Håkon Stølo, som dei visst skulle ha med overfarten å gjera. Der fekk dei beskjed om at skøyta skulle gå på laurdagen, og at dei skulle møta i Komlesundet til avtalt tid. Laurdagskvelden 27. september 1941 gjekk dei gjennom marka til Komlesundet. Halvor hadde på førehand sagt til familien at han skulle reisa med skøyte over Nordsjøen. Dei likte ikkje at den einaste sonen skulle verve seg i handelsflåten. Men svogeren, Sigurd Habbestad, som budde i huset på den tida støtta han. Han meinte det blei skikkelig pengar av slikt. Halvor hadde ein liten koffert med seg. I den hadde han éitt sett underklede og to bukser. Han hadde også med seg to brød som han hadde fått av svogeren Odd Meling, som skulle vera reserveproviant dersom dei kom ut av kurs. I kofferten låg det òg eit brev som Målfrid Meling, svigermor til søstera til Halvor, Marie, hadde gjeve han. Brevet var til Sara, dotter til Målfrid, som budde i Amerika. Halvor skulle sende brevet då han kom fram til England.

Då dei kom ut i Komlesundet kom det ein liten motorbåt for å hente dei. Det var same båten som vart brukt til å frakta Dr. Hus på legeoppdrag. Olav Stavland var båtførar. Han tok dei om bord og kjørte dei nord til Stongasundet, til ei vik som vart kalla for Tobakksvikjo. Der satt det mange folk oppetter urane og kikka. Halvor kan enno, i ein alder av 91 år, sjå det klårt for seg. Langt om lenge kom skøyta, M/S «Nordlys». Alf Waage var skipper. Han syntest det vart i overkant folksamt om bord, men dei fylte båten og sendte passasjerane ned i lasterommet. Det var totalt 57 personar om bord. Der var folk frå heile landet. Mange frå Sunnhordland og Bømlo, blant anna Edvind Nesse, Harald Nordtun og Hartmann og Olav Mehus. Det var eit lite politikorps frå Bergensområdet, med lensmenn som ikkje ville ta del i det nye politisystemet. Dei vart ikkje så godt likte om bord for dei okkuperte alle køyene. Det var også nokre flyktningar som hadde budd sør på Grutle og ein gjeng med studentar frå Austlandet. Det var ein kar frå Odda. Han la seg til under ei køye og åt såpass med sovepillar at han sov så og sei gjennom heile overfarten, og burde såleis vore bra utkvilt då dei kom over til England. Det var også ein operasongar om bord, Waldemar Johnsen. Ein veldig trivelig kar minnast Halvor. Halvor hugsar at operasongaren spurte etter toalettet om bord, og fekk framvist «Siri», pøsen som dei brukte til slike formål. Songaren svara dåom dei trudde han ”kunne gjøre sitt ærend på et slikt et instrument”. Mesteparten om bord var så sjøsjuke på overfarten at dei hadde nok med sitt. Det var også seks damer om bord, desse fekk plass i den vesle kahytta baki skøyta. Edvind Nesse vart ikkje sjøsjuk og fekk difor i oppgåve å sleppe ned ein pøs til damene og få den tømt med jamne mellomrom. Halvor kom seg frå sjøsjuka etter den første natta. Han blei god kompis med skipperen. Då vêret hadde roa seg kom skipperen framom lugaren for å få seg litt mat. Han fann ein boks med fiskekaker som var produsert i Brandasundet. Han spretta boksen og tilbyde Halvor halvparten. Det var eit godt måltid hugsar Halvor.

