Anne og Berta

To systrer frå Bergen til Finnås

Her skal forteljast om to av døtrene til Gunnild Torgrimsdotter og styrmann Even Evensen. Foreldra kom frå Årsvoll i Høyland prestegjeld, Rogaland, men budde seinare fleire stader langs kysten, lengst i Bergen kor Gunnild fødde fire born. Då dei kom dit, hadde dei to små jenter med seg, og det er dei som særleg interesserer oss.

Anne Evensdotter vart fødd 19. desember 1814 i Kristiansand og døypt på nyåret i domkyrkja; seinare kom Berthe til, i 1817 i Drammen. Lite veit me om jentene sine tidlege år, men som vaksne treffer me på dei i det dei stig i land i Mosterhamn, Anne i 1840 og Berta tre år seinare, båe i same ærend – at indgaa Ægteskab. Me kjenner Anne som Madam Mønstre, men det var i siste kapittelet av soga hennar.

27. august 1840 vart Anne gift til Svend Johannessen Espeland i Moster kyrkje. Svend var fødd på Oldereid i 1805. Dei nygifte flytte snart til Bergen, men kom tilbake til Finnås i 1846 og busette seg på Økland i Moster sokn, det vil seia i Valestrand, Svend var då matros.

Berthe vart i 1843 gift med John Andersen Økland. John var velståande, åtte gardsbruk og sildesalteri på Øklandsnes, han var dertil sjøkaptein. Han omkom 45 år gamal i mars 1857 «idet Baaden hvori han befandt sig, blev overskylet. Liget ei fundet» (– sitat frå kyrkjeboka). Då var også Anne enkje, Svend døydde seinhaustes 1855, som innerst på Økland i Moster; truleg budde dei to systrene under same tak. Berta hadde fem born, Anne visstnok ingen.

I 1861 vart Anne gift med Ole Simonsen Mølstre, eller Mønstre som han kalla seg. Han var handelsmann i Sønstabøvågen og vart enkjemann for andre gong i 1854.

Berta hadde forresten to døtrer som også kom til Sønstabøvågen: Berta Hansine vart gift med Kolbein Jonsen – notabasen til Ole Mølstre, og Gustava Bernhardine, gift med Sivert Pedersen, dei var gardsforpaktarar hos den gamle gjestgjevaren.

Erik Johan Jacobsen heitte ein ung bergensar som kom hit i 1835 og fekk arbeid som bøkker. Seinare finn me han att i Mølstrevåg og sidan som handelsmann på Øklandsnes i Sveio. Han vart enkjemann i 1867, men gifte seg på ny med Berta, enkja etter John Andersen. Jacobsen dreiv stor verksemd på Øklandsneset, han var gardbrukar, landhandlar og gjestgjevar; han hadde sildesalteri, notbruk og reiarlag med fire jakter.

15. juni 1878 fortel kyrkjeboka for Valestrand dette om landhandlar Erik Jacobsen: «Tog sig selv af Dage ved Drukning, sandsynligvis i Sindsforvirring.» Det kan kanskje ha med saka å gjera at verksemda hans nyleg var konkurs. 1870-talet var ei vond tid for sildekapitalistane, fisket gjekk til inkjes og konkursane vart mange.

Vilkårsenkja Berta Jacobsen Øklandsnes døydde i 1882, systera i Sønstabøvågen i 1901. Madam Mølstre hadde då vore åleine i åtte år, på vilkår hos den nye væreigaren, Berge Olsen Meling.

tm31.3.21

Loading