Ingebriktsneset

Ingebrigt på Neset

Då Berge O Meling kjøpte Sønstabøvågen i 1895, seier kontrakten at to gamle våningshus var unnatekne frå handelen, det eine stod på “Ingebrigtsnæset”. Dette er visst einaste gongen dette namnet finst i eldre skriftlege kjelder, men i daglegtalen har det halde seg levande til dags dato. Kven var so han som gav namn til neset på vestsida av vågen?

Ingebrigt, fødd i 1810, var son til Tomas Tomasson Helgeplass, eller Sørplasset, på Goddo. Første gongen me høyrer om han som vaksen, står han som brudgom i Bremneskyrkja i september 1838 matros. Brura var 18 år gamle Anna Katrine Rasmusdtr. Solberg frå Lofoten. Fram til midt på 40-talet budde dei i Bergen, men kom seinare til Sønstabøvågen der Ingebrigt er omtala som husmann i 1847. 

På hausttinget for Føyen, september 1852, vert det tinglese festekontrakt frå Ole S Mølstre til Ingebrigt på ei 14×10 alner stor tomt i “Lillenæsset”, der sistnemnde har sett opp stovehus for seg og sine. For tomta skal han betala 36 skilling i årleg leige, og så må han ikkje driva handel “som kan være krænkende for Landhandlerstedet Sønstabøvaag”. Me har ikkje haldepunkt for å tru anna enn at det er tufta på Ingebrigtsneset det her er tale om.  

Ved folketeljinga i 1855 er det ikkje registrert husmenn i vågen, verken med eller utan jord; derimot finst her to “Søfarende”, og ein av desse får me vel då tru er Ingebrigt. (Personane er ikkje nemnde med namn i denne teljinga.)

I 1858 skaffar Ingebrigt seg jord ved at han bygslar “Mannavigsnæset”, eit jordstykke som då var skilt frå resten av utmarka med gjerde. Leiga var 60 skilling året. I motsetning til Ingebrigtsneset har namnet Mannaviksneset ikkje vore halde i hevd i ettertida. Det eksisterer berre i denne bygselskontrakten, og spørsmålet er då om me sikkert kan vita kor denne staden er.  I første omgong kunne ein kanskje tru at det måtte vera området omkring huset sitt Ingebrigt leigde, også dette neset er avgrensa med steingjerde; men her er gode grunnar for å tenkja i ei anna lei. Mannaviksneset må vera den teigen som me kjenner under namnet Stykkjet.

Stykkjet er avgrensa i aust av Mannavikjo og Mannaviketjødno.  Neset ber tydeleg preg av å vera rydja og dyrka, i motsetnad til Ingebrigtsneset; og dessutan peikar kanskje namnet Stykkjet tilbake på det “stykke jord” som Ingebrigt bygsla.

Ved folketeljinga i 1865 står Ingebrigt skriven som husmann med jord, og ikkje lenger som sjøfarande. Han er 55 år, fostrar ei ku og sådde ei halv tønne havre og ei tønne poteter. Ti år seinare, i 1875, er Ingebrigt skriven som husmann med jord og fiskar. Han hadde sju sauer og lam, og sådde 3/4 tønne poteter.

Går me til Mannaviksneset og studerer bruket til Ingebrigt, ser me aller først at neset er avstengt med steingard frå vika og opp til tjørna. Dette er nok det gjerdet som fanst frå før og som er nemnt i bygselskontrakten av 1858. Kor gammalt dette er, veit me lite om.

Kjem me lenger opp, legg me merke til at teigen er delt i to, på langs, av eit nytt gjerde. Dette må oppfattast som eit bøgjerde. Ingebrigt har rydja og dyrka vestre delen av neset, og så har austre delen vore utmark, her har kua beita om sommaren. Utmarka har truleg også omfatta heile høgdedraget nordetter mot Ingebrigtsneset. I aust er dette avgrensa av bratt berg og såleis sjølvgjerdt. (Varden på  høgaste knausen vart kalla Ingebrigtsvarden, utan at det nødvendigvis seier oss kven som brukte marka eller kven som bygde varden.)

Heilt utpå stupet ned mot sjøen, ved Øspa, finst ein liten flate som dei gamle (Arne og Sven) kalla Pinaskåro. Når graset skulle slåast her, sette husbonden tau på kona og heldt igjen medan ho gjekk med ljåen. Om det er Ingebrigt og kona denne segna handlar om, skal eg ikkje ha sagt for sikkert.

Innmarka, bøen til Ingebrigt, består av eit sentralt dalføre der han truleg har hatt åkrane sine, medan haugane nord- og vestafor er rydja og  brukt til slåttemark. Dei mange rydjingsrøysane vitnar tydeleg om det. Det finst ingen tufter som tyder på at han har hatt hus av noko slag på Stykkjet, bortsett frå noko som kan vera restar etter ein liten jordkjellar. Bøgjerdet følgjer naturlege hindringar i lendet, og har i nordaust eit tydeleg led. Her  hadde nok strandsitjaren gangveg heim til stova. Hadde han tungt å bera, brukte han helst båt. Nede i fjøra på Stykkjet er det rydda stø til å lenda i.

Heime hadde Ingebrigt som nemnt kona, Anna Katrine, og dessutan seks born: Rasmine Jørgine (f 1839), Thomas Gjertin (-44), Ingebrigt Andreas (-47), Anna Jette Helene (-52), Ole Teodor (-54) og Martin Daniel (-56). Alle borna voks opp, men Ole Teodor døydde i Vestindia, om bord i skonnerten “Ellen” av Stavanger, 29. april 1877.

Familien på Ingebrigtsneset hadde ikkje romslege kår. Frå sommaren 1864 kan me lesa i kyrkjeboka at kona til Ingebrigt, Anna, er sjuk og meddelt  gudsteneste 3. juli. Og i 1867: “Sognebud på Sønstabøvåg hos den sengeliggende Husmandskone Anne Kathrine Solberg.” Ho døydde sommaren 1872, 52 år gammal. Same året får Ingebrigt tildelt 12 våger havrekorn frå fattigkommisjonen, og i åra frametter er namnet hans ofte å finna i kommisjonsjournalane. I 1865 fortel protokollen for Sønstabøe Krædsskole at ni år gamle Martin Daniel ikkje kunne møta på skulen om vinteren på grunn av mangel på klede.

Etter at han vart enkjemann, gifte Ingebrigt seg i 1874 med Helga Rasmusdtr Stokkvik (f 1823).  Helga hadde ein son, Jakob,  med seg inn i buet; med Ingebrigt fekk ho ikkje barn, som rimeleg kan vera so pass tilårskomen som ho var.

I 1891 er Ingebrigt omtalt som husmann utan jord som understøttes af Fattigvæsenet. Han døydde som fattiglem midtvinters 1892 av alderdomssvaghed. Kor lenge enkja vart buande på neset etter dette, er uvisst. Ifylgje folketeljinga 1900 budde ho ikkje på Ingebrigtsneset.  Ho levde sine siste dagar på Nora Sele i 1903.

Kjelder:
Bømlo bygdebok bd 1, s 661
Folketeljingar 1855, 1865, 1875, 1891
Kyrkjebøker for Finnås
Pantebøker frå Sunnhordland sorenskrivararkiv, 1852, 1858
Protokoll for Sønstabøe Kredsskole 1865
Protokollar for Finnås fattigkommisjon

tm17

 548 total views,  1 views today