Koleragravplassen

Den paa Gaarden Sønstabøes Grund beliggende Gravplads 

Oppe i Mehus utmark ligg ein gamal gravplass, 17 x 17 m, innhegna med steingjerde.  Kyrkjegarden vart oppretta i samband med kolerautbrotet vinteren 1849, og vigsla 9. juli dette året.

Kolerafarsotten i Sunnhordland
Sommaren 1848 gjekk det ut melding frå styresmaktene i Christiania om at ein koleraepidemi var på veg frå Austen og no var komen til St. Petersburg.  10. desember døydde ei kvinne i Bergen av sjukdommen, og fram til april 1849 vart det registrert 605 koleradøde i Bergen.

Epidemien spreidde seg m a  sørover til Egersund, og vart rekna som over ved det siste dødsfallet, 1. juni i Stavanger.  I følgje kyrkjebøkene for bygdene i Hordaland, døydde 610 menneske i kolerasykja.

Fyrste veka i februar 1849 bryt farsotten ut mellom fiskarane i Espevær og deretter til heimbygdene deira, til eit maksimum i slutten av februar.  Siste dødsfallet i regionen kjem i Etne 24. april; til saman er no 171 menneske døde av kolera i Sunnhordland. I Finnås vart det registrert 67 koleradødsfall; 4 i Moster, 32 i Bremnes, 10 i Bømlo og 21 i Sveio sokn. I tillegg vart 33 koleradøde frå andre prestegjeld gravlagde her, dei fleste i Bømlo sokn.

Cholera asiatica
Kolera artar seg som akutt magesykje, med oppkast og voldsom diaré, som på kort tid tørkar ut kroppen. Dødsprosenten var i 1849 opp til 75% av dei som vart sjuke. Kolerabasillen vert overførd i oppkast og avføring; dels direkte frå sjuke til friske personar, dels indirekte ved ureining av mat og drikkevatn. Sjukdommen er soleis svært smittsam. Inkubasjonstida er ein til to dagar.

Veiledning for Menigmand til at behandle den ondartede Cholera-Sygdom

Offentlege tiltak
For  å setja i verk nødvendige tiltak i høve farsotten, kom det statleg påbod om å skipa såkalla sunnhetskommisjonar i prestegjelda. Slike kommisjonar var forresten oppretta allereie på 30-talet i samband med ein koleraepidemi på Austlandet. No vart sunnhetskommisjonane mobiliserte på nytt. 

I vårt prestegjeld vart det etablert sjukestover i Espevær og på Torsdagsøya (i nærleiken av Brandasundet). Desse lasaretta skulle særleg ta imot og behandla – etter den tids avgrensa evne – kolerasjuke fiskarar i desse to sentrale fiskeværa.

Epidemien kom til bygdene våre på den verst tenkjelege tida. Vintersildfisket samla mykje folk frå mange bygder. Fiskarane budde trongt, og dei sanitære forholda var  primitive. Desse tilhøva gav farsotten god bør. 

Sunnhetskommisjonen oppretta også særlege gravplassar for koleradøde. Fem slike kolerakyrkjegardar finst på Bømlo. Dette tiltaket hadde å gjera med smittefaren. Ein frykta at smitte kunne spreia seg med sigevatnet frå gravplassen, og dessutan meinte ein det var risikabelt når ein på dei vanlege kyrkjegardane skulle grava opp nye graver der koleralik hadde lege tidlegare. Koleragravplassane skulle soleis heilst liggja på høgt og fritt lende. 

I  det heile var det sterke forestillingar om smittefaren ved koleraen, og det kunne stundom vera vanskeleg å få folk til å ta seg av dei sjuke. Ei kvinne frå Vespestad, som sjølv overlevde kolerasykja, fortalde at når folk bar koleralik til grava, hadde dei oljeklede på, og smurde nevane inn med raudtjøre (Bømlo bygdebok bd 3, s 350). Frå Nord-Hordland vart det fortalt at ei jente på ein avsidesliggjande gard hadde fått sykja ved at ho plukka opp infisert sengehalm som hadde reke i land i stranda.

