Torv

Til Maurits på 70-årsdagen, 29. april 1997

Torvbruken på Nordtun, Mehus og Sønstabø   

Upp frå den låge sandstrandi tøygjer seg eit armt, grått land med lyngbrune bakkar og bleike myrar, yvi-sått med kampestein, trelaust og berrt: –. Her susar vinden dag og natt. Og grå-vêre  ligg lågt over viddi,–.
Yvi det heile spanar himilen seg vid og grå, frå fjellgarden til havs og so vidt ein ser, – det einaste ljoset yvi tilvære. Stundom sig han åt jordi og sveiper lande i regn og skodd som i ein duk. Og det regner og regner til lande fløymer. Her og der uppetter bakkar og rés kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum, –.

Det er Arne Garborg som skildrar heimtraktene sine slik (Fred, 1892). Sjølv om vårt landskap ikkje liknar Jæren, så kan me i mangt kjenna oss att i dette bildet. Og “sveipet” av torvrøyk låg nok like støtt over heimane her som der.

Det er forresten ikkje fyrste gongen litteraturen gjev oss vitnemål om bruken av brennetorv. I Soga om Harald Hårfagre fortel Snorre Sturluson om ein frilleson til Ragnvald Mørejarl som heitte Einar. Han busette seg på Orknøyane der han vart kalla Torv-Einar av di han let skjere torv og hadde til ved, for det var skoglaust på Orknøyane. Dette tyder på at torvskjering var noko Einar kjende til heimanfrå; altså om lag år 900.

Torv som brenselsressurs har med andre ord lange tradisjonar i dei strøka av landet som var skoglause, som kystbygdene her hos oss. No kan rett nok dei som har vore med og henta torv or myrane, fortelja at dei ofte kom over digre røter etter både lauv- og bartre. Skog har her altså ein gong vore, men så langt ein veit i dag, vart denne kystskogen svidd av for å skaffa beitemark til husdyr for eitt til to tusen år sidan. Etter denne tid er det altså at torvbruken har teke til.

På gardane her ute ved havet har det altså i historisk tid vore skoglaust. Frå gamalt skal dei, etter kva som seiest, ha hatt sine skogteigar på innsida av øya der dei då har kunna henta bygningsvyrke og kan henda også brensel. No er desse rettane avvikla.

I den såkalla Herredsbeskrivelsen frå 1866 vert det sagt at dei tre gardane det her er tale om, har 1/6 av brenselstrongen sin dekka av torv og rot frå myrane. Spørsmålet om kor dei henta resten av brennefanget frå, får me la liggja i denne omgangen. Nedanfor skal me sjå nærare på torvbruken på gardane, men først litt om kva torv er for noko.

TORV
er generelt nemning på planterestar som på grunn av manglande tilgang på luft ikkje har vorte fullstendig nedbrotne til mold. Torv finst i myrlende, der grunnvatnet står så høgt at det dekkjer mesteparten av det organiske materialet som ligg oppå berggrunnen. Øvst har myra vegetasjon over eit skikt med humus, djupare nede finn ein torv.

Meir vitskapleg kan me seia at medan formolding er ein oksydasjonsprosess, er fortorving ein reduksjonsprosess. Fortorvinga skjer svært langsomt; manglande oksygentilgang, og dermed også minimal bakterieverksemd, hindrar humusstoffa i å bli nedbrotne, og me får eit produkt med eit vesentleg høgare karboninnhald enn kva som finst i mold. Slik vert torv ein brenselsressurs. At skogen vart fjerna langs kysten, medverka til auka  myrdanning i og med at mykje av den væta som trea tok opp, no vart verande att i jorda.

Brennetorva kan ha ulik kvalitet etter omdanningsgrad og  etter kva for slag vegetasjon ho har bakgrunn i: lyng, gras, mose o a. Særleg vart lyngtorv rekna for å vera verdfull.

TORVONNA
Arbeidet i torvmarka gjekk føre seg på forsommaren, før slåtten. Ei veke rekna ein gjerne at onna tok. Torva vart lagd til tørk utetter sommaren, og sidan teken i hus før hausten sette inn. Som nemnt, fann ein ofte store trerøter i myrane, desse vart hogde opp til ved.

