Liv og lagnad …

Sjovat frå Sankt Helena og Ingeborg frå Mandal 


Etter at handelsmann Ole Simonsen i Sønstabøvågen vart konelaus i 1841, gifte han seg seks år seinare med ei enkje frå Mandal, Anne Thomine Tostensdatter. Ho hadde ei systerdotter med namn Ingeborg, fødd 1827, som kom hit til teneste hos mostera.

Sjovat var fødd i 1825 på Sankt Helena – nærast eit skjer å rekna – ved Erevika, der foreldra, Knut Monsson og Torborg Sjovatsdotter, busette seg omkring 1818. Den vesle, jordlause holmen har nok fått namnet sitt inspirert av Napoleon sitt eksil på same tida. 

Med sejr fra Moskva til Kartagena, han dør dog ensom på Sankt Helena. Slik omtalar Bjørnstjerne Bjørnson den forsmådde keisaren sin død i 1821; Torborg og Mons på vår heimlege Helena var ikkje einsame, dei avla sju born på den skrinne bleikja. Stova var so låglofta at ungane ikkje trong stige når dei skulle på lemen for å natta seg. 

Huslyden flytte til Beinvedholmen like ved i 1843, etter namnet å døma hadde også kristtornen sett seg til her; Knutaholmen vart øya visstnok seinare kalla. Mor og to av syskena til Sjovat vart offer for koleraen i 1849 og jordfeste på gravplassen i Erevika, saman med ni andre lagnadsfeller.

5. november 1855 vart Ingeborg Torgjesdotter gift til Sjovat Knutson Sønstabøvåg – som han kalla seg medan han budde her – forlovarane var handelsmannen og grannen, Johannes Amundsen. Om brudgomen fortel bygdeboka:

Sjovat fór til sjøs i mange år før han gifte seg. Segna seier at han gjekk fleire år i «tredemølle» i England fordi han skulle ha drepe ein mann. Ei anna segn fortel at det var han som drap Aksel på Holmen. Dei skulle ha kome i slagsmål om noko rak som dei båe meinte å ha funne først. Det finst ikkje prov på at dette er sant.


I den tid han var ute, lærde Sjovat å stella sår og laga sårsalve. «Sjovatsalven» var vide kjend. Han hadde ogso råd for mange slag sjukdomar.


Sjovat var ein fyndig kar som kunne godt svara for seg. Det er fortalt at han gjekk med eit langt og ureidt skjegg. Presten snakka til han for dette, og sa han måtte fli skjegget sitt, men Sjovat svara at det hadde no stade på eigande grunn til dessar.


Elles er fortalt at Sjovat gjekk og fridde etter ho som vart kona hans, men ho ville ikkje vita av han. Men ein gong fekk han henne med seg i båt, og rodde noko avsides. So tok han og kasta henne på sjøen og heldt henne under til ho lova å gifta seg med han. Han tok henne opp i båten att, og ho heldt det ho hadde lova.


Oline Tomine, fyrste barnet til dei nygifte, vart berre eit halvt år gamal. Olai Theodor kom i 1859, då var foreldra skrivne som innerstar på Sæverudsøya. Året etter bygsla dei Langøya aust for Erevik, Sjovat var såleis attende i sin barndoms skjergard. Her fekk dei borna Thomas Severin og Sofie Elisabeth.

I 1875 har Sjovat status som husmann med jord, og fiskar; eldsteguten på 16 er i teneste hos foreldra. Bruket før ei ku med kalv, og tolv småfe – sau og lam; åkeren bidreg med havre og poteter. I tillegg til gardsdrift og fiske tek Sjovat arbeid som murar og har ord på seg å vera ein dugande arbeidsmann.

Folketeljinga 1900 fortel at det har vore generasjonsskifte på Langøya; Sofie har mann og tre born, foreldra er kårfolk. Olai Teodor er gift på Kruneneset, Tomas døydde for tolv år sidan. Ingeborg Torgjesdotter forlet soga vår i 1909, husfaderen nær fem år seinare.

Kjelder:
BB1 s 6, 330 og 649
Kyrkjebøker for Finnås og Mandal prestegjeld
Folketeljingar 1875, 1891 og 1900

tm21.12.2020

Loading