Ved Vardavikjå

Førhistoriske minne i Finnås prestegjeld 
v/Per Fett, Universitetet i Bergen, Historisk museum 1973

Mehus, gnr. 105:
Røys ligg i småknausete lende med gras og myr i søkka, øvst på ein knaus i Storneset. Ho er 7 m i tvm., 0,5 m høg, bygd av frostsprengd stein, nå jordblanda og mosegrodd. På toppen står ein varde. 15 m o h. Vidt utsyn.

***

„Ingen har varda den vegen du skal gå“

seier sæle Olav H

og heller ikkje eg
meiner han
vil varda min veg

Ein skjønar nok då
det er sjølve Livet
han tenkjer på

koss ein der
i rådlaust kår
kan gå seg vill

men på høgda her
kor Døden rår
fekk eit méd koma til

Einkvan er hauglagd
ved leia her
og han har varda
si siste ferd

tm13

Loading