Turen over tok tre dagar. Dei reiste i ti-ellevetida laurdagskvelden og såg land ved Fraserburgh i Skottland tidleg tysdagsmorgonen. Dei skulle etter planen til Shetland, men på måndagskvelden såg dei tang som flaut i sjøen og skjønna at dei nærma seg land, men dei byrja anka på at dei var komne for langt nord. For å vera sikre la dei kursen lengre sør og nådde difor land i Skottland. Dei møtte ein konvoi i lysninga tysdagsmorgonen og der var det eit eskortefartøy som skjønna kva ærend skøyta var i. Eskortefartøyet peika mot ei høg fabrikkpipe på land og forklarte at dei skulle styre mot den. Då dei nærma seg land kom ein lokal fiskebåt dei i møte og losa dei inn til hamna i Fraserburgh.

Då dei skulle i land måtte dei gå to og to ved sida av kvarandre opp til eit lite hotell. Der fekk dei tilreisande servert mat. Studentane ville at dei skulle synga for maten og meinte at kongesongen ville passe anledninga bra. Det viste seg at det var ingen blant mannskapet som kunne kongesongen, så det heile vart ei heller tafatt seanse. På kvelden vart dei kjørt i bussar til eit flott, nytt hotell i Aberdeen. Der delte Halvor og Hartmann køy. Dei var 20 stykk, to og to i senga, på ein stor sal. Den norske konsulen kom, han var raus meinte han sjølv, og gav dei ti shilling kvar (eit halvt pund). Dei budde på hotellet éi natt, kvelden etter bar det med toget vidare til London. Der vart dei kjørt til ein interneringsleir. Dei vart fortalt at den tidlegare hadde vore ein internatskule for barna til familiar som budde i koloniane. Dei var i leiren i fem dagar. Dei måtte gjennomgå fleire forhøyr medan dei var i leiren, for å sikre at det ikkje var agentar blant dei. Brevet til Sara i Amerika var konfiskert, men han fikk det attende. Halvor spurte korleis det var med porto, og fikk fortalt at ”porto skulle den norske stat besørge”. Dei hadde ein viss fridom medan dei var i leiren, dei kunne gå ut i parken utanfor, men dei kunne ikkje forlate området.

Det var folk frå alle verdshjørne i leiren. Halvor, kunne som dei fleste andre, ikkje eit ord engelsk, men Waldemar, som snakka godt engelsk, snakka både for seg sjølv og dei andre. Karen i køya under Halvor fortalde Waldemar at han hadde prøvd å snakka til Halvor på seks ulike språk utan å få respons. Dette kunne nok sikkert stemme seier Halvor. Det var også nokre franskmenn i rommet Halvor budde på. Dei satt i køya og spelte kort heile dagane. Etter dei kom ut av interneringsleiren budde Halvor på Royal Hotel, men minnast at han åt på County Hotel.

Den første båten Halvor mønstra på i handelsflåten var D/S «Hestmanden». Han mønstra på 14. oktober og gjekk om bord dagen etter. Dampskipet var bygd ved Laxevaags Maskin & Jernskibsbyggeri i 1911 og var eigd av Vesterålske Dampskipsselskap. Om båten ikkje var av nyaste dato minnast Halvor at skipet var i fin form. «Hestmanden» låg til kais ved Tilbury Dock i Essex. Han måtte difor ta tog for å komme fram til båten, og tog var ikkje noko han hadde erfaring med. Han hadde blitt kjent med ein kar som jobba ved det norske opplysningskontoret i London. Der gjekk Halvor og klage si nød. Karen på opplysningskontoret skreiv ein lappe til han som han skulle vise på togstasjonen. Halvor tok taxi til stasjonen, fant fram til det rette toget og fekk utskreve billett. Med fakter vart det vist at han skulle gå av på tolvte stasjon. Det var to Tilbury-stasjonar, Tilbury Town og Tilbury Dock. Halvor gjekk av på den første, som viste seg å vera langt frå hamna. I Tilbury fant Halvor ein kar som følgde han heile vegen til hamna. Dei gjekk og gjekk og kom til slutt fram til kaien der båten låg. Då Halvor gjekk opp gangvegen på «Hestmanden» første gangen tenkte han med seg sjølv at dette var eit stort skip, men det var blant dei minste båtane i den norske handelsflåten og blant dei minste han kom til å segla med i tida si som krigsseglar. Då han kom om bord i Tilbury Dock fekk han mat og deretter tok tømmermann Daniel han med i land for å handle utstyr. Dei fekk fem pund i forskot på hyra som dei kunne handle utstyr for. Halvor mønstra på som jungmann. Hyra var 91 kroner i månaden. Overtidsbetalinga var på éi krone timen. Det utgjorde nok ikkje det som svoger Sigurd ville kalla for «skikkelege pengar».