For å komma ned til torvmassen, måtte ein spa av det øvste laget av myra, den såkalla topptorva, som var for lite omdanna til at ho kunne brukast til brensel. Når økta tok til, spadde ein ei stripe, men let det stå att ein vegg mot det førre feltet. Torvbenken, som han vart kalla, skulle halda vatnet borte så her vart råd å arbeida. No grov ein seg ned i stadig djupare lag, gjerne ei mannshøgd. Farleg var det dersom torvbenken brast og vatnet kom over han som sto i grava. Han måtte vera sterk, han som spadde, og så måtte han stå mest mogleg i ro så ikkje fotfestet vart elta for mykje til graut. Skjedde det, vart arbeidet ekstra tungt.

Den eldste måten ein henta opp torv på, var nok å spa opp blokker, såkalla spatorv eller skjeretorv. (I Bømlo bygdebok VI s 526 er det fortalt om torvskjering i Rogøya.) Dei på garden som hugsar torvarbeidet, fortel helst om torvelting. Somme kan rett nok minnast at det vart teke spatorv i Midtstemmemyra på Sønstabø. 

Eltetorv-metoden gjekk ut på at ein sto nede i grava og stampa (elta) torva med føtene til ein fekk ein seig masse. Massen vart deretter spadd opp og lagd i former som ein bar ut på vodleplassen, høveleg lende i nærleiken av myra. Formene var laga som ein avlang kasse av tre, inndelt i rom av passande storleik. Når ein på tørkevollen snudde forma og drog ut botnen, vart torvblokkene liggjande att på marka. Med denne metoden fekk ein nytta meir av ressursane etter kvart som myrane vart utspadde. Eltetorva vart dessutan meir konsentrert enn den tradisjonenlle skjeretorva og fekk dermed høgare brennverdi. 

Seinare, på 1930-talet, vart torveltinga mekanisert. Den såkalla torvmaskinen vart teken i bruk. Trass i denne mekaniseringa baud framleis torvvinna på mykje og tungt manuelt arbeid. Nede i skòra trongst ein mann til å  spa ut  og hiva opp massen; oppe, ein til å mata maskinen ved hjelp av greip, og tilføra høveleg med vatn. Dernest måtte det fire hender til på sveivene, ein person på kvar side av maskinen.  Ut or maskinen kom ferdigelta torv forma som ei blaut, flat kake, som vart teken hand om med ei spøve, og boren ut til vodlings. Alt etter kor langt det var til vollen, var det bruk for fleire personar til å gå med spøvene.

Me ser no at mekaniseringa sysselsette mange menneske i arbeidsprosessen, minst  seks-sju personar på arbeidslaget. Medan torvarbeidet tidlegare kunne vera eit reint familieforetak, måtte ein no i større grad organisera onna som  bytesarbeid. Dertil kosta torvmaskinen mykje pengar slik at gardane gjekk saman om kjøpet. Det var nordtunsbøndene som åtte torvmaskinen som var i bruk her i grenda.

Dersom det var råd å få det til, grøfta ein ut doven før ein tok til med torvskjeringa; jo mindre vatn her var, dess betre. Dette får me eit godt inntrykk av om me tek turen til Strussøya, utover mot Håsundet. Her ligg eit nettverk av små myrhol i ulike nivå med dreneringsgrøfter seg imellom, og ut mot sjøen.

Om arbeidet i myra og vodlinga var den tyngste delen av torvarbeidet, var her meir å gjera før ein hadde brenselet ferdig til bruk. Når torva hadde tørka så pass at ho hadde fått handfast form, vart ho sett opp  i stakk for å få ut meir fukt. Tre torver vart sette på kant med ei til lok. Utpå sommaren, måtte ein ut i marka og få torva i hus.  Og så var det å gå med kipa meir eller mindre dagleg utetter hausten og vinteren, og bera torv til husar. Dette var nok mykje eit arbeid for kvinner og større born. 3000 torver vart rekna som eit vanleg årsforbruk i eit hushald. 

