Busetnad

Mækjarvikjå

2024

Inst i Sønstabøvågen, mot sør, endar vågen i ein gryteforma poll, avgrensa for det meste av berg, men i sørvest av ein morenerygg som byggjer opp eit fem-seks meter høgt eid i dalsøkket sørover mot Kråkevikjå. Mot nordvest går også eit dalføre to-tre meter over havnivå, med gamle havbotnsavsetjingar.

Lokalt talar me om Vikjå, men frå gamalt er namnet Mækjarvikjå. Mækja var  namn på sumpplanta sverdlilje – gamalnorsk mækir betyr sverd. I våtlendet ved Mannaviketjødnå, og soleis inst i vika, kan det truleg ha vakse sverdliljer, som so har gjeve staden namn.

Ser me på Vikjå som kulturlandskap, finn me at langs fjæra og rundt praktisk talt heile pollen, er det dyrka mark, og lagd opp stein til over flodmålet slik at ein kunne ferdast tørrskodd langs stranda. Her skal me interessera oss for busetnadssoga i Vikjå sidan bygdeboka er lite utfyllande om dette – og til dels ukorrekt.

Anfinn og Kari
Dei fyrste me veit om som budde i Vikjå var Anfinn Endreson og Kari Oddsdotter, han frå Vang i Valdres, fødd 1812 på husmannsplassen Rosenvold, og ho fødd i 1825 på garden Kvestad ovanfor Nå ved Sørfjorden i Hardanger. 

I 1842 er Anfinn i arbeid på Kvestad. Om sommaren tek både han og Kari teneste i Mølstrevåg i Sveio der dei gifter seg same hausten. Etter å ha budd nokre år på garden Nordbø i Skjold prestegjeld, kjem dei til Sønstabøvågen i 1853. Her er det godt om arbeid ved handelsstaden grunna det gode sildefisket – mellom anna stort salteri og bøkkerverkstad. Dei har tre born med seg: Anna Gurine fødd 1843, Inger Carina, 1847 og Marta, 1850. 

Kor dei heldt hus her i fyrstninga er uvisst, men i 1855 er Anfinn skriven som strandsitjar, det vil seia at han bur i eige hus på leigd grunn. To år seinare får han tinglyst festekontrakt på hustufta og eit omkringliggjande jordstykke, Mækervigen kaldet. Familien tel no sju, Peder Andreas og Adolfine er komne til i Sønstabøvågen, 1854 og -56. Seinare miste dei dessutan eit gutebarn i fødsel, ved juletid 1861.


Ifylgje Halvor Svendsen (1923–2015) stod gamlestova truleg under berget her. Han meinte at steinen som i ettertid er røysa ut i sjøen nedanfor, kan vitna om det. Kanskje var det slik stova til Kari og Anfinn såg ut, slik ho er limt inn her?

Strandsitjaren hadde arbeid i smia til husbonden, Ole Mølstre. Smeden døydde våren 1865 og Kari sat att med tre born, dei to eldste var flytta ut. Marta var konfirmant dette året, med denne attesten: En udmærket flink Pige med særdeles Evner, ligeledes udmærket Flid og Opførsel. Same hausten finn me henne att i teneste på prestegarden; presten var privilegert slik, lærte dei unge å kjenna då dei gjekk og las, og kunne velja tyende frå øvste hylle. Inger Carina vart forresten i 1861 send til teneste i Granvin som 14-årig uconfirmeret Pige. Anfinn og Kari fødde ei ku og hadde nyleg sådd ei tønne poteter då han fall frå.

Kari vart ikkje sitjande lenge i enkjekår, våren 1867 kom her ein 30 år gamal arbeidssøkjar til vågen, også han tala valdresmål. Ole Thoresen var frå garden Holden i Vestre Slidre, fødd i Skrøviki. Truleg budde han fyrst som innerst hos Kari og etter eit halvt års tid vart dei gifte. Ifylgje kyrkjeboka melde dei flytting til heimbygda hans i 1869, men ein lensmannsattest fortel at dei selde huset til grunneigaren og drog til Amerika. Dei to yngste borna er ikkje konfirmerte i Finnås.

Stova etter Anfinn og Kari vart frametter heim for fleire leigetakarar. Då enkja etter Mølstre selde handelsstaden i 1895 tok ho unna to hus – på Ingebriktsneset og i Vikjå – såleis skaffa ho seg leigeinntekter i alderdomen i tillegg til vilkåret ho hadde hos den nye handelsmannen. Dei to stovene vart truleg ikkje rivne før nokre år innpå 1900-talet.

Hanna og Ole
Hanna Pedersdotter Fuglestad, som i mange år tente hos handelsmannen, gifte seg i 1872 med Ole Torgersen frå Tysnes, også han i teneste hos Mølstre. Dei losjerte fleire år hos Torgeir og Berta ved Tømmerhogjen – han bror til brudgomen og ho syster til brura – men i 1876 bur dei i Vikjå. Hanna og Ole var begge tilårskomne då dei gifte seg, og hadde ikkje born saman. Ole hadde ein son frå tidlegare, han var no sjømann, men døydde i ung alder. Ole og Hanna fekk berre tre år saman i eigen heim; i 1879 vart Hanna enkje, og sidan dei ikkje hadde festesetel på bruket, fekk ho beboelseskontrakt på stova av grunneigaren, og bruksrett til Pladset Mækervig – for to kroner i årleg avgift. Ho vart  buande i Vikjå til ein gong i siste halvdelen av 1890-talet. Ved århundreskiftet budde ho borte hos kræmarenkja, Madam Mønstre, og hadde status som tjenesteytende enke. Då husfrua døydde i 1901, flytta Hanna til broren Omund i Høyland ved Sandnes.

