Frå krigen 1807–14

Då det leid på dagen, såg dei eit stort skip i sørvest, ..

I Bømlo bygdebok (bind 1 s 447) kan me lesa om los Endre Larsson Sjøvoll:

Det er fortalt at under krigen 1807-14 låg Endre og sonen ein dag i Flaskesundet vestanfor Rogøyno og flydde etter pale. Då det leid på dagen, såg dei eit stort skip i sørvest, og Endre trudde det skulle ha los. Dei sette seg båe til årene og sprengrodde søretter for å koma Neselosane i forkjøpet, men dei var åleine som rodde utetter. Dette undra Endre seg på, men dei rodde vidare det dei orka.

Då dei kom oppunder skipet, fekk dei sjå kvifor Neselosane ikkje var ute. Det var ein engelsk fregatt, med det engelske krigsflagget vaiande under rånokken. Endre snudde brått og ville ro vekk, men ein skotsalve fekk han til å stansa, og han vart kommandert oppunder skipet. Endre måtte lyda, men stakk lospatentet under tilja og rodde oppunder. Dei vart tekne ombord og spurde om dei var kjende i farvatnet, men Endre gjorde seg toskut og læst ikkje skyna engelsk. Men so henta dei ein gast som kunne norsk, og då måtte Endre svara. Dei sette han til rattet, og for at han ikkje skulle røma, kveila dei ei trosse rundt han til opp under armane.

Fregatten var komen inn sørmed Espevær tidlegare på dagen, og hadde sett båt på sjøen og vore oppe på Olvondo og skote nokre smaler som gjekk der. No skulle dei ta ei kornskute som låg i Bekkjarvikjo, og måtte ha los. Men det var alt seint på dag og kapteinen ville venta til dagen etter. Det var godt vêr med litt søraust bris, so dei låg og kryssa utanfor kysten i måneskinet. Det var om hausten, og kornet stod på staur. Kapteinen såg på kornstaurane inne på landet i kikkerten, og spurde kva det var for noko. Endre svara at det var kystvernet som var ute og ekserserte.

Theodor Kittelsen: Kornstaurer i måneskinn

Om morgonen kryssa dei utanfor Høklene i Selbjørnsfjorden, og engelskmannen sende prisemannskap inn til Bekkjarvik og tok kornskuta. So vart Endre sleppt fri, og fekk noko mat og mjøl med seg.

Guten hadde heile tida fått gå som han ville. Han hadde langt hår, som var vanleg då, men engelskmennene tok og snauklypte han. Sundagen etter var det preike, og Endre og guten var til kyrkje. Folk lo åt guten som var snauklypt, og kunne ikkje skjøna at faren hadde late engelskmennene klyppa han.

Loading