Sønstabøvågen

Gjestgjevarstaden

Dei er nok mødde no, karane, så langt som dei har rodd. Likevel legg dei ekstra kraft på årene det siste stykket inn vågen, skal liksom ta seg heilt ut. Dessutan er det om å gjera å lenda med stil. Stivbeinte entrar dei bryggja og ser seg om etter folk. Ved norda sjøhuset finn dei open dør, og straks innafor, eit rufsete oppslag på gulna papir som listar opp kva for fasilitetar ein kan nyta ved Gjæstgiverstedet Søndstabøvaag.

Heilt tilbake til middelalderen skal det ha funnest gjestehus langs ferdslevegane i landet vårt, der ferdafolk kunne søkja losji når dagsreisa var komen til endes. Kor omfattande denne ordninga var så langt tilbake i tida, i våre bygder, veit ein for lite om. For å finna eit nokolunde fast fotfeste for ei skildring av gjestgjevartradisjonen her hos oss, får me difor nøya oss med dokumentasjon frå 1600-talet og utetter. Eitt utgangspunkt er ei statleg forordning frå 1648 om organisering av skyss- og gjestgjevartenester i kongeriket. Her vert gjestgjevarstader langs skipsleia omtala, dei har til formål å skaffa nødtørftig Øll, Mad samt Logement og Natteleie  for reisande. 

Når det er tale om skipsleia langs Bømlo, var det frå gammalt den indre leia –  inn Bømlafjorden og opp Stokksundet – som var hovudleia. Seinare vart den ytre leia også meir trafikkert i og med sildefiskeria her vest. Me har valt å oppsøkja ein gjestgjevarstad ved ytre lei. Han er ein i ei rekkje med gamle handelsstader rundt øya: Bømmelhamn, Mosterhamn, Spissøy, Foldrøyhamn på austsida; Espevær, Hiskjo, Sønstabøvåg, Øklandsvåg og Brandasund på vestsida.

Om gjestgjevarstaden Sønstabøvågen står det å lesa i Forklaring over Gjestgiverierne og Kræmmerleierne i Sundhordland og Hardanger Fogderi 1739. Staden vert omtala som heilt nødvendig for dei som skal reisa til og frå fiskeriet på Bremnes, fordi det farlege sundet – Bremsund kaldet –  gjer at dei kan verta liggjande vêrfast i lang tid. Dessutan har allmugen omkring trong for å kunna skaffa seg nødvendig fiskeutstyr, ein skjønar altså at gjestgjevarstaden etter kvart også vart ein handelsstad. Det eldste gjestgjevarløyvet ein kjenner til, skriv seg frå 14. desember 1692.

Ved å oppsøkja gjestgjevarstaden midt på 1800-talet, vil me sjå at to av sjøhusa er innretta med tanke på gjestgjevartenesta. I det eine finst to tømra rom  der reisande kan innlosjerast, dessutan finst på lemen over krambua, lenger oppe i Vågabrekko, eit tømra rom med omn. I det andre sjøhuset finst kjøken og stove, med nymotens papirbetrekk på veggene og ein diger etasjeomn. Me står altså i skjenkjestova på staden, eller bondestova, om ein likar den nemninga betre. 

Dei tinglesne takstane for gjestgjeveria fortel oss noko om kva for tenester den reisande kan kjøpa:

Varmt Værelse med Seng, pr Døgn, 24 Skilling.
Koldt Værelse med Seng, 16 sk.
Skjænke- eller Bondestuer til simple Folk, 2 sk pr Person.

Av dem som blot avtrede paa Gjæstgiveriet men ikke nyde noget,
betales naar de opholde sig een halv Tiime eller der over, om Sommeren eller i et koldt Værelse, 4 sk; om Vinteren eller i et varmt Værelse, 8 sk pr Person.