«Hestmanden» segla i konvoi i britisk farvatn. Då Halvor var om bord førte skipet for det meste sementsekkar. Dei lasta sement i London og lossa i Liverpool, Belfast eller andre byar langs kysten. Dei fekk også lossa om bord råsukker frå dei store linebåtane som kom frå det indiske hav, som dei hadde med tilbake til London. Det var to fastmonterte maskingevær om bord, eit på kvar side. Det var også to engelske maskingeværskyttarar som reiste fast med båten. Kystfarten i britisk farvatn var som Halvor seier noko svineri på grunn av alle minene. Livbåtane hang ute heile tida når dei var i fart, og vart berre svinga inn når dei låg til kais. Det var fleire redningsøvingar om bord og dei fekk også mykje øving med livbåtane når desse skulle svingast inn og ut når dei la til og frå kai. Når dei var i alarmsituasjon på grunn av mistanke om føreståande ubåtangrep, måtte dei vera kledde og klar til å hoppa i livbåtane. Skulle ein sove når ein var i alarmberedskap måtte ein finne seg ein krakk eller noko der ein stod. Lugaren var ikkje ein plass ein ville opphalde seg på. Halvor hugsar ein dag dei segla utanfor Hull. Det var eit grunt område og Halvor gjekk utkikk oppe på toppbrua. «Hestmanden» gjekk klar det grunne området, men ein stor hollendar som kom etter dei stakk djupare i vatnet og utløyste ei vibrasjonsmina som låg på botnen. Skipa i konvoien skulle gå med to kabellengder (ca. 450 meter) mellom seg, så synet og ristingane frå eksplosjonen som sank hollendaren kom nært innpå. Konvoien hadde ordre om å fortsette i same tempo uansett om båtar i følgjet fekk maskintrøbbel eller blei angripne av fienden.

Då Halvor mønstra på «Hestmanden» inngjekk han ein seksmånadarskontrakt med reiarlaget. Etter utløpet av arbeidsavtalen, då dei låg til kais i London, gjekk nokre av mannskapet med Bendik-båtsmann i spissen til kapteinen og sa i tydelege ordlag at her hadde dei ein dugande kar, som attpåtil snakka norsk, og han ikkje kunne ventast å fortsetja å gå for nærmast ingen betaling. Kapteinen hadde ikkje reflektert over dette og meinte at Halvor burde kunna få matroshyra han så godt som nokon andre. Då skipperen neste dag gjekk i land for å ordne hyra til Halvor viste det seg at reiarlaget alt hadde mønstra på ein engelskmann. 25. april 1942, gode seks månadar etter han mønstra på, vart difor siste dag om bord i «Hestmanden» for Halvor.

Dette passa i grunn bra, for Halvor trengte då sårt til eit tannlegebesøk. Han gjekk til Håkon Stølo, som det viste seg også hadde slitt med tannverk i lang tid. Håkon var ikkje begeistra for tannlegar, men gjekk ilag med Halvor til ein norsk tannlege som haldt til i Holland Park. Håkon lurte fleire gangar medan dei satt på venterommet om han skulle stikke av, men han haldt stand og takka Halvor fleire gangar for dette i ettertid.

Etter å ha mønstra av fekk dei éin dag fri for kvar månad dei hadde reist ute – helgane vart ikkje rekna med. Men i dei engelske papira stod det at ein hadde krav på ein månad fri etter ein halvårskontrakt. Halvor var i land nesten heile månaden og måtte fleire turar til tannlegen i Holland Park. Nesten heile hyra frå «Hestmanden» gjekk til tannlegebesøk.

