Surt ute i dag, me kjem nok til å halda oss i bolet, med lesteren.
Frå Helge Torvund si nye diktsamling
– basert på Arne Garborg sin prosa, her frå Knudaheio –
hentar eg fram dette:
TRØYST
Når eg såg utover den vide vene verda mi
i måneskin i går kveld, vart eg sorgfull.
For aldri i mitt liv kan eg skildra slikt som dette.
Det er for stort. Det er for vakkert.
Men i dag finn eg trøyst nettopp i det.
For om eg kunne skildra det slik for andre,
ville ferdafantar og turistfluger koma
her ifrå og der ifrå og stilla seg opp og seia:
„Storartet!“
Å finna ein bustad der ein er trygg for slike,
det er den største lykke.
Dei finn elles fram overalt, og særleg der
kor ein vil vera i fred.
Fint og trygt ligg stova på sin lyngrabbe.
Sæl er eg, at eg fann denne tufta her!
Og bak meg gamle fjell med røynsler.
Langt der ute ollar havet. Veldig og ungt.
Frå: Der hegre stig – Glimt av Garborg, 2025
![]()
