Sjuketransport

Ei ambulanseferd omkring 1960

Det har ikkje alltid vore 15 minuttar køyretur frå Bremnes til eit akuttsjukehus, og måten ein dreiv naudarbeidet på for 60 år sidan er nok framandt for dei fleste som arbeider med slikt i dag, som for eksempel ein tur med ambulansen. Kurt Magne Folgerøholm fortel:

Ein sein haust-ettermiddag vitja distriktslegen ein pasient i heimen. Det gjaldt kona i huset, og dokteren avgjorde at ho måtte til sjukehuset på Stord, Furuly, og ho måtte transporterast på båre. Han tok kontakt med Martin Stavland som hadde ei stasjonsvogn til føremålet, ein «amerikanar» sjølvsagt. Martin var ikkje sein, han kontakta Ole Folgerø-Holm som eigde den vesle rutebåten «Aspøy» som var akkurat stor nok til å ta amerikanaren på tvers. Også ekspeditøren i Sagvåg blei varsla.

Alle involverte visste kva som måtte gjerast, men det var litt nervøsitet i rekkene, grunna ein aukande sydvest kuling. Heldigvis var det fløande sjø, noko som gjorde det enklare å køyra om bord. Då Martin, med pasienten i bilen, svinga ned på kaia i Rubbestadneset, låg «Aspøy» klar og gjekk i springen, med Ole i styrehuset og matrosen på dekk.

Martin gjekk om bord, sjekka sliskene som var lagde ut, veksla nokre ord med Ole før han gjekk i bilen og rygga om bord. Kilar vart slegne inn under hjula framme og bak, og straks Ola og Martin var nøgde, kasta ein laust og sette kursen mot Sagvåg.

Aspøy med «ambulansen» om bord. (Bilete med ukjent opphav)

Vinden byrja dra seg til no, i tillegg mørkna det, men det var opplett. Martin og mannen til pasienten sat i bestikken og heldt auga med bilen på dekket. Då matrosen var ferdig på dekk, kom han opp i styrhuset og tok rattet. Arbeidet på dekket hadde teke ekstra tid for det var ikkje mogelig å komma forbi bilen verken på babord eller styrbord side. Matrosen måtte difor gå ned framme, gjennom salongen og opp bak for å gjera klar akter. Same vegen attende til styrhuset.

Lykta på Osperøy kom opp på babord, men då var det slutt på lyktene, sidan sydvesten gjorde det lite freistande å ta Nyleia sørover. Ola gav korte kommandoar: «No føle du landet sørover.»  Jyskenakken, Stølalandet, Foldrøysundet. «No helde du tett inntil holmen.» Slik fylgde dei landet sørover til Sætraneset. Vinden var kvass, men her oppunder landet var det lite sjø. Ole visste korleis han skule gå for at slingringa, som ville auka på ned mot Sagvåg, skulle bli minst mogelig. 

Tvers av Holebøen kom ordren: «Ta babord og styr nett sørom Vikanes!» No opna han styrhusglaset for å få best mogleg sikt. Det var ikkje enkelt å sjå, for dekkslysa på «bildekket» måtte stå på så Martin kunne fylgja med bilen. Og då Aspøy «heiv te» mot babord, syntes han bilen lea på seg. Men gudsjelov, han gynga berre på fjørene. Amerikanar veit du! Men så fekk dei ein ny overhaling. «Fere bilen no?» utbraut Martin. Den stakkars ektemannen visste ikkje kva han skulle tru. «Kåno mi?» mumla han. «Å henna går da fint med!» sa Martin. 

Så var ein brått i le av vinden og kunne gå på sakte mellom alle stakane inn til Sagvåg. Martin køyrde i land, sjekka pasienten og køyrde vidare inn til Furuly. Etter ein god time var han attende. I mellomtida hadde Ole og matrosen fretta nytt i ein drøs på krambua til Magnussen.

–––

No kan ein tenkja på dei ledda i utviklinga som førde til at me er der me er i dag: Martin sin arvtakar, Per Stavland – etter kvart mest kjend som «sjuke-Per’n», ferja frå Siggjarvåg, Trekantsambandet og nyevegen, ambulansestasjonen i Hollundsdalen og brannetaten – ein svært viktig ressurs og støttespelar når ulukka er ute.

Ein tilleggsdimensjon i dette er at dokteren ikkje kunne ringa direkte til Martin Stavland, men måtte gå gjennom ein telefonsentral. Det måtte også dei andre telefonsamtalane. Dermed var desse sentralane reine informasjonssentra for kva som gjekk føre eg rundt i kommunane. Dette kan høyrast litt spesielt ut i dag, men den gongen var det ofte livsnødvendig at sentralborddamene visse kor dei ulike nøkkelpersonane var til ei kvar tid. Så var det sjølvsagt medvitne og umedvitne lekkasjar, men det var sjeldan det blei noko styr av den grunn.

Ein tilleggsdimensjon i dette er at doktoren ikkje kunne ringa direkte til Martin Stavland, men måtte gå gjennom ein telefonsentral. Det måtte også dei andre telefonsamtalane. Dermed var desse sentralane reine informasjonsentra for kva som gjekk føre eg rundt i kommunane. Dette kan høyrast litt spesielt ut i dag, men den gongen var det ofte livsnødvendig at sentralborddamene visse kor dei ulike nøkkelpersonane var til ei kvar tid. Så var det sjølvsagt medvitne og umedvitne lekkasjar, men det var sjeldan det blei noko styr av den grunn.

Jan Willy Folgerø-Holm 2018


Loading