Frå krigen

Flyktningane i Otrahola


Hausten 1944 kom ei gruppe flyktningar til Bømlo. Dei kom frå Bergen der dei var etterlyste av Gestapo. Me veit ikkje kor mange dei var og heller ikkje korleis dei kom seg til Bømlo, men i alle fall enda dei opp i Sønstabøvågen. Motstandsfolk på Bømlo arbeidde med å skaffa båtskyss til Shetland, og i mellomtida vart flyktningane innlosjerte på Sønstabø. Dei fekk truleg overnatta i ulike heimar på garden, og på dagtid måtte dei gøyma seg i Storneshidlaren – Otrahola, som me sa. Eit eldre ektepar var så skrale og uttekne at dei fekk tilhald i heimehuset vårt, der dei fekk sova i mor og far si seng. Elles heiter det seg at det var ein ung fransk mann i gruppa. Kor lenge dette pågjekk veit me ikkje, men truleg nokre få dagar. Mor gjekk dagleg ut til dei med mat i eit spann, og Ingeborg fortalde at ho, som då var fem år, var med på desse markaturane; det heitte seg at dei gjekk for å pitla bær.

Så kom det ein telefon frå sentralen på Hollund. Styraren der var motstandsmann, og han skal ha sagt at „der er gåen nokre karar i land i Urangsvågen, og dei er på veg sørover.“ I denne samanhengen var «nokre karar» å forstå som Gestapo.

Då far fekk denne meldinga, skjøna han at han måtte få det gamle ekteparet ut av huset så fort det let seg gjera. Han fekk dei ned i færingen og fossrodde ut til dei andre som sat i hola. Han fekk sett alle ut på ein holme, truleg Komløya. Dei vart seinare henta der og frakta over Nordsjøen.

Far rodde heim og var så utteken og redd at han måtte leggja seg. Dokter Hus, som var aktiv motstandsmann, kom no frå Vikjo, der han hadde vore i eit sjukebesøk. Mor praia han då han kom forbi, og spurde om han ville komma inn og sjå til far. „Du kan helsa han og seia at dei kjem til å ta meg før dei tek han. Han må berre komma seg opp og i arbeid“, sa dokteren. Dagen etter, 6. oktober, vart dokter Hus teken av Gestapo. Han vart utsett for grov tortur på Gestapo si skøyte og også på Møllergata 19 i Oslo der han sat til krigen var slutt. Han fekk slita med helseplager livet ut.

Nokre år etter krigen kom det visstnok ei fransk kvinne til Bømlo. Ho var mor til den unge mannen/guten, og ville sjå plassen der han fekk hjelp til å komma seg unna Gestapo. Me har dessverre mangelfull kunnskap om denne episoden. Det vart ikkje til at me spurde foreldra våre om det.

Dette notatet er basert på informasjon frå syster Ingeborg, fødd 1939, som kunne hugsa at ho var med mor og leverte mat til folka i Otrahola.

Svein Kåre Meling, 2026

Loading