Kristian fortel 6

Sanking av tang og tare 

Konsernet Protan vart stifta i 1942 for å utvinna alginat frå tang og tare. Namnet er samansett av pro i produkt og tan i tang. Protan vart etter kvart verdas største produsent av alginatsyre. Stoffet kunne brukast i tannkrem, såpe, syltetøypulver og ei rekke andre næringsmiddelprodukt. Protan starta i 1961 ny fabrikk for produksjon av alginat på Vormedal ved Karmsundet. Fleire år før vart det oppretta mottaksstasjonar langs kysten for å skaffa råstoff, noko som opna for å spe på inntekta for dei som hadde tilgang til ein færing og ville skjera fingertare, eller skråma som me kalla algen. Den tid ville mottaka ikkje ta i mot stolpetare, som det var mest av. I 1963 starta sanking av stolpetare med taretrål. 

Far var blant dei første på Sønstabø som skar skråma. Skråma vaks på dei ytre skjera, og sankinga kravde sjøstille. I godvêr var det raskt å fylla båten til æsinga. Når båten var full, måtte skråma roast til ein stad der det var stort nok svaberg til å spreia henne for tørking. Me kalla tørkinga for å vodla (spreia ut) skråma. Skråma hadde ein fin brun farge i sjøen. Tørkinga tok om lag to døger. Kom det regn i den perioden, skifta fargen på skråma frå svartgrøn til lys gul, og vekta gjekk ned til det halve. Ettersom skråma vart betalt etter vekt og ikkje volum, kunne ei kraftig regnbye halvera fortenesta. Eg meiner å hugsa at tørka skråme på femtitalet vart betalt med 28 øre kiloen. 

Ungane starta med å sanka blæretang. Tangen kunne hentast frå land ved fjøra sjø, og vaks innanskjers. Då me kom over i storskulen, gjekk også me ungane over til å skjera skråma. Medan dei vaksne sto i båten og skar og hadde på seg oljebukse for å halda seg tørr, kunne me ta på oss badebukse og eit par utgåtte sko og stå utanfor båten medan me skar. Det var ikkje utan risiko, for fotfestet var glatt og stuttorven kunne komma til å kutta feil plass. Å ro med fullasta båt mot vodlingsplassen var heller ikkje utan fare. Det fekk Sigmund erfara på ferda over Sekkosen. Litt vindauke frå nord fekk bølgjene til å slå inn over æsinga så båten sokk, og Sigmund vart liggjande i vatnet. Heldigvis ligg Sekkosen i leia for dei som kjem frå Mælandsvågen og Straumfjorden og skal ut eller nordover, og slik vart han redda av ein annan ungdom i motorbåt. Det vart fortalt at Emil, far til Sigmund, kjøpte ei fin lommebok med ein femtikronesetel oppi som påskjøning til bergingsmannen

Loading