«Hestmanden» hadde ry på seg for å vera eit heldig skip etter å ha kome seg velberga gjennom fleire farlege episodar då skipet segla i utanriksfart for Vesterålske under 1. verdskrigen. Sjølv om det ved fleire høve også var nære på at skipet skulle gå tapt under 2. verdskrig, kunne «Hestmanden» i juni 1945 atter ein gang sette kursen mot Norge. «Hestmanden» er i dag restaurert som kulturhistorisk skip og har, som Stiftelsen Hestmanden seier, «rigga om frå stykkgods til tankegods».

Då Halvor hadde vore i land i London ein månads tid kom det ein engelskmann som jobba ved sjøfartskontoret til salongen på County der Halvor sat saman med nokre andre norske sjøfolk. Engelskmannen kjente til stort sett alle som satt i salongen og fortalde kva for båtar den enkelte burde mønstra på, og slik vart det til at Halvor mønstra på D/S «Norse King», ein oljefyrte steambåt, i underkant av 9000 tonn. Skipet var bygd ved J. F. Duthie & Co i Seattle, Washington i 1920 og var eigd av Odd Godager i Oslo. Då Halvor reiste om bord frakta skipet diverse stykkgods. Halvor gjekk om bord i Middlesbrough i månadskiftet mai/juni. «Norse King» la frå kai i Middlesbrough 3. juni 1942. På grunn av mangel på maskinfolk mønstra Halvor på som smørjar. Dette var ikkje ei hyra han var særleg lysten på, arbeidet var ukjent og maskinrommet var ikkje ein ettertrakta plass om bord i konvoiane. Men han vart etter kvart kjent i maskinrommet og betalinga var også noko betre enn då han reiste som jungmann. Det var fira smørjarar om bord, tre gjekk vakter, og den fjerde hadde styremaskina på samvitet heile dagen. Det var også tre fyrbøtarar om bord. Smørjarane sov saman i ein firemannslugar. Båten segla i konvoi over Atlanteren. Den første turen over Atlanteren for Halvor gjekk til Norfolk. Når dei segla over Atlanteren var dei rundt 50 båtar som gjekk i konvoi. Hastigheita skulle ligga på ti mil i timen, men dei gjekk ofte saktare. «Norse King», var på mange måtar ein uheldig båt. Då Halvor kom om bord hadde båten vore utfor ei grunnstøyting, og i juli 1942, då dei nærma seg Sydney, kom dei inn i ei skodde så tjukk at dei ikkje såg nevane framfor seg. Plutseleg låg dei eit stort skip rett framfor baugen deira, eit hollandsk frakteskip ved namn «Ferdinan Bol». Dei var så nær at det ikkje var råd å bakke og «Norse King» rant inn i hollendaren. Dei tok baugen av «Norse King» og hollendaren sank med det same. Alle om bord begge båtane vart berga. Dette skjedde 29. juli 1942. «Norse King» kom seg inn til Sydney neste dagen, der dei vart liggande og fekk støypt i midlertidig baug. Skipet la ut frå Sydnedy 23. august. Då båten i oktober 1942 skulle til Falmouth på sørkysten av England for å få reparert baugen etter kollisjonen med hollendaren mønstra Halvor av. Sjølv om det var langt sør, var det surt og råkaldt om vinteren og båten skulle vera mørklagt om natta. Dette orka ikkje Halvor tanken på, så han gjekk til kapteinen for å sei opp hyra si. At det var store avstandar mellom mannskapet og offiserane om bord i «Norse King» fekk han beviset på då. Kapteinen spurte kva namnet hans var og kva som var jobben hans om bord. Halvor hadde ikkje snakka med kapteinen før det. Han forlét båten i Falmouth. Dette skulle vise seg å vere eit livsreddande val for Halvor; men eit skjebnesvangert val for sambygding Tønnes Meling, som mønstra på som donkeymann då dei var i Southampton og lossa i september. Etter eit lengre verkstadsopphald i Falmouth la «Norse King» frå kai 5. desember 1942. Den 28. desember, på veg mot Boston vart «Norse King» torpedert av den tyske ubåten U-591 «Zetzsche». Vitne fortel at eit eskortefartøy fekk berga opp mannskapet og haldt seg i nærleiken av skipet. Då dei såg at båten haldt seg flytande gjekk mannskapet om bord att og la kursen mot Asorane. Neste dag, 29. desember, vart «Norse King» igjen torpedert av ein tysk ubåt, denne gang av U-435 «Strelow». Skipet vart først torpedert kl. 15.07 og ein halvtimes tid seinare avfyrde ubåten over 100 skot mot dampskipet, før tyskarane til slutt måtte senka skipet med eit ”coup de grâce” kl. 16.24. Alle om bord omkom.

