Liv og lagnad …

Huslyden ved Jakobshaugen

På tufta der den nye løa på bruk nr. 1 på Sønstabø vart bygd på slutten av 1950-talet budde Jakob og Ingeborg, omkring 1870. Jakobshaugen – eller Jakobshògjen som dei gamle sa – vart staden sidan heitande.

Jakob frå Urangsetre kom frå skomakarlære i Bergen til teneste hos kræmaren i Sønstabøvågen tidleg på 1860-talet. Ingeborg Marie var frå Økland. Dei gifte seg i juni 1867 og omkring 1870 bygde dei stove på bygsla grunn under handelsstaden.

Forteljinga om den vesle huslyden går i moll. Ingeborg Marie og Jakob fekk åtte år saman, og mest årleg fekk dei erfara kor skjørt og lite sjølvsagt livet kan vera. År om anna miste dei sine to fyrste born i fødsel. Marta Oline, som kom 1869, fekk derimot leva. Sidan skulle endå eit barsel enda i sorg før dei endeleg fekk guten, Håkon Olaus, i 1873.

Tredje juledag 1875 døyr husfaren, 43 år gamal. Kona er då atter med barn, og når tida hennar kjem, set ho livet til, uden at blive forløst i mai -76. Dei blir båe jordfeste same dag, 25. juni på Fagervoll. No kjem det vél med et gamle mor til Jakob losjerer i huset, med to foreldrelause born, seks og tre år. Men her er meir vondt i vente: Vesle Håkon får berre ein vinter til før også han døyr, av skarlagensfeber.

I 1879 er dagane talde også for farmor, ti år gamle Marta er åleine etter å ha mist alle sine. 

Finaas Lensmandskontor 19. Septbr. 1878: Paa Forlangende kan herved bevidnes at Jakob Haakensen, der i sin Tid fæstede en Hustomt m v under Sønstabøvaag i Finaas, tilligemed hans Hustru er afgaaet ved Døden, og at Huset er solgt og bortflyttet fra Tomten.

Marta Oline voks opp hos fosterforeldre på Steinsbø og vart gift med Kristen Olai Rolfsnes i 1892, i Bremneskyrkja. Han var då registrert som farmar i Nord-Amerika dit dei nygifte drog. Ho vart 92 år gamal, og kviler på ein gravlund ved Marysville, nær  Seattle. Så vidt me veit hadde dei ikkje born etter seg.

Kjelder:
Bømlo bygdebok 1 
– Steinsbø, s 366 nr 45, s 368 nr 52 
– Økland, s 500 nr 14  
– Rolvsnes s 96 nr 44 
– Sønstabø, s 662 nr 81
Digitalarkivet
– Kyrkjebøker for Finnås
– Folketeljingar 1865 og 1875
– Pantebok Sunnh. sorenskr. nr II B.e. 25 s 227
– Branntakst 1872
Mauritz Sønstabø, i samtale 

tm25.11.2020

Loading