Posten

Posten kjem til gards

Fyrste gongen me høyrer snakk om eit postkontor i Bremnes, var under eit formannskapsmøte i 1854, men det skulle gå mange år før eit fast postopneri – som det vart kalla den gongen – vart oppretta 1. september 1863 i Sønstabøvågen. Handelsmann Ole Simonsen Mølstre fekk mynde som postopnar. Same dagen vart også kontoret ved Kuleseid etablert. På Hiskjo hadde det tidlegare, i åra 1848–52, vore postteneste i vintermånadene i høve sildefisket. 


Dei fyrste åra kom posten ein gong i veka – i fisketida to – per robåt frå Mosterhamn via Kanalen til Kråkestø ute i sønstabømarka. Herifrå gjekk postføraren til fots fram til postopneriet. Allereie frå 1840-talet hadde Mosterhamn faste anløp av dampskip, Både D/S Prinds Carl og Constitutionen  hadde stopp her (iflg. Jens J Sortland 1956). I Mosterhamn kom det postopneri i 1851.

Postverket si soge i Norge går tilbake til midt på 1600-talet. Postveska si ferd var organisert som stafett. Ungdomar som vart rekrutterte til teneste som postførarar, hadde som vederlag at dei etter sju års innsats slapp militærteneste. Fyrste postføraren i ruta vår var Posta-Lars’n, som han seinare vart heitande. Lars Larsen Svortland var fødd i 1845 (Bømlo Bygdebok 2, s 43). Han var soleis 18 år då han gjekk inn i tenesta i 1863; om han stod lenger enn dei sju pliktåra, er uvisst. I 1866 gifte han seg til jord på Stavland (BB2 s 7) og skreiv seg rimelegvis som Lars L Stavland slik skikken var.

Det var berre postopnaren som hadde fullmakt til å opna postveska. Dersom ei sending hadde adressat undervegs på ruta, la postmeisteren denne i eit eige rom fremst på veska, og frå dette rommet kunne postføraren levera ut brev før neste postopneri. Når skysskaren nærma seg postgarden, bles han i hornet for å melda at han var i kjømda slik at neste førar kunne gjera seg klar til sin etappe. I Sønstabøvågen hadde ruta endestasjon.

Den gamle markavegen frå Kråkestø til Sønstabøvågen kan me soleis på historisk grunnlag kalla Postvegen. I dag fylgjer han delvis Hiskavegen ned til Dalen kor han tek av til Kråkestø. Vegen var ei sentral kommunikasjonslinje for folket på dei gamle brømnesgardane. Anten ærendet var til prest eller lensmann, var dette beinaste vegen til Kuleseidkanalen. Den offentlege vegbygginga var enno ikkje komen i gang, fyrst i 1908 kom det køyreveg til grenda vår.

I 1875 flytta posten til Stavland, postopnar var Tønnes Trøiel – lærar, kyrkjesongar og ordførar, (BB2 s 16). Då han  døydde to år seinare, vart postopneriet flytta til Jens Salomonsen på Svortland. Etter han overtok sonen, Jens, til han overlét postopneriet til sin son, Jens d y, frå 1935 (BB2 s 52) – ein sterk tradisjon frå far til son i tre ættleder. 

Då dampskipsruta ytre lei frå Haugesund til Bergen vart oppretta omkring 1878, kom posten med D/S Karmsund til Øklandsvågen. Hit kom postopnaren frå Svortland og henta sekken. Seinare fekk Urangsvågen anløp av dampen, då fekk Postjens’n kortare og betre veg.

Krinsen vår fekk i 1901 postkontor hos Mons O Meling, frå 1955 med underliggjande brevhus i Sønstabøvågen, hos Arne Meling. I ytre gangen i våningshuset her vart breva om ettermiddagen lagde i kvar husstand si posthylle. Me gutane som voks opp i Vågen fekk etter tur fast arbeid med å henta posten på Meling. Løna var ei krone dagen i mi tid, med oppgjer ein gong i kvartalet, 38 kroner. 

Då Postverket i 1968 innførte postnummer, fekk Sønstabøvågen identiteten 5434. Det vart sidan ein nedtur for oss då brevhuset vart avvikla og me måtte nytta 5433 Meling som adresse. Trøysta var at også postkontoret på Meling snart vart nedlagt. Sidan fekk me landpostbod som dagleg frakta kravbreva til oss i våre eigne innkjøpte postkassar. I dag skriv me 5430 Bremnes, men kontoret er stengt; Posten Norge leiger plass til tenestene sine hos daglegvarehandelen, Post i Butikk heiter det no.

tm05/20

Loading