31.05.2016

I dag sat eg eksamensvakt

Det kjendest godt å vera tilbake på arbeidsplassen min etter fleire års fråvær, og atter sitja framfor ein flokk skrivande ungdomar. Ein situasjon som ofte gav meg inspirasjon i arbeidet.

Ei av norskoppgåvene gjaldt å samanlikna to tekstar:

Brevet, av Jan Magnus Bruheim

Eg sit i kveld og skriv til deg
og kjenner orda spire.
Men enno står det berre eitt
og lyser på papiret.

Eit ”kjære” berre, står det her.
Eg må vel finne fleire?
Men vide flakkar tankane,
som fuglar kringom reiret.

Det er så mangt eg skulle sagt –
fortenkt eg sit ved bordet
og tenkjer: Kanskje er det nok
med dette eine ordet.

Eg ynskjer deg – kvarhelst du bur
langt borte eller nære,
at du kan kjenne varmen frå
det vesle ordet: Kjære.

Den andre teksten var henta frå boka Hel ved av Lars Mytting (2011). I utdraget her kjem kjærleiken til uttrykk ikkje-verbalt. Om den sjuke grannen som omsorgsfullt lødde, og seinare fekk i hus, vinterveden før han døydde. So kan kona, enkja etter 50 års samliv, varma seg på god og tørr ved i den komande kalde og mørke tida. Kapittelet har overskrifta Burning love.

Ja, samværet med desse tenkjande, skrivande unge menneska gjorde noko med meg. Det var som om eitkvart frå fordoms dagar vakna til live i hugen. Skal tru om også dette kan handla om kjærleik?

Loading