Tomme hus

Me har utsikt til fleire hus kor det bur eldre.
Rutinane deira er dei same, dag etter dag.

Ein morgon merkar me at lyset ikkje kjem på til vanleg tid,
leitar fram telefonnummeret og ringjer.

Nei, det var berre lyset i stova som var i uorden.
Så blir det gjerne ein prat og «takk for at de ringde».

Og rutinane fortset å vera dei same dag etter dag. Same klokkeslett.

Ein dag kjem ikkje lyset på i det heile. Ein undrar, og ringjer. 
Ikkje svar.

Går rundt på golvet, og ringjer til slutt ein av borna. 
Forklaringa er slik me frykta.

Etterpå står det tomme huset der med sine svarte vindaugo.


Bilete og tekst: Jan Willy Folgerø-Holm,  24.11.2020

Loading