Segn

Etter ein segntradisjon frå havbygda:

Skriket i Brømsund julaftan 1840

Han har godt drag på årene om han er i sitt syttiande år, Samuel Olsen, der han stemner sørover mot Brømsund, har vore i Øklandsvågen på julahandel. Det er skumt, men korkje vind eller sjø å nemna; om ein liten times ror skal han lenda heime ved Hallaråker. 

Samuel er i godlag – gamle kræmar Eriksen i Øklandsvågen skjenkjer jamt ein dram og to på julaftan – spyttar brunt over esinga medan han médar; ein ramn skrik på nord.

Samstundes som Samuel nærmar seg Litlabrømsund, står ein annan færing ut Sønstabøvågen, Ola Andersen Mehus vil ut og fiska. Straks utom Nordasundet er det som om han med eitt frys fast på tofta, årene låste i lufta. Eit fælsleg skrik høyrest utanfrå. Må ha vore attom Kvitaneset ein stad. Som eit draugerop, ei grov mannsrøyst. Ola vert kald om ryggen, og fælen. Det er visst seint på dag, og snart vert det mørkt; han snur båten og ror til lands.

Samuel vart seinare funnen død i båten sin ved Mannavikjo. Han hadde slagskade i hovudet. Det oppstod snart rykte om at han var drepen, og at det var Rasmus-Ola’n og drengen som hadde teke han av dage. Dei hadde lege i Tjuvaholet og venta til han kom framom. Rasmus-Ola’n var ute etter gardsbruket til Samuel, ville ein ha det til.

Ola  vart saksøkt for drap, den døde henta or grava og obdusert etter den tids evne. Ein fann spor etter brennevin i magen, og konklusjonen vart difor at Samuel sette livet til i fylla. Tiltalte vart frikjend.

Kjelder:
Hans Meling ( 1914–2001) i samtale 17.11.94
Bømlo bygdebok 1 s 670 og 676

tm061294

PS

Denne forteljinga er eit godt døme på korleis ei segn vandrar og får ulike variantar, dessutan kan ho ha eit lausaktig forhold til fakta; ifylgje kyrkjeboka døydde Samuel Olsen 23. mars 1840, ingen merknad om dødsårsak.

tm18

Loading