Krigen

Maurits fortel

Tvangslevering av høy og poteter under krigen

Me fekk pålegg om å levera høy og poteter til tyskarane. Dagen kom då me skulle til Melingsvågen med beholdningen. Det var Mikal Sønstabø, Ole H. Mehus og meg. Kom til Litla Brømsund og venta der for Tjuaholet på at sjøen skulle roa seg litt. Dei sa at etter tre rier blei sjøen rolegare og då skulle me ro. Me kom oss nord og fekk kartert pariet. Det var ikkje beste sort me hadde i førnaden. Potetene var ofte utsette for frost i dårlege potetkjellarar, og under krigen var det særs kalde vintrar, så noko prima vare var det ikkje.

Nett før me skjulle fara heim att, kom eg til å sjå ner i båten, og der såg eg Ola Mehus var kommen i orvelte. Han var so gikta-broten og då han skulle setja seg på framtofta, vart det til det at han kapseiste og vart liggjende på rygg på tilja i framskuten heilt attmed tofta og med føtene rett opp, så han kom ingen veg. Me fekk hjelpt han opp, og han let på at han var ein skitkar, far.

Me tok so på heimveg og var kommen  sør for Varnessundet, då kom Jonas Nordtun med motorbåten sin. Han hadde vore inn til Fjelberg med Torbjørn Selle som budde der då. Han hadde vore med «Sjøliv I», skøyta til Ole Halvorsen Nese på fiske. Jonas tok oss på slep og eg gjekk ombord til han. Me kom oss gjennom Litla Brømsund, men vaieren til roret var blitt so oppflisa at den sette seg fast i blokka, og me fekk ikkje retta båten opp, og han kjørte med god fart i holmen og braut sund kriet. Eg hoppa på land, og båten med karane i blei sleppt laus. Dei kom opp og henta meg, og Jonas sette full fart for å komma inn i vågen i tilfelle båten var lekk. Ja, slik enda den turen i krigens dage.

(kri = overgangen mellom stamn og kjøl)

Loading