Ein treng slett ikkje koma langvegs frå for å ha noko å gjera i bondestova hos gjestgjevaren. Her kan dei lokale oppsitjarane sløkkja tørsten, først og fremst med øl, men her er også tilgang på brennevin. Rett nok kom det midt på 1700-talet restriksjonar på sal av sterke saker til andre enn reisande, men bonden vert vel i lengste laget rekna som turist når han først er komen innom dørene. Her er samlingsstad for gardsfolket, og stig framandfolk i land, vert nok skjenkjestova ekstra eksotisk og tiltrekkjande.

1 Contoirkop Kaffe, 8 sk
1 Portion Smørbrød, 6 sk
1 Portion varm Middagsmad, 24 sk
1 Fl Rød Viin, 48 sk
1 Dram fransk Brændeviin, 4 sk
1 Eggedram, 10 sk

1 Fl Øll, 3 sk

Kven var så dei reisande som hadde trong for traktering og losji? Kven var til dømes dei ferdafolka som kom inn vågen hin onsdagskveld seinsommaren 1847?

Klagande klynk frå keipane – med gjenlyd i Klampabrotet – melder fylgjet sin ankomst på hamna. Ein seksæring med fire mann, tre par nevar på årene, og i rongjo sjølvaste skrivaren. Dei tok ut frå Undarheim i Kvinnherad tidlegdags, og no er det kveld. Gjestgjevaren har tillyst jordskifte. I tillegg til sorenskrivaren er her alt komne tre karar frå Sakseid, og i morgon kjem lensmannen siglande frå Moster med sine skysskarar. Forretninga let seg ikkje avslutta på ein dag, så her vert det trong for herberge i fleire netter – og kan henda også dram.

Skrivaren som er nemnd ovanfor, var forresten Mons Lie, far til den då 14 år gamle diktarspira Jonas. 

Gjestgjevarstaden var altså losjistad for embetsmenn med fylgje i teneste ute i distriktet. Dertil kan ein ha i tankane det store tilsiget av folk under vintersildefisket, losjikapasiteten ved fiskeværa vart nok utnytta då. Og sjølv om mykje av mannskapa på dei mange fiske- og føringsfartøya losjerte ombord, hende det nok at einkvan gjorde seg ærend inn til gjestgjevaren medan dei venta på silda. I 1848 mottok ordføraren i Finnås klage over ulovleg brennevinsskjenking ved fiskeværa under sildefisket. Ordføraren, Gudmund Eriksen, var gjestgjevarson frå Sønstabøvågen, så han var nok kjend med tilhøva. 

Ferdafolk på gjennomreise, var her ikkje kvar dagen å sjå. Før dampskipa mot slutten av 1800-talet tok seg av persontransporten på kysten, måtte folk skaffa seg skyss på andre måtar. Hadde ein eit ærend til ei anna bygd i prestegjeldet, så var ikkje avstandane større enn at ein tok seg fram på dagen i eigen båt, om ein ikkje gjekk markavegen. Langvegsfarande hadde gjerne hyrt seg passasjerplass hos ein frakteskipper, og då vart gjestgjevarstaden nytta for natta. Det var trongt om  bord på jekta, og det var ikkje sjølvsagt at det var køyplass til passasjerar. Men, som nemnt tidlegare, det var nok hovudleia på innsida som oftast førde slike turistar framom.

Etter den tidlegare nemnde forordninga fanst det eit organisert skyssvesen der bønder var pliktige til å syta for skyss mellom faste skyss-stasjonar, i utgangspunktet med ei mils avstand. (Ei gammal norsk mil var 18 000 alner dvs 11,3 km.) Mange av gjestgjevarstadene var truleg slike stasjonar. Korleis denne ordninga vart praktisert hos oss, er lite kjent, og kan vera verd eit studium i seg sjølv. Embetsreiser, som den som er nemnd ovanfor, føregjekk ofte med eigen organisert skyss, kan det sjå ut som. 

No får me ikkje gløyma at gjestgjevaren etter kvart også vart handelsmann. Fram til 1842 hadde byborgarar einerett til å driva handel. På landsbygda kunne difor handel utøvast etter kongeleg løyve via ein bykjøpmann. Gjestgjevarstaden vart ofte eit slikt privilegert kræmmerleie. 

