21.12.2023

Til Facebook

Jubileum her i kveld. 50 år sidan me treftest fyrste gongen, mi kjære Elisabeth og eg.
Møtet vart seinare gøymt i ord, eg deler dei no med deg.

Fredag 21. desember 1973

– og brått stod to framande jenter i rommet
Ikkje skjøna eg då at dei var englar
sende frå Himmelen
for å varsla ei ny tid 

Far og eg og fjernsynet
og så stod dei der berre 
– som var dei to heilt vanlege menneske 
og såg på oss

Eg innsåg nok snart 
at dette var noko for meg
meir enn for papen
Me gjekk til rommet mitt
og sette på ei plate

Semje om at musikken var bra 
kva som elles vart tala om
er sidan gløymt
– men ikkje det usagde

Utfor døra ved farvel 
lydde me til havet
Det minte dei visst om noko kjært 
– om fyret deira

Så drog dei bort
Det var kveld
og det vart morgon, fyrste dagen

Loading