Den historiske bakgrunnen
Napoleonskrigane er nemning på konfliktane i Europa frå om lag 1800 til 1815. Napoleons Frankrike var ein sentral aktør på den storpolitiske scena på denne tida. Hovudfienden var England, og ulike politiske alliansar vart skipa på kontinentet for å koma det mektige øyriket til livs.
I dette stormaktsspelet freista landet vårt, Danmark/Norge, i lengste laget å spela ei nøytral rolle. Kongen – eller rettare sagt kronprinsregenten, Frederik VI – la si ære i å halda denne posisjonen trass i at nøytraliteten ofte kom under press.
Så lenge England var herre på havet, lukkast ikkje Napoleon med sine militære utspel mot erkefienden. Han måtte freista ein alternativ strategi, økonomisk krigføring, å stengja alle handelsvegar til og frå Storbritannia. Seinhaustes 1806 proklamerte han den såkalla fastlandsblokaden: Alle kystnasjonane på kontinentet, som Napoleon kontrollerte, vart pålagde å stengja hamnene sine for engelske skip, og all handel med England vart forboden. I dette opplegget var den dansk-norske nøytraliteten eit stort problem for keisaren. Via Skagerrak kunne England framleis få tilgang til Europa.
England, på si side, fryktar no at det berre er eit tidsspørsmål før Napoleon skaffar seg kontroll også med Danmark-Norge, og kan setja den danske orlogsflåten inn i blokaden. Regjeringa i London vel eit drastisk tiltak. I august 1807 går den britiske marinen til aksjon i København og kaprar heile den danske flåten, og tilbyr samstundes danskekongen allianse mot Frankrike. Kronprinsen avviser frieriet frå England, provosert som han er av flåteranet, og landet vårt kjem dermed inn i krigen på Napoleon si side.
Historical background
The Napoleonic Wars were a series of conflicts fought in Europe between approximately 1800 and 1815. Napoleonic France was the dominant power on the European political stage during this period. Its principal enemy was Great Britain, and various political alliances were formed across the continent in an effort to defeat the powerful island kingdom.
In this struggle between the great powers, Denmark–Norway attempted for as long as possible to remain neutral. The king — or, more precisely, the Prince Regent, Frederick VI —took great pride in maintaining this position, even though the country’s neutrality was repeatedly put under pressure.
As long as Britain remained the dominant naval power, Napoleon was unable to defeat his arch-enemy through military means. Instead, he turned to an alternative strategy: economic warfare. His aim was to cut off all trade routes to and from Great Britain. In late autumn 1806, he proclaimed the so-called Continental Blockade. All continental coastal states under Napoleon’s control were required to close their ports to British ships, and all trade with Britain was prohibited. In this strategy, the neutrality of Denmark–Norway posed a serious problem for the French emperor. Through the Skagerrak, Britain could still maintain access to continental Europe.
Britain, for its part, feared that it was only a matter of time before Napoleon gained control of Denmark–Norway as well, enabling him to use the Danish navy to enforce the blockade. The government in London therefore took drastic action. In August 1807, the Royal Navy launched an attack on Copenhagen, seized the entire Danish fleet, and at the same time offered the Danish king an alliance against France. Outraged by the seizure of the fleet, the Prince Regent rejected the British offer, and Denmark–Norway consequently entered the war on Napoleon’s side.
tm2026
![]()