D/S Norse King

Frå Falmouth reiste Halvor tilbake til London. Der mønstra han på D/S «Ophir». Her fekk han hyra som lettmatros, og var såleis ferdig med tida i maskinrommet. «Ophir» var eit eldre dampskip som var bygd ved Bergen Mek. i 1906. Redar var Rasmus F. Olsen frå Bergen. Det fantes ikkje elektrisk lys om bord i «Ophir». Dersom dei skulle ha lanterna på når dei kom nær land måtte dei tenna lanterna med fyrstikker. Inne brukte dei parafinlampar. Som «Hestmanden» gjekk også «Ophir» i kystrute i britisk farvatn. Halvor hugsar ein tur då dei var på veg nordover i eit fantastisk vêr, det var ikkje bevegelse i skipet. Halvor låg i køya si på lugaren. Plutseleg smalt det så kraftig at han trudde han hadde mista høyrsla. Det viste seg at det var ein liten Bergensbåt som gjekk rett før dei i konvoien som var blitt torpedert. Halvor var første mann på dekk, han hadde livvesten med seg, men ikkje på. Han såg på sjøen ei stripa som hadde kurs rett mot dei, og tenkte at no var det gjort. Men det han såg var kjølvatnet av ein torpedo som snerta dei like framfor baugen. Torpedoen trefte ein hollendar som gjekk på sida av dei som var lasta med ammunisjon, og det vart igjen eit veldig smell. Hollendaren forsvann nærmast i ein augneblunk og det var ingenting att av han. Halvor har lest seinare at det var fem båtar som vart senka den dagen, men han meiner det var seks båtar som vart offer for tyske torpedoar i det angrepet. Halvor var berre om bord i «Ophir» rundt tre månadar.

D/T «Frontenac» var den neste båten Halvor mønstra på. Der fekk han omsider mønstra som fullboren matros. Hyra var på 256 kroner i månaden. Krigstillegget var på 250. Det vart trekte 15 % i skatt, men han hadde gode 500 kroner i hyre. Altså eit stort steg opp frå då han reiste for 91 kroner månaden som jungmann på «Hestmanden». «Frontenac» var bygd ved Swan, Hunter & Wigham Richardson Ltd. i Wallsend, Sunderland i 1928. Rederiet var Halle & Peterson frå Oslo. På «Frontenac» vart det igjen langturar. Noko Halvor syntes var godt etter britisk kystfart. Han hugsar då dei var i Middelhavet med «Frontenac». Dei hadde lasta i New York og skulle vera bunkersbåt nede ved Sicilia. Båtane bunkra om natta og var tilbake på kvelden. Der var det mykje skyting. Det var mykje amerikanarar der, og også mange engelskmenn frå 8. arme. Dei låg der i 14 dagar. Det var eit ettertrakta mål for tyskarane å stoppa den bunkersforsyninga. «Frontenac» fekk ikkje treff når dei låg der, men dei brukte mykje ammunisjon hugsar Halvor. Han mønstra av «Frontenac» i New York. Dei var fire nordmenn som haldt i lag. Dei reiste bort til Sør-Brooklyn for å finne husrom. Dei spurte etter rom på norsk, og fekk som ventande var svar på engelsk. Men det kom til slutt ei frisk, raudhåra Farsundsdame bort til dei og spurte om dei var på leit etter hus. Ho kunne fortelja at søstera hadde plass til to og ho sjølv kunne innlosjera dei to andre. Halvor fekk losji hos Farsunddama, Fru Tindeland.

