Potetkjellaren



Eit sælt minne

Saman med mor
henta setjepoteter
frå Majo sin jordkjellar

Spennande for gutesinn
med hyttedraum
Mellom berg og opplødd mur
inn i jorda sitt indre

Eksotisk krypinn for smårollingar
frostfritt gøyme for åkers avling

Mor delte poteta i to
såg til at halvene hadde auga
før dei vart sette til groings
Sidan viste potetnabben veg
ned i nyspadd åkerseng

No har torvtekket falle
mor er borte
åkeren
– og nabben

tm 2026

Loading