Folk

Møllebestyrer Søren Gabrielsen

Møllestyrar Søren Gabrielsen er omtala slik i Bømlo bygdebok, bd 1 s 661:
Søren er kalla «møllebestyrer» i 1857. Tuleg stelte han med kverna som Ole S. Mølstre hadde i Kvednavikjo. … Søren og huslyden flytte bort før 1865.

Kvednavikjå det her er snakk om, opnar seg i sønstabømarka aust for Kråkestø. Ein kvernstein låg lenge som vitne ved sørenden av Apalemyra ovanfor vika, ved ei klype der bekken som samlar vatn frå myrområdet, renn ut. Her fanst altså den omtalte mølla, ei flaumkvern må det vel helst ha vore.

Eg ser at andre lokalhistorikarar har festa lit til opplysninga om møllestyraren til Mølstre, og nyttar denne som belegg for at handelsmannen hadde stort kvernbruk ved Sønstabøvågen. Me som er lokalkjende, kan stussa over at ei kvern ved Apalemyra verkeleg kunne ha eit kommersielt potensial. Etter nærare gransking er eg redd bygdeboka treng eit korrektiv til opplysningane ovanfor. Søren Gabrielsen har nok aldri budd her i bygda, men i tilgjengelege kjelder kan me fylgja karriereutviklinga hans frå møllersvend via møllermester til møllebestyrer.

Søren var fødd i 1808 i Feda sokn i Kvinesdal, me treffer på han som møllersvend i Bergen i 1840 i det han gifter seg med Pauline Bergithe Øgaard, fødd i Bergen 1814.

I juni 1842 er Søren skriven som innflyttar til Sund prestegjeld  for som Möllermester ved Vindmöllen paa Glæsvær at söge Underhold. Her har dei nygifte truleg budd sidan dei fekk fyrste barnet, fire jenter bar dei til dåps i Sundkyrkja fram til 1845.

Då femte dottera kom til i november 1849, budde huslyden i Bergen, og faren kalla seg Möllermester Sören Gabrielsen Stormöllen. Det tyder på at han no har arbeid ved mølla i Store Sandviken som hadde dette namnet. Siste barnet, Juditte, kom i 1851. Fem år seinare er Søren registrert som Bestyrer af Möllendals Valsemölle, Bergen.

I 1865 finn me Gabrielsen ved Eidsvåg mølle der han bur på hybel medan resten av familien framleis bur i Bergen, han er tydelegvis kva me i dag kallar pendlar. I 1870 er husfaren titulert möllebestyrer. I alderdomen budde Pauline og Søren i Claus Fastings gate i Maria kyrkjesokn, der døydde dei i 1891 og -92 av alderdomssvaghed.

Men kva so med deira lenkje til Sønstabøvågen? Jo, det hadde seg nok slik at Pauline sin bror kom hit, Peder Øgaard heitte han, og var skomakar (BBI s 662). Han og kona hadde ikkje born, men i 1857 kom Petrine Gunhilde Gabrielsen til dei som 15-årig ukonfirmert jente. Same hausten stod ho konfirmant i Bremnes kyrkje med attest «Meget god i Christendoms Kundskab og Flid.» I denne samanhengen nemner kyrkjeboka foreldra hennar med namn og sosial stilling. Kan henda var dei også til stades i kyrkja på Gåsland denne oktobersundagen, men det har so langt vore uråd å finna dokumentasjon for at dei har budd her. Petrine flytta til Bergen to år seinare. 

Kjelder:
Kyrkjebøker for Finnås, Sund, Nedre Kvinesdal, Årstad, Mariakirken
Folketeljingar 1865, 1870, 1875
Bergen historiske forenings skrifter, nr. 52 (1946): Gamle møller i Bergen
Bergen byleksikon, 2009: Eidsvåg mølle

tm 2.10.2021

Loading