Ferdaminne frå 2014

Kvinner i Cascais

Eg gjekk attende dagen etter
i von om draums røyndom

Lucullus heiter restauranten
som hadde mat for alle sansar
Kva dei to kvinnene heiter
veit eg ikkje

ho som teksta medan ho lunsja
– ansiktet
som svara så levande
på meldingane inn og ut

og ho som serverte
– sjarm og sanselege minne
Sette ho ikkje seidelen
på feil side av kuverten?
Det fall meg lett å tilgje

tm14

Loading