TORVHUSET
Me har ingen heile torvhus ståande att på garden i dag, men restar etter fleire kan me  finna. Husa var mura av stein med halletekke over,  døropninga oftast mot nord. Ved Øvre Sevjedalsmyra finn me to hus ståande vegg i vegg. dei tilhøyrer bruk nr. 2 og 3 på Nordtun. Ved Sølvrustemyra står murar etter tre hus tilhøyrande sønstabøbruka: Bnr. 6 i nord-aust, bnr. 4 i sør  og bnr. 5 i vest. Ved sistnemnde finn me også raude panner etter taket. Eit fint eksemplar er også å sjå ved Kyrkjemyra i Skarpaneset, der Johan Sønstabø (bnr. 2) hyste torvet sitt. I denne myra rådde han åleine etter jordskiftet i 1884.

Kyrkjemyra

TORVRETTANE
Om torvfyring er ein lang tradisjon hos oss, er det rimeleg å tru at etterspørselen etter torv tiltok frå slutten av 1700-talet. Då kom jernomnen meir og meir i bruk, og denne eigna seg betre til torvfyring enn tradisjonelle opne eldstader. Det vart etter kvart også vanleg med fleire omnar i husa. I 1860 hadde handelsmannen i vågen  seks omnar i våningshuset sitt, i tillegg til grua på kjøkenet. Grannen oppe på Tømmerhoien, Finnås’n, hadde tre, men so flust med eldstader var det ikkje elles på garden. Folk flest hadde på denne tida ein eller to kokeomnar  i stovehuset. 

Tidleg på 1800-talet kom ein serie med beinkalde vintrar som nok gjorde torveimen tjukkare enn før. Når ein dertil tenkjer på den store folkeauken på garden utetter 1800-talet, kan me forestilla oss at presset på torvmyrane auka. Dette kan vera årsak til at marginale torvressursar synest å ha vore tekne i bruk på denne tida, noko me skal komma tilbake til seinare.

Frå gammalt låg all utmark i sameige mellom dei tre gardane Nordtun, Mehus og Sønstabø. Dette førde til at ein måtte samsnakkast om det meste ein tok seg til i marka. Samarbeid og uformelle avtalar regulerte nok bruken av utmarksressursane. Onna var tung og trong mange sterke hender, også dette skapte tradisjon for bytesarbeid. I 1847 vart utmarka delt mellom gardane, men fellesskapet i myrane vart halde ved lag enno ei 15 års tid. Men så kan me lesa i tingboka:

Høstthing for Føyn 23 September 1862
Forening. En imellem Opsidderne paa Northun, Mehuus og Sundstabø samt Sundstabøvaag indgaaet og afsluttet mindelig Forening angaaende Torvemarken, hvis Indhold er:  at det imellem disse Gaarde ved Skiftesforretning den 27 August 1847 hjemlede Fellesskab er ved denne Forening aldeles ophævet; og at Enhver af de nævnte Gaarde skal for Fremtiden have sin Torvemark inden de ved samme Skiftesforretning i Udmarken udskifte og opdelte Grændser, som at den ene Gaards Gaardeier ikke har Ret til mere  at berøve den andens Eiendom desangaaende, men O S Søndstabøvaag forbliver fremdeles i Fællesskab med Mehuus i Torvemarken. Og da det blev anseet saaledes at Mehuus og O S Søndstabøvaags Andel var større end de Andres saa overlod disse sin Andel i Strudsøen (: med Hensyn til Torvemarken:) til Northun som Godtgjørelse derfor, men de øvrige Øer faar bruges for Fremtiden som de har været brugte i de sidste 10 Aar. Og at vi alle Opsiddere som Selveiere ere enige heri bevidnes med vor egenhændige Underskrift: Sønstabøvaag den 28 Juni 1862. Ola Olsen, Bent Joacimsen. Rasmus Larsen og Erik Hansen Northun, Øisten Øistensen og Philipus Philippussen Mehuus, Ole S. Mønstre, Bent Olsen, Gunder Hansen, Knud Mikkelsen, Mikkel Mikkelsen Sønstabø.

