Kristian fortel 23

Til fjells med smalen 

To gonger på midten av femtitalet fekk eg vera med å frakta sauene til fjellbeite i Etnefjellet. Flokkar vart lenda både i Rafdal og Markhus i Åkrafjorden, og den eine gongen vart det også ført sauer til Kyrping. Transporten gjekk med ei vanleg fiskeskøyte, vel 40 fot lang, med maskinist og skipper som hadde trening i å frakta sau. Skøyta kom inn til kaien i Sønstabøvågen om morgonen, og hadde då med seg ein eller fleire flokkar frå andre bruk. Desse saueflokkane kom, slik eg hugsar det, frå gardar som låg langs nordsida av Storavatnet, og vart drivne ned til Urangsvåg som var utgangspunktet for reisa. Sauene og lamma frå Sønstabø vart drivne i samla flokk ned til Vågen og løfta over rekka og ned på dekk. Lasterommet var og i bruk. 

Det mest spennande på turen var reisa gjennom Kulleseidkanalen. Då me nærma oss vippebrua, gav skipperen nokre «støyt» i fløyta, og brua vart vippa opp slik at masta ikkje skulle treffa bruspennet. 

Turen langs Bømlafjorden og inn Åkrafjorden tok si tid og verka lang for ein gutunge. Ein gong vart det eit avbrekk då ein av sauene midtfjords hoppa over rekka og hamna i sjøen. Skøyta måtte stoppa, snu, og manøvrera slik at sauen flaut langs båtsida der det var minst avstand frå rekka og ned til sjøoverflata. Med ein båtshake i klaven vart sauen løfta forsiktig opp slik at det vart råd å få eit tjukt tau rundt sauebogen. Vatnet samla seg i ulla, og det vart eit tungt løft å få sauen om bord. 

Alle sauene hadde ein galvanisert klave med namnet til eigaren rundt halsen. Det var Hermann Sjøvoll som laga og prenta dei fleste klavane. Mange av dei vaksne sauene hadde bjølle i klaven. Både sauene og lamma hadde eit kutt i eine eller begge øyrene som kjenneteikn. For lettare å skilja dyra ved lossing, hadde eigaren måla ein sirkel på kvar side av sauen med «sin» farge. 

Framme i Rafdal vart dei dyra som skulle gå på fjellbeitet der, lempa på land, og eigaren dreiv dei frå kaien og opp til beitet. Deretter reiste skøyta inn til Markhus der resten av sauene med eigar gjekk på land. 

På heimturen måtte me innom og henta dei karane som skulle om bord i Rafdal. Eine gongen var dei ikkje komne ned frå fjellet, så far og eg gjekk dei i møte opp den smale, bratte hårnålssvinga vegen. På kaien stod tre jenter på min alder. Då me kom opp til den første svingen, sat dei same jentene i grøftekanten. Dette gjentok seg ved neste sving. Dei tok den bratte snarvegen beint opp. Det var nok ikkje kvar dag dei såg ein ny jamgammal gut. På vegen heim vart det natt, og eg la meg i ei lugarkøy for å sova. Sjølv om det ikkje var ein einaste sau att i båten, høyrde eg blektinga like klårt som då båten var full av dyr. Slik var det også natta etter då eg sov heime i eiga seng. 

Om hausten reiste dei vaksne på sauesanking. Då tok dei den kvite sekken dei hadde klede i på sildefisket med som eplesekk. Epla dei kom heim med, var ofte skurvete og sprukne, men dei hadde ein god, søt smak. Ofte kom sankarane heim og mangla ein stor del av flokken, men dei fleste sauene og lamma kom til rette etter kvart og vart frakta heim med ulike former for skyss. 

 380 total views,  1 views today