Bauta

Nei
her finst ingen pyramide
– sarkofag og mumie 
inkje tempel
for glamorøse gudinner

berre uflidde steinar
slipte med forn tids tolmod
og lødde av gråe nevar
langt attende

Leimerke
for trøytte rorskarar
– kanskje

méd
for hemmeleg fiskeplass

tidsfordriv
i ventinga før sildeinnsiget
– eller

bauta
for henne
han ikkje kan gløyma

 

tm13

Loading