To av dei fire fekk skyss med ein båt som skulle tilbake til England, så Halvor og «Sulingen» vart verande aleine att i Brooklyn. Sulingen hadde så mykje mindre tid om bord, og derfor også mindre fri, så han måtte mønstra på igjen. Då vart det til at Halvor også vart med ned på mønstrekontoret, og begge mønstra på M/S «Ida Bakke». Halvor hadde vore så lite tid på land at han slapp å gå til sjømannslegen. Det var fleire av mannskapet på «Frontenac» som hadde fått påvist tuberkulose, så uvissa etter å ikkje ha vore hos legen plaga han. Då han hadde mønstra på fekk han seg ein halv fridag før dei reiste ut og gjekk då til legekontoret. Det var då så seint på dag at dei ikkje fekk tatt skjermbilde, men han fekk i alle fall tatt blodprøvar. Dagen før dei skulle reisa ut vart han kalla opp til kapteinen, Knut Meling frå Haugesund, for å få svar på prøvane. Halvor tenkte at då var det slutt, men kapteinen, som visst hadde fått seg nokre drammar og var i rettig så godt humør, kunne beroliga Halvor med at prøvane var heilt fine. Kapteinen var ein veldig trivelig mann minnast Halvor. Overstyrmann om bord, ein Harding ved namn Vallevik var også ein gild mann hugsar Halvor. Men han var også nøyen, kvar einaste dag gjekk han i mannskapsmessa og leita med lys og lupe for å sjå om det var skit nokon plass. Til forskjell frå «Ophir», som ikkje hadde elektrisk lys overhovudet, var det alltid elektrisk lys om bord i «Ida Bakke», uansett om dei gjekk i fart eller låg til kais. «Ida Bakke» var av nyare dato enn dei tidlegare båtane han hadde reist med. Ho vart bygd i Göteborg i 1938 og haldt ein fart på heile 16 knop. Dette var stor forskjell frå steambåtane han hadde segla med før, men elles på dekk var det ikkje så store forskjellar.

