Fasinasjonar 2

Du går forbi
og ansar’kje augo
som tel dine steg
ikkje blikket
som trår ditt vesen

Snart er du utom
yre sansars vald
men rytmen hamrar
enno her

 7 total views,  1 views today