Gåslandskyrkja

Kva har ei gamal kyrkjedør å fortelja?

Den 12. september 1869 fann den siste gudstenesta stad i kyrkja på Gåsland. Nytt gudshus stod då ferdig på Svortland og vart innvigd fire dagar seinare. Gamlekyrkja vart seinare riven, og brukande byggjetilfang og innbu var selt på bygda; mange var dei som i ettertid kunne fortelja at dei hadde materialar frå kyrkja i heimen sin. Her skal det handla om eit dørblad som på dette viset hamna på Mehus.

Kort tid før den gamle løa på bruk nr. 2 på Mehus brann ned etter lynnedslag ved jonsoktid 2002, fekk underteikna overta eit gamalt dørblad som i seinare år hadde hatt teneste i smalefjosen.

Det var Filippus og Anna Mehus som fekk hand om døra omkring 1870. Det hadde nyss vore utskifting på dei tre gardane her ute, og dei fleste brukarane måtte i det høvet flytta husa sine ut or dei gamle fellestuna. Det var kan henda kjærkome då å få fatt i husavyrkje frå kyrkja.

Då dørbladet kom hit til husar, sette Elisabeth, kona mi, seg føre å arbeida seg gjennom tjukke lag med måling frå mehustida for om mogleg å finna fram til dørbladet si meir opphavlege overflate. Etter kvart kom ein meir nyansert fargebruk til syne, og dessutan fine handverksdetaljar, særleg på dei to fyllingsspeglane. So dukka det opp øvst på ramma to rekkjer med initialar: F F S N og M H D, og under desse, årstalet 1846. Då er me kanskje framme ved byrjinga av døra si soge.

Dette er kva me so langt veit om klenodiet; skal forteljinga halda fram, må det no handla om kva ein trur; det fylgjande er altså ein hypotese. 

Innskrifta på dørbladet set oss på den tanken at kanskje var døra ei gåve til kyrkja i 1846 og at initialane tilhøyrer namnet til gjevarane. Dei to F-ane gjer det naturleg fyrst å tenkja på Filippus Filippusson nemnd ovanfor. Han var fødd på Fylkesnes i 1812, men kor var han i 1846? Jo, han budde på Nese der han var gift med Malene Hansdotter (f 1820), og hadde tidsavgrensa bygselskontrakt på bruket etter far hennar, i påvente av at ein yngre bror var gamal nok til å ta over. Då kan bokstavane falla på plass: Filippus FilippusSon Nese og Malene HansDotter.

Bygdeboka omtalar Filippus som velstandsmann. Om han nytte denne statusen alt på 1840-talet, er uvisst, men ei gåve til kyrkja tok han seg kanskje råd til? 

So er det å fortelja at Malene døydde i september 1855. Filippus sat att med fire mindreårige born og ein festekontrakt som snart gjekk ut; han måtte sjå seg om etter ny kone, og på Mehus fann han både gifte og jord. Her var Benta-Brita nyleg vorten enkje, og – sonelaus som ho var – sikkert fegen for at eldstedottera fekk seg friar, Anna heitte ho. Ungfolket tok over bruket på Mehus i 1863, og flytte inn i nyoppsett stove omkring 1871. So kom altså kyrkjedøra attende til gjevaren – om denne gissinga held vatn då, vel å merkja.

Kjelder:
BB1 s 581 og 638
BB2 s 162
Kyrkjebok for Finnås, 1869

tm16.01.21

Loading