22.06.2009

Koss kan eg, når den jenta står der, halda min tanke på sporet

Eit dikt i høve Ana sin fest i løa på Mehus, og den irsk-norske forbrødringa

Sidan Irland har forsynt verda med ei mengd store diktarar, er det vel betimeleg i det minste å lesa eitt lite, irsk dikt her i dag. Og i den irsk-norske relasjonen sitt namn, henta ein tematisk intro frå ein norsk forfattar.

I ei av novellene til Frode Grytten (– frå samlinga Popsongar, 2001,) vert me tekne opp i eit fly og gjort kjende med ein av passasjerane, ein mann i 60-åra – skribent, skjønar me. Me er under innflyging til ein by på den irske vestkysten, Sligo. Her har vår mann vore mange gonger før; ja, han kjenner det som å koma heim når han kjem hit. Han tenkjer inderlege tankar om alle sine vandringar langs Sligo Bay og den irske vestkysten, om regnvåte morgonar i denne byen han er så glad i. Kvifor er det slik? Jo, her ligg han gravlagd, William Butler Yeats, den store, store irske poeten, som i ein mannsalder har gjeve meining til livet hans. Han tenkjer på seminara og forelesningane, festivalane fylte med Yeats poesi, og alle menneska han har møtt som har det på same måten som han.

No sit han altså atter på flyet til sin åndelege heim. I setet ved sida av sit ei kvinne. Ho les ei samling moderne irsk poesi; han skriv, han er jo skribent må veta. Dei har for lengst kome i dialog og ho spør kva han skriv. Ein artikkel, seier han, om William Butler Yeats’ dikt Politics. Men nett no, skjønar me, er han meir oppteken av noko anna. Skrivinga vert distrahert av armen hennar som kviler inntil hans på armlenet. Og snart vedgår han, ikkje overfor henne, men oss, at den litterære artikkelen er ein bløff; eigentleg skriv han på eit dikt tileigna denne kvinna som Aer Lingus har gjeve han til selskap. Ho les irsk poesi og han er 69 og kjenner armen hennar inntil sin. Og han kjenner dessutan at motivasjonen for endå ein poesifestival i Sligo, er i ferd med å forvitra.

Når flyet går ned for landing, grip ho handa hans begjærleg – det bør kanskje nemnast at ho har flyskrekk – og han tek til seg hennar heftige tilnærming … 

Her må me forlata novella, for eg har jo lovd å lesa eit dikt av William Butler Yeats. Det heiter altså Politics og skal visstnok vera det siste han skreiv, i 1938. Eg vil lesa det på norsk, i ei fersk gjendikting skriven eksklusivt for dette høvet, opninga av kulturløa på Mehus 27. juni 2009.

W B Yeats:
Politikk

Koss kan eg, når den jenta står der,
halda min tanke på sporet
av kva spansk og russisk
statsmakt gjorde?
Her står ein verdsvand mann
med kunnskap og kloke ord,
der ein politikar
som har lese og tenkt.
Og sikkert er det rett kva dei seier
om fare for krig og våpens larm.
Å, om eg atter var ung
og ho låg i min arm!

Loading