I november 1944 vart Halvor sjukeavmønstra frå «Ida Bakke». Skipet skulle vidare til India, men Halvor fekk ikkje lov av legen å segla med vidare. Kapteinen sa då til han at han fekk ta det med ro, så skulle han ordne det slik at han fekk kome om bord att då dei kom tilbake frå India. Det vart visst gjort store auger av at skipperen kunne vera så dus med ein vanlig dekksgut. Han vart sendt til ein klinikk i New York, der dei tok prøvar og pumpa opp lungene for å sjekke etter tub. Dette var ein smertefull behandling. Då han sat på venterommet høyrte han nokre forferdelige skrik og då han vart kalla inn fekk han høyra at dei håpte han bar seg betre åt enn landsmannen hans som hadde vore inne før han. Halvor trudde visst dei skulle gjera ende på han, men han fekk prøvane tilbake og dei var fine. Då han først var tvungen til å mønstra av ville han feire jula i land. Legen orda det slik at han fekk julaftan i land. Han gjekk då opp til Fru Tindeland i Sør-Brooklyn for å høyre etter rom. Det passa fint, for Farsunddama hadde hatt ein som flytta ut dagen i førevegen. Han betalte tre-fira dalar for husrom i veka. Det var store forskjellar mellom vesle Sønstabø og Brooklyn, men han vart etter kvart godt kjent i New York. Han hugsar ein kveld han var invitert i besøk til nokre folk, og han visste på forhand at det ville bli seint. Han gjekk derfor til den internasjonale sjømannsheimen i Southstreet og fekk tinga seg rom. Om natta då han skulle heim måtte han spasera gjennom eit dårleg område. Han hugsar at han gjekk midt i vegen, slik at dei ikkje kunne nå han frå fortauet. Han kom seg til sjømannsheimen og fekk låst seg inn på rommet, men det gjekk ikkje lange tida før det kom ein gjeng som ville inn. Halvor stod på sitt og gjentok fleire gonger at det var stengt og dei gjekk til slutt. Jula ’44 tilbrakte han med familien Tindeland og ein anna familie han haddeblitt kjent med. Då han møtte på sjøfartskontoret mellom jule- og nyttårshelga stod han først på lista, så det var ikkje mange valmuligheitene han hadde. Han kunne velja mellom to båtar. Den eine førte ammunisjon og den andre flybensin. Ikkje akkurat drøymelast på nokon av båtane. Den eine av båtane var T/T «Karsten Wang». Dette var ein heilt ny båt som kunne halda høg fart og som var godt utstyrt med skyts dersom det skulle røyna på. Derfor vart det til at Halvor mønstra på «Karsten Wang», som skulle frakte flybensin over Atlanteren. Skipet var bygd ved Sun Shipbuilding and Drydock Co i 1944 ogvar ein av ti båtar som vart overført frå United States War Shipping Administration til Notraship i mai 1944. Då dei la frå kai i New York 2. januar 1945 var skipet lasta til randa med flybensin som skulle fraktas over til England. Han mønstra på som matros. På eine turen då dei gjekk frå New York til Frankrike brukte dei 22 dagar tur/retur, så dei haldt høg fart. Dei vart ikkje sjølv utsett for noko om bord i «Karsten Wang», men dei vart augnevitne til ein fryktelig skjebne for eit søsterskip med same type last. Søsterskipet låg og venta på konvoi mellom Brooklyn og Staten Island. Halvor stod ute på dekk og såg på då det kom ein panamabåt mot det. Panamabåten fekk straumen i mot og skar til sides og var så vidt borte i sida på søsterskipet. Den vesle berøringa skapte ein gnist og like etter var det eit flammehav utan like. Ildsøylene stod rett til vers frå tanklukene og det var eit forferdelig syn hugsar Halvor. Det var visst berre éin mann om bord som overlevde. Han hadde berga seg ved å springa inn i eit kjølerom.

Elles var det forholdsvis lite torpedering på Nord-Atlanteren på den tida. Utpå nyåret og vidare utover våren vart det tydlegare at krigen gjekk i dei allierte sin favør. Dette, i lag med auka flyeskorte og at dei med «Karsten Wang» kunne gå i hurtigåande konvoiar, gjorde at det kjentes tryggare enn før.

Det var på veg vestover kl. 12.01 den 8. mai at dei fekk melding om at freden var komen til Norge. Halvor skulle på vakt kl. 20, og tok difor berre to små «seiersdrammar». Det vart eit skikkelig storslag om bord. Halvor hugsar at han gjekk utanom stormbrua og kom ut på poopen for å halda seg klar”sjøslaget”. Då dei kom til New York fekk dei som hadde sagt opp mønstra av, men det var ikkje så godtå få folk til bensintankarane, så Halvor vart ståande om bord. Dei hadde ein tur til London etterpå, då var det til Porthside for ordre, deretter bar det til Aden. Der fekk dei beskjed om at dei skulle vidare mot Bangladesh. Det var i frå Australia han fekk byrja på heimreisa. Der fekk han skyss med eit skip som skulle til Europa. Kapteinen om bord visste ikkje så mykje om turen, utan at dei skulle til Bombay. Frå Bombay bar det vidare til Japan og deretter til Norfolk. Dei tok seg god tid og brukte over seks månadar før han var tilbake i Europa.

Publisert her 08.05.19

Loading