Garden

Om nemninga gard

Frå gammalt er jordbruket sin arena garden, eit inngjerda stykke jord. Jordbrukaren vert dermed gardbrukar. Med tida vart dei fleste gardane delte i mindre brukseiningar, difor talar me om gardsbruk. Årsakene til gardsdelinga finn me i effektiviseringa av jordbruket dei siste hundreåra, og dessutan i den store folketilveksten på 1800-talet. Innanfor kommunen har i dag gardane kvart sitt gardsnummer, og bruka på garden sitt bruksnummer.

Gardsdelinga held på eit vis fram også i våre dagar,  etter at jordbruksnæring er blitt uaktuelt for dei fleste. Dei som vil byggja på garden, utan å vera gardbrukar i eigentleg forstand, må skilja ut tomta som ein parsell med eige bruksnummer. Såleis ser me at gardar flest i dag har langt fleire bruksnummer enn kva me finn av faktiske jordbrukseiningar. Til vanleg vil dei lågaste bruksnummera representera dei såkalla hovudbruka, medan høgare nummer står for mindre bustad- og fritidseigedommar.

Gardbrukaren kjenner me også under tittelen bonde, også det er ei nemning med historisk sus. Ho reflekterer eit anna kjenneteikn ved jordbruket som næring: Når gardbrukaren kultiverer – eller dyrkar – jorda, medfører det at han vert bufast. Jorddyrkaren vert buandi, som det heitte i norrøn målform, eit uttrykk som har gjeve oss nemninga bonde. I vårt land reknar me at denne omlegginga frå ekstensivt haustingsjordbruk til ei meir intensiv, stadbunden næring, skjedde i yngre steinalder.

Nemninga gard har altså bakgrunn i det gamle bondesamfunnet og kjennest nødvendigvis ikkje meiningsfull som heimstadnemning for menneske i vår tid. Likevel ser me at gardsnamna framleis er sentrale områdenemne i lokalsamfunnet, og i kommunal forvaltning er garden viktig som geografisk referanse. I lokalhistorisk samanheng vert han også eit viktig omgrep, jamfør dei mange gards- og ættesogene; dette kan nok sjåast i samanheng med at mykje av kjeldetilfanget i offentlege arkiv er ordna etter gard.

tm02

Loading