Seinare, på 1870- og 80-talet, vart det halde jordskifte på gardane der kvart bruk fekk sin del av marka, og av dei attverande torvmyrane: Kvar mann skulle heretter halda seg til den delen av myra der han hadde torvrett. Ved myrane kan me finna kryss og merkesteinar som vitnar om denne delinga. (Utskiftingsdokumenta gjev dokumentasjon for desse grenselinjene.)

Til torvrettane høyrde også rett til å setja opp torvhus, til vodleplass og nødvendig veg. Veg var nok i dette høve for det meste gangsti, men i Storneset kan me finna  køyreveg heilt fram til Storamyra. 

MYRANE
Opp gjennom tidene har ein vore med spaden mange stader i marka og henta ut  torv. Det er grunn til å tru at lokalitetar som Krokavatnet og Litlanestjørna er vitnemål om eldre tiders torvbruk. Andre myrar som tydelegvis var utspadde før utskiftingane, er Falkhyttemyra, Stuemyra og Øvste Sirikronemyra  i nordtunsmarka. Dei myrane som er delte i jordskifta, var dei som framleis var aktuelle som ressursar. Når til dømes Ole Simonsen i Sønstabøvågen fekk alle sine rettar i Mehusmarka, må nok det tyda på at myrane i hans eiga mark allereie var utspadde. 

Utskiftingane nemner desse myrane:
Nordtun: Sevjedalsmyra, Øvre Sevjedalsmyra, Myra i Tjuvadalssmettet og Midtmyra.
Mehus: Storamyra, Varavikemyra, Skarpanesmyra og Kyrkjemyra.
Sønstabø: Norda og Søra Kjølsmyra, Midtstemmemyra, Apalemyra, Sølvrustemyra og Idlemyra.

Ved Sølvrustemyra

I tillegg til desse stadene, vart det teke torv i Strussøya og på fleire av øyane.
Jordskifta let Strussøya framleis liggja i sameige, men me ser av avtalen ovanfor at Mehus og Sønstabøvåg gav sine torvrettar der til Nordtun. Ingen på garden i dag  har delteke i torvarbeid i Strussøyno. 

TORVSKJERING PÅ ØYANE
Torvavtalen frå 1862 seier mellom anna at “de øvrige Øer faar bruges for Fremtiden som de har været brugte i de sidste 10 Aar.” Mellom linjene står det altså her nemnt torvbruk på øyane midt på 1800-talet, men heller ikkje her har me levande tradisjon å byggja på. Folk på garden veit likevel å fortelja at nordtunsmannen tok torv på Hjeltholmen, dessutan skal det ha vore teke torv i Kvednaholmen. På nokre av holmane kan me enno i dag sjå spor etter torvskòrer: Svinøya, Lyngsvo, Komløyane, Longholmen og Hjeltholmen. Litt underleg kan det verka at ein henta torv på holmane så tidleg som omkring 1850. Myrane her ute var små og grunne, og torvforekomstane kan ikkje ha vore store. Ein skulle jo tru at det først var etter at det minka på torva i heimemarka, at ein tok fatt på slike marginale ressursar som dei ute i øyane.  

DEI SISTE ÅRA
Myrane var ikkje alle like djupe, og ikkje alltid var torva like god. Mekaniseringa innebar at myrane måtte vera rimeleg tilgjengelege med kjerre. Med tida vart det soleis mindre torv å finna, og somme stader uaktuelt å spa. Torvvinna i heimemarka tok slutt i krigsåra og dei siste åra ein nytta brennetorv, kjøpte ein frå Meling og Rogøya. Etter krigen vart det kol å få kjøpt, og dermed tagna etterspurnaden etter torv.

Kjelder 
Bondens håndbok, Oslo 1955
Arne Garborg: Fred
Snorre Sturluson: Heimskringla
Arne L Christensen: Den norske byggeskikken
Jordskiftedokument, branntakstar og vilkårsbrev
Informantar: Ørjan Ørjansen, Lars Staveland, Maurits Sønstabø

tm 2019


Loading