Jordbrukaren

Den lange, lange Sti over Myrene

og ind i Skogene, hvem har traakket op den? Manden, Mennesket, den første som var her. Det var ingen Sti før ham. Siden fulgte et og andet Dyr de svake Spor over Moer og Myrer og gjorde dem tydeligere, og siden igjen begyndte en og anden Lap at snuse Stien op og gaa den naar han skulde fra Fjeld til Fjeld og se til sin Ren. Slik blev Stien til gjennem den store Almenning som ingen eiet, det herreløse Land.

Manden kommer gaaende mot Nord. Han bærer en Sæk, den første Sæk, den indeholder Niste og nogen Redskaper. 

Frå Knut Hamsun: Markens Grøde, 1917

Slik let Hamsun oss møta rydjingsmannen
han som med to sterke nevar set seg bu
der ingen før har vore
Sidan får han seg kvinne og born 

Isak heiter han
som er han ein abrahamsætling
på veg mot lova land
Og ser me nøyare etter
dreg me nok kjensel på han
vår eigen stamfar som han er

for midt i dette Isaks rike hadde me vår heim
Her bygde me hytter
for hemmelege gjeremål
her var sigletjørna kor me landa
vår fyrste sildefangst
her fanst vatn til barnlege symjetak
og is til kalvbeinte skeiser

Når leiken so tok slutt
fekk markaturen anna innhald
Alt ein hadde sett og sett frå ein var liten
fekk ein no verkeleg auga på
Ein fekk å tenkja
at her har nokon arbeidd og slite i mannsaldrar
for å skaffa seg utkoma

Det er ein lang og strid livssamanheng me står i
Ein skjønar snart
når ein trør stien i den skrinne marka
at dei kom ikkje lett til brødet, dei gamle
Og enten det er av age for rydjingsmannen
eller i undring over fortida
so vert ein ståande ved utmarksledet
– spørjande
Kven er eg i dette

tm2006

Loading