Pressemelding

Kystsogevekene 2000

Eit lokalhistorisk tusenårsprosjekt:

Signalstasjonen Sønstabøvågen

Etter å ha vore tagal i nærare 190 år, er klaffetelegrafen i Sønstabøvågen på ny talefør. Signalstonga som staut ter seg fram mot horisonten,  står åleine denne gongen, utan andre å kommunisera med langs bergensleia, men så har ho lukkelegvis heller ingen fiendar å melda.  Heretter får ho nøya seg med status som kulturminne.  Laurdag 26. august vert det høve til å vera med på den offisielle opninga av den atterreiste kystsignalstasjonen.

Krigsåra 1807-14 var ei sers hard tid for folket vårt. Kysten var  blokkert og all handel med utanverda var praktisk talt umogleg. Den viktige tømmereksporten, for eksempel, var ramma, og den livsnødvendige tilførsla av matkorn likeså. Tusenvis av norske sjømenn heldt på å forkomast i den engelske prisonen, familiefedrar og søner som mildt sagt hadde anna å gjera enn å gå til grunne som krigsfangar. Oppå dette kom så nokre av dei kaldaste vintrane ein kunne minnast, med avlingssvikt og sveltihel.

Det var som forsvarstiltak under denne krigen at den såkalla Kysttelegrafen vart skipa i 1808. Tre optiske signallinjer vart bygde langs norskekysten for å varsla fiendtlege åtak frå sjøsida. Den austafjelske linja gjekk frå Hvaler til Hidra, med avgreining til Akershus festning; den vestafjelske frå Hidra til Fedje, innom Bergenhus. Den nordafjelske linja gjekk frå Stadlandet til Kristiansten festning i Trondheim.  

Lite har me visst om denne innretninga før Norsk Telemuseum, i samarbeid med Risør museum, på 1990-talet grov fram og publiserte dokumentasjon om henne. På Bømlo har underteikna i fleire år arbeidd med å samla kunnskap om dette avsnittet i lokalhistoria, og har no bygd og fått reist ein klaffetelegraf slik han stod ved Hoved Stationen Synstaböe Wogen.  Tidlegare har telemuseet rekonstruert telegrafen fleire stader i landet, men signalstonga i Sønstabøvågen er førebels den einaste som  er å sjå langs Den vestafjelske linja, som til saman talde 74 stasjonar. 

I tillegg til å vera eit krigsminne, kan denne optiske telegrafen sjåast som eit  innslag i telekommunikasjonshistoria. Omkring 1800 var han eit revolusjonerande framsteg i forhold til den tusenårgamle ordninga med eldsignal. Midt på 1800-talet kom den elektriske telegrafen i bruk i regi av dåverande Telegrafvæsenet; utviklinga i vår eiga tid, ikkje minst det siste tiåret, har som kjent gått fortare. 

I samarbeid mellom Norsk Telemuseum, Kystsogevekene og lokale eldsjeler vert det offisiell opning av signalstasjonen ved Stornesvarden laurdag 26. august, kl 1500. Velkommen til markeringa av dette uoffisielle tusenårsprosjektet! Sjå også Kystsogevekene sine lysingar.

Sønstabøvågen, 7. august 2000
Torleif Meling

Loading