Når gjestgjevaren fekk sitt kræmarløyve, innebar det ei liste over kva for varer han hadde lov å handla med.  Då Ole Eriksen i Sønstabøvågen fekk sitt løyvebrev i 1786, ramsar det opp om lag hundre ulike vareslag i tillegg til alle slags Brød og ædende Vahre. Her var blekkpulver, skytegevær, synåler, møllesteinar, kompass, bøker, tauverk, pennefjører, hattar, vadmål osv osv. Så mykje av dette hadde nok ikkje gjestgjevaren på bua, men han kunne altså skaffa. Dersom han derimot sjakra med andre varer, kva no det skulle vera, vanka det trugsmål om bot og beslag.

Mangt var her altså å få kjøpt, men mindre var det for bonden å betala med. Ofte gjekk det i naturalia, slik vart gjestgjevarstaden for marknadsplass å rekna. Kræmaren omsette både jordbruksprodukt og fisk, og ingen måtte gå han i næringa.

Gjestgjevarstaden sin senterfunksjon kom også til uttrykk gjennom bygningsmiljøet på staden.  I tillegg til gjesterom, hyste sjøhusa i vågen verksemder som sildesalting og bøkring. Krambua oppi bakken er alt nemnd; her var to eldhus: smie og bakeri. Og så hadde naturlegvis gjestgjevaren eit staseleg våningshus, bygt etter byskikk, med kvit oljemaling på fasaden, som det høver seg storfolk. I stabburet var det rom for tenestefolket, i alle fall for drengene, tausene stod seg vel best på å ha natteleie annanstad. 

Lat oss no sjå litt på miljøet i vidare forstand.  Som bygningane vitnar om, var her mangfaldig verksemd i vågen i førre hundreåret. Handelsmannen rekrutterte nok arbeidskraft frå gardane kring handelsstaden, men i tillegg til dette var her ein betydeleg busetnad i sjølve vågen, størst truleg midt på 1800-talet. Folketeljinga frå 1855 registrerer såleis 55 fastbuande i Sønstabøvågen. Dette er folk som på ymse vis er knytte til den økonomiske aktiviteten i vågen, og i tal er dei fleire enn det samla folketalet i dei tre gardstuna i handelsstaden sitt oppland.

Det var ikkje berre heimfødingar som trødde treskoa i vågen. Tausa som serverte våre langvegsfarande, var ei ungjente frå egersundskanten. Han som sytte for brødet – og ølet, var jærbu. Smeden var også ein tilreisande, frå Valdres,  kona kom frå Hardanger. Her var ein skomakar, han var bergensar. Den unge kona til Ingebrigt’n på Neset var henta frå Lofoten. Det var med andre ord mange målføre som lydde veggimellom på gjestgjevarstaden vår i hine dagar.

Utetter andre halvdelen av 1800-talet aksla ei ny tid seg fram når det gjaldt samferdsle. Dampskipet vart bindeleddet mellom bygdene og byen, og gjestgjevartradisjonen langs leia fekk dermed sin ende. Då hundreåret gjekk ut, stod bondestova i Sønstabøvågen, med sitt papirbetrekk, til nedfalls. 

Kjelder:
H G Endresen: Gjestgiverier og kremmerleier (Sunnh. årbok 1954)
J Gjerdåker: Postvegane i Hordaland (Bergen 1997)
J H Munksgaard:  Gamle handels- og gjesgiversteder på Vestlandet, Del 1 og 2
–     Artikkel om same tema i Kulturhistorisk vegbok for Hordaland
K Robberstad: Finnås for hundrad år sidan (Sunnh. årbok 1948)
F Scheel: Kystfarten før dampskibene (Den norske sjøfarts historie, bd 2, 1935)
S Steinsbø: Litt om sælehus på Vestlandet (Sunnh. årbok 1989)
–    Bømlo bygdebok bd, 1
Branntakstar frå Sønstabøvågen 1860, 1872, 1896
Jordskiftedokument frå 1847

tm98

Loading