Dagrun fortel

Maurits-tunet, bruk nr. 5 på Sønstabø

Ei jente, Marta, vart fødd i 1829 med berre ei hand. Ho vaks opp heime på Øvre Nese saman med søskena Herborg og Sjur. Mora døydde då Marta var fem år, og faren Tomas gifte seg oppatt og fekk fire born med den andre kona.

Morfaren til Marta, Halvard Sønstabø, skøytte bruk nr. 5 på Sønstabø til barnebarnet Marta i 1843. Dette er bruket Maurits dreiv seinare. Marta var då berre 14 år, og det var tenkt at ho ikkje kunne gjere så mykje ettersom ho hadde berre ei hand. Men jenta lærde seg både å strikke og brodere, ho fekk endåtil ein premie for saumen sin.

Så gifte ho seg  i 1850 med Knut frå Nore Meland, fødd i 1824, døydde 1886.

Marta og ei av døtrene

Saman dreiv dei garden på Sønstabø. Dei fekk fem jenter som levde opp. Dei siste to  borna,  gutane Mikkel og Knut,  døydde sju og tre år gamle. Marta var rekna som ei særs dugande kone. Ho levde til ho var 95 år, i 1924.

Gamlehuset slik det var før, øvst på trappa står Marta

Ei av døtrene, Gurine, flytte til Kvalavåg på vestsida av Karmøy. Det vert fortalt at Marta var der og besøkte henne. Då ho skulle heimatt, fekk ho med seg ein ny gyngestol, og den bar ho med seg over Karmøy fram til båten som tok henne med heim til Bømlo.

Eldste dotter til Marta og Knut, Anna Katrine, gifte seg med Mons Olaus og dei fekk borna Marta og Knut Mathias. Mons vart enkjemann i 1899. Dei to borna Marta og Knut var då 22 og 14 år. Han gifte seg opp igjen med Alis Larsdotter Eikemo, fødd i 1864, som vart enkje same året som Mons vart åleine. Ho hadde då to små born, Lars fem år og Gurine to. Eit tvillingpar som vart fødd same år som faren døydde, levde berre ei kort stund. 

Då Lars var åtte og Gurine fem år, flytte dei til Sønstabø. Der budde dei alle i gamlestova på garden. Lars vart gift og busette seg på Hiskjo, Gurine på Meling. Ho har ei stor slekt etter seg. Mons døydde i 1923. Alis budde på Sønstabø til ho vart sjuk. Siste månadene var ho sengliggjande hos sonen Lars på Hiskjo. Der døydde ho i 1948.

Knut Monsson overtok bruket i 1919. Han gifte seg med Anna Økland, fødd i 1887 og bygde nytt hus på garden. Dei fekk to born, Kitty, fødd i 1922 og Maurits, fødd i 1927. Knut døydde på sjukehus i Bergen same år som Maurits vart fødd.

På trappa står Anna, Knut og Kitty

Maurits døydde i 2017 og no er det sonen til Kitty, Per Marton Dyngen, som har overteke bruket.

Kjelder: 
 Bømlo bygdebok, bind 1
Håkon Sønstabø, Hiskjo
Per Marton Dyngen (bilete)

Dagrun Jøsok, mars 2021


Loading