Brått vart eg heimsøkt av ei stor glede
Eit minne tileigna den europeiske språkdagen, 26. september:
Det var i ei syngjande forsamling
det hende
i fyrste strofa alt
Oftast er det ordet som vil hevda seg
ved sånne høve – eller tonen
her var det språket som talte til meg
Tenk å få eiga slikt eit språk
som ytrar seg so tett på tanken min
og talen
– og med slike lydlege krefter
Du vart nok riven med
av songen sin kjensleflaum
var det ein trave som terga inni meg
– fekk gjennombløytt ditt hjarta
Javel?
– men nei!
Eg står ved mi glede
og kjenner lukke
ved å ha eit so heimsleg mål
å spela meg med