11. mars 2002
Dette fann eg i ei avsidesliggjande mappe på harddisken min:
Resolusjon vedteken på Kyrkjemøtet 1996
Syndsbekjennelse
Vi er fanget som forbrukere.
Vi bekjenner at vi ikke vil ut av vårt fangenskap.
Vi søker etter trygghet ved å eie,
og døyver uro ved å kjøpe.
Vi gir ting for tid.
Vi bekjenner at vi elsker erstatningene.
24. oktober 2020 – Om interessa for fortida
Kva er det å seia om desse «gamledagane» me so ofte viser til – lengtar me etter dei? Fattigdom, blodslit og svolt; sotter og sykjer som tidleg la folk i grav; vankunne og overtru; gapestokken der ho som fødde «uekte» avkom, kunne spyttast på; bøddelen si øks over halsen til han som var i høyet med feil kvinne – er det dette som nærer nostalgien vår?
Kvifor skal me grava i all den gamle driten, spurde ein gamal granne – han er død no, men spørsmålet lever. Nei, det kan ikkje vera slikt me vil attende til når me drøser om sokalla gode, gamle dagar. Men det er gjerne ikkje unyttig å sjå seg tilbake likevel og reflektera over kor godt eit samfunn me har fått å leva i. Det går på fram med oss. Og kanskje spør me kvifor. Svaret kan vera lykt og stav for dei unge si ferd mot framtida – om ikkje anna.
26. september 2017:
Eit minne tileigna Den europeiske språkdagen
Brått vart eg heimsøkt av ei stor glede
Det var i ei syngjande forsamling
det hende
i fyrste strofa alt
Oftast er det ordet som vil hevda seg
ved sånne høve – eller tonen
her var det språket som tala til meg
Tenk å få eiga slikt eit språk
som ytrar seg so tett på tanken min
og talen
– og med slike lydlege krefter
Du vart nok riven med
av songen sin kjensleflaum
var det ein trave som terga inni meg
– fekk gjennombløytt ditt hjarta
Javel?
– men nei!
Eg står ved mi glede
og kjenner lukke
ved å ha eit so heimsleg mål
å spela meg med
15 . desember 1994:
Eg tjuvkikka på henne medan ho skreiv, sidan kom orda til meg.
Eg ser på augo dine
at du tenkjer
Eg ser på handa di
at du skriv
Varme
må dei tankane vera
og vakre
orda
252 total views, 2 views today