Ole og Synneva
Ved folketeljinga i 1891 tel Hanna sitt hushald i Vikjå tre personar. Her bur no eit eldre ektepar, Ole Tomassen og Synneva Nilsdotter; ho opphavleg frå Nymark i Tysnes, han var frå Helgeplass på Goddo, broren budde ute på Ingebriktsneset. Ole er omtala som fiskar, dagarbeidar med jordbruksarbeid og seinare som fattiglem. I unge år var han sjømann, men vart spedalsk og hamna på Pleiestiftelsen i Bergen. Han må ha kome over sykja sidan han nådde høg alder i Sønstabøvågen. Synneva og Ole hadde ein son, Tomas Olai (f 1860), som eg ikkje kjenner lagnaden til.

Ola er identisk med han som etter lokal tradisjon vart kalla Plassen, og kona Plassa-Synneva. Håkon i Hiskjo (1935–2024) fortalde at far hans, som kom til Sønstabø som sju års gutunge i 1902, hugsa desse gamle plassfolka i Vågen – fattige og gilde.

Arne i Vågen (1899–1992) fortalde at han hadde eit tidleg minne om då han som liten vart send til Vikjå av mor si med eit spann suppe til ein gamal mann som budde der. Synneva døydde av slag i 1903, i Vågabrekkå, 77 år gamal; Ole var fødd i 1820 og døydde i 1906, då budde han visstnok på Nese.

Maurits Sønstabø hadde forresten også noko å fortelja om denne Plassen. Han skal ha leigd eit myrlende hos Elias på Dalen, som han dyrka opp og hadde til potetåker. Avlinga vart god og neste året ville eigaren sjølv bruka åkeren, som sidan heiter Plassaholå.

På hovudbruket i vågen er det to teigar som vert kalla Plassasekene, om desse har namn etter denne plassmannen, og korleis samanhengen er, er uklart – kanskje var det her Ole dreiv som jordbruksarbeidar?

Jon og Marianne 
Jon Gunnarson Svortland, fødd 1856, gifte seg til jord på Hallaråker med Marianne Oline Jørgensdotter, f 1864. Dei selde sidan bruket og i 1893 er huslyden å finna i Vikjå. På krambua er husfaren skriven som John G Viken.

Ved folketeljinga i 1900 har Jon status som innerst, dagarbeidar og fiskar. Dei hadde seks born buande heime, dei tre yngste var fødde her. Den vesle stova  hyste dermed 10 personar, medrekna Synneva og Ole.  Då sjuande barnet, Bergit, vart fødd i 1902, budde huslyden på Fureneset på Lykling. I 1906 er Jon nemnd der som inderst, grubearbeider og fisker. Seinare flytte familien, som no hadde ti born til Bjørgjo i Valestrand, truleg omkring 1922, der Jon døydde to år seinare.

Gurianne og Severin
Me er fleire som enno hugsar Severin Svendsen (1878–1959), men Gurianne (1881–1938) døydde før me kom til. Ho var einaste barnet frå Halvor Larsen Mæland sitt fyrste ektekap; mora døydde då jenta var ei veke gamal, men ho fekk bera mora sitt namn vidare. 

Severin var son til Asser Svendsen, handelsmann i  Øklandsvågen. Fyrste gong me høyrer gjete han som vaksen, i folketeljinga 3. desember 1900,  er han ugift matros og er heimefrå – i Cardiff i Wales – ei viktig utskipningshamn for kol mellom anna. Ti år seinare er han gift, styrmann og fiskar, og bur i eige hushald i barndomsheimen med tre døtrer, Borghild, Gudrun og Brita. 

I 1918 kjem familien til Sønstabøvågen, her bur eldste syster til Severin, Ingeborg og mannen, Berge Olsen Meling, som no driv handelsstaden. No er endå fire jenter komne til: Ragna, Astrid, Marie og Selma. Dei kjøper det vesle gardsbruket Mækjarvika, med beiterett for ei ku i hovudbruket si utmark. Her kan dei flytta inn i nytt hus med løe, bygde av Nils Sønstabø og sønene Martin og Bernt; kua har dei med seg frå Øklandsvågen. I 1920 vert Rakel fødd, og endeleg kjem ein gut tre år seinare, Halvor etter morfaren. Det vert han som overtek bruket etter faren.

Bilete frå Sigve Meling: M/S Øklandsvaag

Halvor og Anna
Halvor gifte seg med Anna Gustava Salomonsdtr. frå Nordre Sele, fødd 1925. Dei fekk seks born: Gunn, Sverre, Marit, Svein, Reidun og Helge Arild. Halvor var fiskar, med notbruk og kilenot etter laks. Om han kan du lesa meir her.

Foto frå Tusen øyar, 1994: Jan Helge Halleraker og Anders Stavland

Det er yngste sonen og kona, Vaktapon, som no har teke over barndomsheimen, men før det hadde Sverre, gift med Berit, også busett seg i Vikjå.

tm 7.9.2024

Loading