Frå Kina

Fire kinesiske dikt

Å lesa kinesisk poesi skriven for 12–13 hundre år sidan, kan vera fasinerande. Om tekstane har kome til langt borte frå, i tid og rom, er menneska me møter likevel attkjennande.

Det er fyrst og fremst Arne Dørumsgaard som har gjort denne litteraturen tilgjengeleg for oss, med sine mange samlingar av austleg poesi. Sidan lyrikk også er ein munnleg sjanger, og språket til Dørumsgaard ikkje finn seg heilt til rette i min munn, har eg laga eigne versjonar som eg nyttar her. Dikta er henta frå Evige tegn, 1971.


Chang Chiu-ling (673–740)
PILEBLADET 

Eg elskar ikkje den unge kvinna
av di ho har praktfull bustad
ved Den gule elva
og drøymer framfor vindauga 

Eg elskar henne av di ho lét
eit pileblad falla på vatnet

Ikkje elskar eg austavinden
av di han sende meg angen av vår
frå fjella som står kvite
av blomstersnø 

Eg elskar vinden av di han vogga
ømt eit pileblad mot båten min

Ikkje elskar eg pilebladet
av di det minner meg om vår og sol
Jenta har rissa eit namn
på bladet med nåla si

Difor elskar eg pilebladet
for namnet det ber, er mitt

Li Shang-yin (813–58)
UNG

Då eg var åtte
stod eg framfor spegelen
meistra alt kunsten å måla augnebryn

Då eg var ti
gjekk eg på dans om våren
skjørtet av lotus hadde eg laga sjølv

Då eg var tolv
lærde eg å spela lutt
villige fingrar fann aldri ro

Då eg var fjorten
heldt slekta meg under oppsyn
gifteferdig var eg – men langt ifrå gift

No er eg femten
ved grinda vender eg ansiktet bort
og græt i sønnavinden

BODSKAP I EI REGNFULL NATT
TIL EIN VEN I NORD

Du spør om når eg vil koma
Det veit eg ikkje
Eg drøymer om fjella dine
og elvar svangre av haustregnet
Når skal me atter stussa lyset
i vindauga mot vest?
Når får eg atter høyra røysta di
i regnfulle netter?

Yüan Chên (779–831)
KLAGE

Du elska meg frå du var ung
Eg tok deg til ekte
om enn eg var fattig
Du stelte kleda mine
bøtte dei flittig og stilt
med tråd frå vidjekorga
Smykkene dine gav du til sals
frå torget henta du meg vin
og ville urter til hjelp mot svolt
Visne blad frå trea
nørde oss eld i stova

I dag er eg ein halden mann
men det hjelper meg så lite
for alt eg kan gje deg
kan teljast i setlar
framfor grava di

Me leika den tanken at kva
om ein av oss fall ifrå
og no er det røyndom
Du er ikkje lenger levande
og alt kjennest tomt
Kleda dine gav eg dei fattige
og korga står attlaten
i sin mørke krok

Tenestefolka er her enno
men får eg dei i tale
finn eg ikkje ord
Her er inga trøyst i
at også andre fekk slik lagnad
og støtt vil han råka igjen
Sorga tykkjest meg større
for oss som var fattige saman
og delte kvarandre si naud

I einsemd syrgjer eg
over oss båe
Lite har eg i vente
før Døden også hentar meg
Betre menn enn meg har
Himmelen nekta søner
Eg minnest også Pan Yueh
hans bodskap rakk aldri fram
– dei døde høyrer ikkje

Å, du som eig mitt hjarta
– kva ventar oss i grava?
Me trudde visst lite på
å møtast i eit anna liv
me kjende berre dette
Eg ligg i stille natta
i hennar mørke
kan enno augo minnast
panna di og augnebryna
tunge og urolege
av det som livet
hadde å by deg …

tm08.12.19


 575 total views,  1 views today