Trass i eigne gravstader, ser me likevel av kyrkjebøkene at mange av koleraofra vart gravlagde på dei allmenne kyrkjegardane. Lokaliseringa av gravplassen ved Sønstabøvågen kan sjåast i samanheng med omsyna som er nemnde ovafor. Han ligg i eit utmarksområde som drenerer bort frå busetnaden, likevel ikkje lenger frå innmarka enn at tilkomsten er lett. Dertil var Sønstabøvågen ei sentral hamn på vestsida av Bremnes.  Sunnhetskommisjonen tenkte seg at det særleg vart bruk for gravplassar i nærleiken av fiskeria.

Kyrkjebok for Finnås (Nr 6 1849), måndag 9. juli:  Den pers. Kapellan indviede paa Sognepræstens Vegne … 2de i Bremnæs Sogn til Coleradødes Begravelse udtagne Begravelsespladse, nemlig: om Formiddagen den paa Gaarden Sønstabøes Grund beliggende Gravplads, hvor 3de Liig bleve gravfæstede, og om Eftermiddagen den paa Gaarden Ærvigs Grund beliggende Gravplads, hvor 12 Liig bleve gravfæstede.

Tre døde vart altså gravfeste oppe på Mehuskjøl denne dagen.  Dagsregisteret til sokneprest Holst fortel oss kven:

Marthe Pedersdtr., 43 1/2 Aar, død 25.2.49
Gaardmand Endre Pedersens Hustru, Øvre Næset

Helga Endresdtr., 66 Aar, død 3.3.49
Gaardmand Ole Pedersens Hustru, Nedre Næset

Anne Cathrine Endresdtr., 74 Aar, død 4.4.49
Gaardmands-Enke, Sønstabø

Anne Cathrine ovanfor hadde vore gift med Halvard M Sønstabø (f 1769), og Helga var syster hennar.  Marthe var svigerdotter til Helga. Desse tre kvinnene kan ein finna i Bømlo bygdebok bd 1 under Øvre Nese (nr. 15 og 27) og Sønstabø (nr. 53). Yngste dotter til Anne Cathrine, Marta, vart også offer for koleraen, ho budde på Hallaråker.

På Hallaråker
Den garden i prestegjeldet som vart hardast råka av farsotten, var Hallaråker.  Marta Halvardsdtr. døydde 25. februar, og mannen, Ole Størksen, heldt gravøl etter henne. Det skulle visa seg å vera vågalt, tre veker seinare var 11 grannar døde av kolera:

 6.3.    Hans Nielsen, 63
11.3.    Anna Gundersdtr., 39
11.3.    Rasmus Johnsen, 82
12.3.   Mari Rasmusdtr., 78
13.3.   Rasmus Olsen, 8
16.3.   Cathrine Andersdtr., 67
16.3.   Sidsella Hansdtr., 49
16.3.   Rasmus Olaus Olsen, 2
19.3.   Niels Jacob Olsen, 6
19.3.   Margrethe Olsdtr., 6
21.3.   Kari Olsdtr., 85

Kyrkjeboka fortel: 10de April (3ie Paaskedag): Sognepresten forrettede Jordpaakastelse paa Fagervolden Kirkegaard i Bremnæs Sogn.  21 Døde gravfæstedes, hvoriblandt 3 dødfødte Børn.

Under 2. verdskrigen
– vart to tyske flygarar som havarerte utanfor Sønstabøvågen, gravlagde på kyrkjegarden på Mehus. Dei vart seinare flytta til Bergen, og ligg truleg på Solheim gravplass, saman med over tusen andre tyske soldatar. Gropa etter desse gravene er framleis synleg ved sør-austre hjørnet av koleragravplassen.

Status i dag
Soknerådet i Bremnes la i 2004 ned kolerakyrkjegardane i soknet, dei er no overførde til kulturetaten sitt ansvarsområde.

Kjelder:
Sunnhordland årbok 1982:  Fire artiklar om koleraepidemien, særleg
– Egil Nysæter: Koleraepidemien i Sunnhordland 1849
– Tore Lande Moe: Ein førebels rapport om kolerakyrkjegardane i  Sunnhordland
Kyrkjebok for Finnås, 1849
Bømlo bygdebok, bind 1 og 3
Austevoll kultursoge 1

tm95

Loading